Portrett av eit røft songarliv

FILM: Ganske konvensjonell dokumentar om Billie Holidays korte, turbulente og ukonvensjonelle liv.

Billie Holiday var ein gudbenåda songar som levde eit kort, røft og vilt liv.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Billie

Med: Billie Holiday, Linda Lipnak Kuehl, Count Basie, Tony Bennett, Sylvia Syms. Sjanger: Dokumentar. Regi: James Erskine. Nasjonalitet: USA, 2019. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time 38 minutt.

«Kvifor bryt alle store, kvinnelege songarar saman? Når dei når toppen, går det gale. Eg skulle gjerne visst kvifor?»

Songaren Tony Bennetts spørsmål i starten av dokumentarfilmen «Billie» set ord på noko mange nok har tenkt. For lista over fantastiske kvinnelege songarar det har gått gale med er foruroligande lang, enten dei heiter Billie Holiday, Edith Piaf, Janis Joplin, Whitney Houston eller Amy Winehouse.

Billie Holiday (1915–1959) er ein av dei verkeleg store songarane gjennom tidene. Men det korte livet hennar starta – og slutta – alt anna enn glamorøst. Regissør James Erskine har funne fram til over 200 timar med utgitte lydbandopptak som låg igjen etter journalisten Linda Lipnak Kuehl. Då ho døydde i 1978, hadde ho i åtte år jobba med å skriva Holidays biografi, og hadde intervjua ei rekke av dei menneska som kjente og jobba med «Lady Day», som ho blei kalla. Blant dei, svært kjende folk som både Count Basie og Tony Bennett.

Lyden i filmen er dermed framfor alt stemmene frå desse opptaka, kombinert med arkivopptak med Holidays song og stemme, mens biletmaterialet for ein stor del er stillbilder og konstruerte bilete som skal illustrera det som blir sagt. Som kassettband som går og går. Ikkje veldig spennande å sjå på, reint visuelt, altså.

Men Holidays liv må i høgste grad kunna seiast å ha vore spennande – på godt og vond. Ho vaks opp som einebarn med ei dominerande mor og ein fråverande far i fattige kår i eit sterkt rasedelt USA. Ho prostituerte seg tidleg for å skaffa pengar, men blei også tidleg oppdaga for songtalentet sitt. Turnélivet skulle både eksponera henne for rasismen og segregeringa, men også for ei rekke menn, kvinner og store mengder dop. Som Holiday forsynte seg av, i rikeleg monn. Og som jo er den klassiske oppskrifta på å gå under.

Mykje av historia er nok kjent frå før, men her er mange stemmer, mange nyansar, ikkje alle like flatterande. Men så er her heldigvis også masse musikk, ein songkunstnar og ei stemme som gjer at sjølv om det har gått over 60 år sidan ho gjekk ut av tida, så lever ho med oss enno.

Publisert:
  1. Filmanmeldelse
  2. Dokumentarfilm
  3. Anmeldelse
  4. Film

Mest lest akkurat nå

  1. Flere dødelige korona­utbrudd har gått under radaren

  2. Korona­smitte på tre nye skoler i Stavanger – 122 må i karantene

  3. Eldre kvinne med korona­smitte død i Gran – deltok på arrange­ment hos korona­fornekter

  4. Slik held dei sju brann­mennene humøret oppe i karantene: – Ikkje synd på oss

  5. Hytta så ut som et «forlatt crack-reir». Nå er paret blitt eksperter på gjenbruk

  6. Slik viser Bent Høie fram sponsorer til ekte­mannens arbeids­giver