Konstruert Eiffel-romantikk

FILM: «Eiffel» burda handla meir om det verkelege tårnet og mindre om konstruert romantikk.

Gustave Eiffel og Adrienne, i franske «Eiffel».
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

EIFFEL

Kinopremiere: 13.05.2022. Med: Romain Duris, Emma Mackey, Pierre Deladonchamps. Sjanger: Drama / Romantikk / Biografi. Regi: Martin Bourboulon. Nasjonalitet: Frankrike, 2021. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 48 minutt.

«Fritt inspirert av verkelege hendingar,» står det på kinolerretet før «Eiffel» breier seg ut i flott fullformat. Sagt på ein annan måte: «Eiffel» er for ein stor del fri fantasi, sjølv om her finst element frå den verkelege historia. Som at den franske ingeniøren Gustave Eiffel leia prosjektet, og at det til slutt reiste seg eit tårn som skulle få hans namn til verdsutstillinga i Paris i 1889. Eiffeltårnet skulle bli ein av verdas mest kjente konstruksjonar.

Historia om tårnet kunne, eller burde, i seg sjølv vore verdt ein film. For bygginga skjedde ikkje utan konflikt, ikkje utan drama. Når eitt av verdas mest sagnomsuste bygg var omfatta av så mykje bruduljer som Eiffeltårnet faktisk var - og som «Eiffel» berre er innom - burde det kunna blitt ein aldri så liten thriller i seg sjølv å fortelja historia på film. I tillegg er konstruksjonen i seg sjølv eit stykke ingeniørkunst som kan ta pusten frå deg.

Men, nei. Historia regissør Martin Bourboulon fortel i filmen handlar strengt tatt meir om ei kjærleikshistorie som aldri skjedde enn om dramaet rundt bygginga av tårnet. Filmens historie påstår endåtil at grunnen til at Eiffel tok på seg oppdraget og konstruerte tårnet slik det blei, heng saman med at han møtte att ein flamme han var forelska i 20 år tidlegare. Som altså ikkje er sant. Men potensielt godt materiale for eit historisk, romantisk drama, altså.

«Eiffel» er ein konvensjonell og gammaldags film som sikkert vil apellera til mange som liker påkosta, romantiske og historiske drama. Her er tidsriktige kostyme, Paris på 1880-talet, tilbakeblikk til ei kjærleikshistorie 20 år tidlegare. Her er vakre franskmenn fulle av lidenskaplege kjensler. Her er romsleg med klisjear av korleis lidenskapelege franskmenn driv med romantikk og lidenskapelege kjensler.

Det heile er vakkert filma og flott å sjå på. Sjølv om me ikkje får sett særleg av Paris i perioden, bortsett frå historiske interiør, er me i alle fall litt innom byggeplassen og arbeidarane som protesterer mot farlege arbeidsforhold og dårleg lønn.

Men så er tårnet plutseleg fullført. Utan at me har fått noko godt svar på korleis det gjekk til, med tanke på alle vanskane me blei presenterte for.

Til gjengjeld har du fått sjå eit klassisk, fransk kjærleikshistorie som ender ... ja, det må du nesten gå på kino for å finna ut av.

Publisert: