Sakprosa: Katastrofen på Hildes vakt

Sør-Sudan skulle bli ei fjør i hatten for Norge som fredsmeklar. I staden vart krigen verre enn nokon gong.  Hilde Frafjord Johnson gjer eit ærleg forsøk på å forklara kvifor.

Publisert: Publisert:

Sudan 1998, utviklings- og menneskerettigheitminister Hilde Frafjord Johnson på besøk i dei SPLA-kontrollerte områda i Sør Sudan. Foto: Kruhaug, Nils-Inge, NTB/Scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Grade: 5 out of 6 stars

Hilde Frafjord Johnson:

Den vanskelige freden

414 sider

Cappelen Damm

9. juli 2011 vart flagget heist for den nye staten Sør-Sudan. Borgarkrigen mellom nord og sør i Sudan var over. Eit overveldande fleirtal i sør hadde stemt for å bli eit sjølvstendig land.

Til stades under seremonien var Hilde Frafjord Johnson, tidlegare norsk bistandsminister. Nå skulle ho overta som FNs spesialrepresentant for det nye landet. Ho vart sjef for 11.000 tilsette i FNs fredsbevarande operasjon, av dei  7000 soldatar.

Knapt nokon hadde betre føresetnader for å greia jobben. Den afrikansk-fødde KrF-politikaren frå Stavanger hadde følgt fredsprosessen tett gjennom mange år. Ho hadde store kunnskapar om Sør-Sudan og gode personlege relasjonar med mange av dei sentrale aktørane. Og ho representerte eit land som hadde investert både pengar og prestisje i å vera fredsmeklar og fødselshjelpar for det nye landet. Sør-Sudan skulle bli eit paradeeksempel på kva Norge kunne utretta som fredsnasjon.

Så gjekk det i staden heilt gale.

Hilde Frafjord Johnson om den vanskelege freden.

Ny krig

Kort tid etter at Sør-Sudan var etablert, var dei nye leiarane i landet, president Salva Kiir og visepresident Riek Machar, bitre fiendar.

Sør-sudanesarane gjekk inn i ein borgarkrig endå verre enn den dei hadde vore igjennom. Landet vart splitta etter etniske skiljeliner, valdsbruken kom ut av kontroll, og titusenvis av menneske vart drepne eller utsette for bestialske overgrep.

Økonomien i det oljerike landet er fullstendig rasert, og det er små utsikter til fred og forsoning. Tvert om, FN rapporterer at situasjonen i landet nå er verre enn nokon gong, og at det kan utvikla seg til regelrett folkemord.

Når den øvste FN-sjefen i landet frå 2011 og 2014 gjer opp status, bør ein altså kunna venta seg både sjølvransaking og sjølvkritikk. Og Hilde Frafjord Johnson prøver ikkje å springa frå ansvaret: «Som leder for FNs fredsbevarende operasjon var jeg åpenbart ingen suksess. Krigen brøt ut på min vakt.»  Det lar seg ikkje bortforklara, og ho konstaterer det med stor sorg.

Samstundes kan ein ikkje vera usamd med henne i at hovudskulda ligg hos dei sør-sudanesiske leiarane som sette politisk karriere og personleg vinning høgare enn omsynet til folket, og som  hemningslaust spela på dei etniske motsetningane i landet. Og ho vedgår at det er problematisk når væpna frigjeringsrørsler skal gå over til å bli sivile administratorar i fredstid. Då krevst det gjerne andre eigenskapar. Det har vist seg i mange land.

Gir ikkje opp

Hilde Frafjord Johnson vil likevel ikkje gi opp fredsskapande arbeid.

Også av katastrofen i Sør-Sudan er det mykje å læra. Ho peikar på fleire feil som FN, det internasjonale samfunnet og ho sjølv gjorde. Framfor alt undervurderte ein behovet for skikkeleg oppfølging etter at fredsavtalen var inngått og staten etablert.

Verda har lett for å gløyma eit land når CNN har pakka saman og er på veg til neste krise. Det er ein del av problemet. Å skapa fred og tillit etter mange års krig er eit maratonløp. Og ikkje alle land er så heldige å ha ein Nelson Mandela til disposisjon. Ingen må ha illusjonar om at fredsarbeid er enkelt, slår ho fast.

«Den vanskelige freden» gir ein grundig gjennomgang av konfliktane i Sør-Sudan dei siste 20 åra.

Persongalleriet er stort, og for den som ikkje kjenner sør-sudanesiske forhold, kan det bli krevjande å halda tråden. Av og til kunne boka vore strammare redigert. Men det endrar ikkje hovudinntrykket: Hilde Frafjord Johnson har skrive ei solid, ærleg og nødvendig bok, som bør lesast av både tilhengjarar og kritikarar av Norges fredsinnsats i utlandet.

Publisert: