Tankevekkande Oscar-kandidat
FILM: Tunisiske «The Man Who Sold His Skin» blei nominert til Oscar som årets beste film. Det er forståeleg.
- Jan ZahlKulturjournalist
THE MAN WHO SOLD HIS SKIN
Kinopremiere: 01.10.2021. Med: Yahya Mahayni, Dea Liane, Monica Bellucci, Koen de Bouw, Darina Al Joundi, Christian Vadim. Sjanger: Drama. Regi: Kaouther Ben Hania. Nasjonalitet: Sverige / Frankrike / Tyskland / Belgia / Tunisia, 2020. Språk: arabisk/engelsk/fransk. Lengde: 1 time, 44 minutt.
Her får du ein vri på flyktningproblematikken (frå Syria) som du aldri har sett før: Etter at ein stormforelska Sam Ali (Mahayni) i pur glede har sagt ting offentleg som ikkje er akseptabelt i Assads Syria, må han flykta. Både frå familie, heimland – og kjærasten han er så glad i.
Han hamnar i Libanon. Og i det håplause limboet så mange flyktningar hamnar i, med håplause framtidsutsikter. Men så møter han den verdskjende kunstnaren Jeffrey Godefroi (De Bouw) som har ein radikal, kunstnarisk idé: Dersom Sam lar kunstnaren tatovera eit Schengen-visum over heile ryggen hans, vil ressurssterke Godefroi kunna hjelpa han ut av håpløysa, inn i EU, inn i fridomen.
Dermed blir mennesket Sam gjort om til eit kunstobjekt, vist fram på prestisjetunge kunstgalleri. Han er til sals, som ei anna vare, for rike samlarar.
«The Man Who Sold His Skin» reiser mange interessante spørsmål, både om kunst, menneske, fridom og flyktningproblematikk. Det blir laga mange reportasjar, filmar og bøker som fortel dramatiske og tragiske historier om flyktningar, men Kouther Ben Hanias vri er djupt original og løftar fram ei rekke problemstillingar eg ikkje hadde tenkt på før. Også om kunst.
Og sidan me er i kunstens verd, er det kanskje ikkje overraskande ein svært vakker film å sjå på, reint estetisk.
Og alt dette hadde ikkje vore særleg til hjelp om me ikkje kom inn på Sam, fortvilinga hans, forsøket hans på å få kjærasten sin – som heller ikkje er fri i sitt liv. Ja, og så er det ei historie som tek interessante, nye vendingar – og byr på ein fiffig vri til slutt.
Det er ikkje så ofte me ser tunisisk film på norske kinoar. Men for den som ikkje er i James Bond-segmentet dei komande vekene, kan eg trygt tilrå eit par reflekterte timar på kino for å sjå mannen som selde ryggen sin. Og nesten sjela.
Film- og tv-anmeldelser
Ikkje så ofte vi ser film frå dette landet, men denne filmen er verkelig fin!
Dette er filmen for deg som nostalgisk mimrer om 80-tallet
Altfor mye av alt
Hvordan er det å være 15 år og plutselig oppdage at snille og kjærlige far er en kriminell?
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Mest lest akkurat nå
Erlend (16) omkom i mc-ulykke: – Jeg fikk hente ham en siste gang. Det er godt å kjenne på
Blanda kjensler før europafinalen: – Kunne ikkje blitt ei betre avslutning
Jarl Gaute Aase er død
Stenger flere E 39-tunneler
Stor oversikt: Disse veiene stenges under Tour of Norway lørdag og søndag
Frisørkjeden Cutters får hard kritikk. Ansatte og tillitsvalgte knytter kjemikaliebruk til alvorlige helseplager
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Hva skal vi ha til middag i morgen? Dette spørsmålet vil utløse en global krise – rett etter sommerferien
Regjeringskvartalet får ekstramidler, Nye SUS må vente
Stavanger dropper inkassogigant: – Vil ikke legge ytterligere belastninger på de som alt har det verst
Unge Venstre vil fjerne kristne helligdager