Fascinerande klangverd

<p> Kammermusikkserien som Symfoniorkesteret arrangerer har den siste sesongen hatt Tou Scene som hovudarena, og det har tatt litt tid for publikum å finne vegen til østre bydel i Stavanger for desse konsertane.</p>

Publisert: Publisert:
  • Rasmus Reed
    Sandnes
iconDenne artikkelen er over 13 år gammel

Sist fredag var konserten godt besøkt, og både konsertlokalet og plassen er godt egna for slike kammerkonsertar.

Bartoks seks strykekvartettar har fått status som det fremste som er skapt for denne besetninga, og nr 4 som vart spela på denne konserten står som den kanskje aller fremste blant desse. Formmessig er den symmetrisk om ein langsam midtsats, med ein scherzo og ein allegrosats på kvar side. Florian Kellerhals, Harald Grimsrud, Wouter Raubenheimer og Liv Opdal la for dagen stort engasjement og stor innleving i dette krevjande verket. Midtsatsen fekk den nødvendige ro og indre styrke, og soloane i dei ulike instrument fekk stå fram som individuelle utsegn, men samtidig med ein fin indre samanheng.

I førstesatsen vekslar stemmene heile tida mellom å vere i forgrunn og i bakgrunn, og bevisstheten om dette rollespelet kunne ha vore ennå tydelegare. Rytmen kunne og ha vore ennå fastare og strammare i enkelte parti, også i den fantastiske fjerde satsen der bogane blir lagt til side og heile satsen er pizzicato. Siste satsen er villskap sett i system, og her sette kvartetten alle klutar til i ein forrykande finale; ein flott prestasjon!

Til tross for Bartoks mektige punktum på konserten, er det for meg dei to verka før pause som vil sitje lengst i minnet. Lasse Thoresens «Hjertets fugl» er eit storslege verk for piano, fiolin og cello. Her er lekre detaljar som må fryde alle som er glade i musikk, og ei formutvikling som grip tak og held interessa på topp frå den første ettertenksame mumlinga fram til eit grandiost klimaks. Kellerhals, Opdal og Erling Eriksen på piano hadde levd seg inn i dette flotte verket og gav det ei gripande tolking.

Det mest eksperimenterande, men også det kanskje vakraste verket var George Crumbs «Seven Echoes of Autumn» for fiolin, altfløyte, klarinett og piano. Her skal utøvarane ikkje berre spele vanleg på instrumentet, men også plystre, snakke og banke. Klangmulighetene i det opne flygelet blir utnytta med klimpring, demping av strengar og ved at blåseinstrumenta spelar inn i flygelet og set strengane i svingingar. Dette skaper eit utruleg rikt klangspekter og ein fantastisk klangleg atmosfære. Det store er likevel at dette ikkje berre blir effektar, men strålande musikk som fascinerer og engasjerer frå første til siste tone.

Men denne musikken krev dedikerte musikarar som kan realisere det kompliserte og utradisjonelle partituret på ein god måte. Kellerhals og Eriksen saman med blåsarane Karin Venås på fløyte og Håkon Vestly på klarinett gjorde det framifrå og skapte ei framføring som vil bli hugsa lenge.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  2. Fjellklatrere hentet av redningshelikopter

  3. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  4. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  5. To smittet av koronavirus i Randaberg

  6. Knuste egen mesterskapsrekord – så løp han videre ut av stadion

  1. Konsertanmeldelse
  2. Musikk
  3. Anmeldelse