Meir tragedie enn komedie

FILM: Meir tragedie enn komedie i dramakomedien «Full dekning».

«Full dekning» blei spelt inn under korona­nedstenginga i 2021. Sju venner møtest til ein middag som tek overraskande vendingar.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

FULL DEKNING

Kinopremiere: 25.02.2022. Med: Thorbjørn Harr, Agnes Kittelsen, Nicolai Cleve Broch, Ellen Birgitte Winther, Kyrre Hellum, Sara Khorami, Jan Gunnar Røise. Regi: Arild Andresen. Nasjonalitet: Norge, 2021. Sjanger: Dramakomedie. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 40 minutt.

Ideen er besnærande: Kva om sju vaksne personar (med kvar sine løyndomar) på den årlege viltmiddagen legg mobilen på bordet – og alt innhaldet blir synleg for alle? Kva om dei køyrer full openheit ein heil kveld?

Dette er premissen for dramakomedien «Full dekning». Dette er den norske versjonen av den italienske filmen «Perfetti sconosciuti» frå 2016. Eller «Perfekte framande», som filmen heitte då han gjekk på kino.

Erfarne Lars Gudmestad har skrive eit godt manus tilpassa norske forhold, mens Arild Andresen har stødig regi på det som like gjerne kunne vore eit teaterstykke. Nesten heile handlinga i «Full dekning» går føre seg i og rundt eitt rom, med eit avgrensa tal karakterar. I litt for mange periodar går det litt treigt framover i historia, men eit stødig ensemble gjer at filmen landar ok på beina.

Andresen har fått med seg eit særs stødig lag skodespelarar til å framstilla sju menneske midt i livet. Det gjer dei godt, alle saman. Her er tre gjenkjennelege ektepar som kjempar med sitt. Eitt av dei er rimeleg nyforelska, eit anna er tydeleg leie av kvarandre, det tredje har det ikkje så bra som den arkitektteikna fasaden skulle tyda på. Sjuande mann på vogna har sitt å stri med, utan at vennegjengen gjennom 30 år aner kva det er.

Skal det bli drama av selskapsleiken, krev det at mange nok har juicy løyndomar – og at dei viser seg på mobilen i løpet av fredagskvelden. Manus er strengt tatt basert på ganske mange logiske brestar. Alt frå at nokon med så mykje hemmeleg på mobilen ville blitt med på dette, til mangelen på pinkodar for å få tilgang på andres innhald. Eller at det kjem inn så mange meldingar og samtalar på ein fredagskveld.

Eg trudde vel selskapsleiken skulle bli lystigare og lysare enn «Full dekning» skulle visa seg å bli. For etter kvart som løyndomane blir avslørte, med alle dei konsekvensane det får, ligg dette nærare tragedien enn komedien.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film