– Populistane stiller legitime spørsmål. Men svara deira er feil

I ei verd av migrasjon, populisme, klimakrise, Trump og Brexit er det lettast å vera pessimist, slik Carsten Jensen naturleg er. Men så skjedde det noko som tvang han til å bli ein håpefull optimist.

– Dei fleste av oss er høgtidsdemokratar, omtrent som folk som går i kyrkja til jul og påske. Men me må bli kvardagsdemokratar, som praktiserer demokratiske verdiar kvar dag, ikkje bare på valdagen, meiner Carsten Jensen, som gjestar årets Kapittel-festival. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Det gir større intellektuell fridom – og er meir moro – å vera pessimist. Men då eg blei far for første gong i ein alder av 44 år, mista eg denne intellektuelle fridomen og måtte bli ein håpefull optimist. Det har eg strevd med sidan, sa Carsten Jensen då han heldt årets Icorn-foredrag på Kapittel-festivalen torsdag.

Den danske forfattaren er ein hyppig og populær Kapittel-gjest. Han liker å koma til Stavanger.

– Eg er mykje meir populær her enn i Bergen. Der er det alltid halvfullt, her er det alltid fullt, flirte ein opplagt Jensen til det stappfulle lokalet på Sølvberget.

Kompliserte tider

Men det er altså ikkje bare lett å vera optimist for tida. Klimakrisen trugar, populismen er i frammarsj, Donald Trump er president i USA, Storbrittania vil ut av EU, flyktningkrisa pregar Europa, dei liberale verdiane er under press. Jensen har reist verda rundt, har sett både død og liding, kva folk er i stand til å gjera mot kvarandre.

– Eg har vore i Vietnam, Kambodsja og Chile, har sett krigen på Balkan, vore på stader som har opplevd forferdelege ting. Likevel kom eg tilbake som optimist, fordi eg hadde oppdaga at det folk eigentleg vil, er å leva fredeleg saman, sa Jensen.

Identitetspolitikk

Identitet har blitt stadig viktigare i politikken. Kva vil det seia å vera norsk? Kva er det å vera dansk?

– Me spør politikarane og vil ha klare svar. Men dette blir altfor forenklande, sa Jensen.

Han meiner me har to val i møtet med andre: Me kan enten identifisera oss gjennom det me har felles – trass i språk, religion, kulturell bakgrunn. Eller: Me kan identifisera oss gjennom det som er forskjellig.

– Den siste varianten har blitt stadig meir vanleg. Det er dette me kallar populisme. Ideen om at det finst eit folk innanfor visse grenser som må stå opp mot ein velutdanna elite som vil manipulera og styra oss. Ein elite som vil forråda heimlandet. Problemet, når du hevdar å representera folket på denne måten, er at du ikkje kan inngå noko kompromiss. Det er eit dilemma for demokratiet, sa Jensen.

Ikkje som i mellomkrigstida

Han meiner vår tids populisme ikkje er som i mellomkrigstida, slik ein del hevdar. Han meiner utgangspunktet denne gongen kan finnast i det som har blitt ein av Vestens store suksessar, nemleg velferdsstaten. Velferdsstaten har sørga for sikkerheit, stabilitet og tryggleik for befolkninga. Men etter finanskrisa og stadig meir av marknadstankegang som i praksis legg ansvaret – og dermed skulda – på den enkelte, opplever mange at me likevel ikkje er beskytta, at me likevel ikkje er trygge.

– Der ligg rota til populismen, sa Jensen.

Europa er eit kontinent med ei aldrande befolkning, og ifølgje Jensen vil det vera behov for 50 millionar innvandrarar for å få det heile til å gå rundt. Men då det kom 1 million innvandrarar i 2015, blei det i staden full krise.

– EU burde ha samarbeida om å handtera flyktningane, men svikta. I staden blei det nokre få land i sør som fekk heile belastninga, pluss Tyskland og Sverige, som melde seg frivillige.

I dette klimaet fekk populistane fart. Jensen meiner dei stiller legitime spørsmål, men at svara er feil.

– Populisme er ein slags psykoterapi for folk i krise. Men løysinga er nasjonalisme – ein tankegang som framfor alt verkar tiltrekkande på eldre menn. Resultatet er drukningar i titusenvis i Middelhavet. Me burde framfor alt føla skam, sa Jensen.

– Bli kvardagsdemokrat!

Han meiner demokratiet for tida er truga frå mange sider, også frå innsida.

– Dei fleste av oss er høgtidsdemokratar, omtrent som folk som går i kyrkja til jul og påske. Men me må bli kvardagsdemokratar, som praktiserer demokratiske verdiar kvar dag, ikkje bare på valdagen, sa Jensen.

Og det er altså her han ser eit håp. I at så mange hjelper kvarandre i kvardagen. I at så mange engasjerer seg på grasrota. Og at det gir resultat.

– Klima blei den store saka i Danmark under folketingsvalet, og det temaet kom ikkje frå politikarane på toppen, men frå grasrota, frå dei unge. Det har ført til at Danmark nå har ein svært ambisiøs klimapolitikk.

Og det er altså her Jensen kjem tilbake til dette med å bli far. Til å bli tvungen frå pessimisme til optimisme. For når du ser inn i ansiktet til ditt eige barn, kan du ikkje lenger gå rundt og bare sjå mørkt på verdas framtid. Kor intellektuelt vanskeleg det enn er.

Les også

  1. Endelig – lørdag får vi vite hvilken bok som er Tidenes rogalandsbok

Publisert:
  1. Populisme
  2. Carsten Jensen
  3. Kapittelfestivalen
  4. Donald Trump
  5. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Aksjonærmøtet i Viking er over: Styret står på sitt i Berntsen-saken

  2. Foreløpig har tre søkt på jobben som Rogfast-sjef

  3. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  4. Fulgte godterispor i snøen, fant leilighet full av tjuvgods

  5. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  6. DFU-fabrikken på Figgjo er solgt