Slår hardt, treffer godt.

BOK: Ei vilt brutal og briljant forteljing.

Svenske Lina Wolff er aktuell på norsk med «Kjøttets tid» - som får toppkarakter av Aftenbladets meldar.
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Bryne
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Lina Wolff: Kjøttets tid. 272 sider. Omsett av Bodil Engen. Forlaget Oktober.

Svenske Lina Wolffs roman frå 2019 føreligg no på norsk, og det spørst om ikkje framtidige utgjevingar bør bli omsette raskare, for Wolff er verkeleg ein forfattar som har mykje på hjarta, både språkleg og substansielt. Omsetjar Bodil Engen har dessutan gitt romanen ein fullkomen smertefri overgang til nabospråket. La oss prøva, etter fattig evne først å berre sirkla inn litt av innhaldet i «Kjøttets tid».

Hovudpersonen Bennedith, er ei svensk kvinne, førtifem pluss, på stipendreise til Spania; ho kjem til Madrid på eit litt uklart oppdrag for avisa ho arbeider for; men verkar stadig plaga av ei uro: «Reisestipendet er et spill for galleriet, kanskje til og med en mulighet avisen har benyttet for å bli kvitt henne for en stund». Ei smertefullt skråblikk på eige liv, «Et veritabelt eldorado av fiaskoer, en relasjonslabyrint hun ikke finner veien ut av…» vert likevel snart avløyst av eit eldorado av forbløffande hendingar og nye relasjonslabyrintar som snart gjer den svenske aviskvardagen til eit irrelevant minne. Bennedith vert snart vikla inn i livet til eit spansk ektepar samstundes som ho gir husly til Mercuro Cano, ein mann som flyktar for livet frå ei eldgamal lokal nonne som har ei avgjerande rolle i ein nett-TV-reality, der ein slår hardare enn Sinnasnekkeren for å få skikk på deltakarane, for å seia det slik. «Kjøttets tid» er handlingsspekka og absurd action, men flengjer samtidig opp innsikt i store spørsmål utan å prøva så veldig hardt. Det er forteljarkunst og forteljarglede som dominerer, og alt det andre får vi liksom som ein uventa bonus.

Wolff overraskar og overtyder med skrivekunsten sin. Vel er dette til tider heimsøkt av actionfilmaktig brutalitet, men med ein farmasøyts presisjon målar forfattaren opp djupsindig etikk og filosofisk undertekst som gir ein heilt eigenarta dynamikk. Dersom vi lever i «Kjøttets tid»; ei tid som insisterer på at det materielle dikterer livspremissa, spør Wolff her kva vi skal gjera når vi vil koma fri. Finst det bot i ei tid som dette? Finst noko anna enn berre å la «kjødet» få fritt spelerom? På leikande vis utforskar Lina Wolff slike spørsmål utan å slå av verken på språkleg eleganse eller dramatisk intensitet. Vi treng slett ikkje vera einig med forfattarens moralske implikasjonar for å ha glede av problemstillingane som her kjem opp i det spanske sollyset. Skildringane trekkjer tanken mot Hemingwayske isfjell: både presise og potente. At ein aldri skal undervurdera krafta i ei god forteljarkunst er denne romanen dermed eit verdig døme på, for Lina Wolff likar ikkje å gjera det enkelt for seg sjølv. Med alt det underlege som får plass i denne romanen, tek det ein fjellstø forfattar for å få det heile i hamn. Ein slik forfattar er Wolff. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  2. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  3. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  4. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  5. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  6. Det er åpenbart ikke lett å forklare på en enkel måte hvordan livet oppsto

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Roman
  5. Litteratur