Men Jon Fosse er den same

Men sjølv er Jon Fosse den same, og ein fullkomen forfattar, i dette midtarste bindet av sjuromanarsverket sitt.

Det skal godt gjerast å fullrosa Jon Fosses «Eg er ein annan», skriv Aftenbladets meldar. Foto: Tom A. Kolstad

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

Grade: 6 out of 6

Jon Fosse: Eg er ein annan. Septologien III-V. Romanar. 406 sider. Samlaget.

Det skal godt gjerast å fullrosa «Eg er ein annan», dette midtarste bindet i ein romanserie på sju. Fjorårets heitte «Det andre namnet», og speler mellom anna på at eg-forteljaren Asle har ein namnebror til forveksling lik han sjølv i alder og yrke, med eit liv som i det meste går parallelt hans eige, men som likevel gjennom dei vala dei gjer, har delt seg i to fram mot alderdommen og det livsviktige, livstrugande, punktet der dette andre bindet tar fatt.

Begge Asle-ane er målarar. Der den eg-forteljande Asle har klart seg på sitt inneslutta vis, er namnebroren i ferd med å gå i hundane. Dei bur begge aleine, den eine i byen med sine bilde og flasker, eg-forteljaren edru aleine på bygda med sin gud og sin kunst. Han arbeider jamt og trutt i «ordlaus bøn i måling», til ein gud som ikkje finst, bare «er» – fordi han trur på han. Nå er han i ferd med å bli gammal, har nett vore i byen Bjørgvin for å levera årets produksjon til si faste juleutstilling på galleriet – og vitja namnebroren på sjukehuset.

Dei tre samanhengande romanane «Eg er ein annan» er sett saman av, følgjer den eg-forteljande Asle gjennom tre fasar i livet og blir til eit mangefasettert kunstnarportrett og sjølvbilde – også av forfattaren sjølv, tenkjer eg meg. Den første delen handlar om barndoms- og ungdomstid, med smak for røyk og drikke, som mislukka band-gitarist, men med talent for måling.

I andre delen slepp han laus frå heimen, til hybelliv og mislukka gymnastilvære, men til opptak på kunstakademiet i kraft av talent og eit sjeldsynt pågangsdriv. På nåtidsplanet i den tredje er han snart pensjonist, ferdig med å måla, trur han, aleine med si livslange sorg over kona Ales død, med eit fåtal personar att, og som han har vanskar med å omgåast, og der ei kvinne som til nå har vore i dei motvillige utkantane for medvitet hans, står klar til å syna seg for lesaren i neste bindet.

Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar, i minne og glidande tidsovergangar, der forteljarsynstaden kan skifta frå «eg» til «han» til «Asle» på ei linje og to, i ein stakkato, men flytande tekstmasse der lesaren får gjera det meste teiknsetjingsarbeidet sjølv, full av glede av å vera midt i eit fullkome kunstverk.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Jon Fosse
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger