På jakt etter revolusjonen

Eg ville bli klokare på Kapittelfestivalens tema, «Revolusjon». Fekk eg høyra noko revolusjonerande? Njai.

Rockestjerneaugneblinken på årets Kapittel kom då dette panelet gjekk på scenen: Marta Breen, Ebba Witt-Brattström, Suzanne Brøgger og Nina Björk.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Det starta med ein historietime. Og så heldt det strengt tatt fram med historietimar. Med kunnskapsrike, godt modne, menneske som foredrog om farne tider.

– Få forestilte seg at monarkiet skulle falla få veker før det faktisk skjedde, sa Per Egil Hegge, då han gjekk på scenen med Kjartan Fløgstad for å snakka om Den russiske revolusjonen i 1917.

Hegge har skrive bok om det dramatiske året. Eit år som skulle få store konsekvensar, ikkje bare for Russland, men for heile verda. Såpass at ein altså arrangerer litteraturfestivalar i Stavanger rundt temaet 100 år seinare.

– Det skal bli spennande å sjå korleis ein feirar 100-årsjubileet for den russiske revolusjonen i Russland. Å feira ein mann som Lenin, som brukte livet sitt på å planleggja og gjennomføra ein revolusjon mot ein eineveldig herskar, er kanskje ikkje det som står høgast på Vladimir Putins prioriteringsliste. Det kunne jo gi folk idear, sa Hegge lakonisk.

Per Egil Hegge og Kjartan Fløgstad diskuterte Den russiske revolusjonen fredag på Kapittel.

Oktober i november

Dagen for ei eventuell feiring av oktoberrevolusjonen, er 7. november, sidan den russiske kalenderen ikkje var som vår fram til 1918, og oktober der var november her. Og når me først snakkar om revolusjonar: Det var ikkje bare éin russiske revolusjon, men to - om ein ser bort frå revolusjonsforsøket som mislukkast i 1905. Det var revolusjonen i mars 1917 som fekk tsaren til å abdisera. Men i kaoset som så kom, såg altså Lenin, Trotskij og bolsjevikane sitt snitt, og tok makta i november. Sidan blei det både stygt, blodig og diktatorisk.

– Moralen om revolusjonar er denne: Dei går aldri etter planen, sa Hegge.

– Eg har aldri vore bolsjevik eller kommunist i sovjetisk forstand. Men som ein som alltid har vore oppteken av arbeidarklassen, har det også vore ei personleg reise for meg å skriva om det som står att etter den russiske revolusjonen, sa Fløgstad, som har skrive bok om arkitekturen frå Sovjettida. Frå dei første, avantgardistiske planane om storslåtte praktbygg - som aldri blei bygde - via rikt ornamenterte offisielle bygg under Stalin til dei svære blokkene mange forbind med sovjetisk arkitektur - og til ei salig blanding og absurde bygg på 1980-talet, før Sovjetunionens fall i 1991.

– Og etter samanbrotet, byggjer ein i Russland som ein byggjer i andre land, sa Fløgstad.

Tariq Ali er ein kjend venstreintellektuell, busett i England, men oppvaksen i Pakistan.

Globale konsekvensar

– Ein markerer 100-årsjubileet for revolusjonen på ein del litteraturfestivalar rundt om i verda, men offisielt skjer det lite eller ingenting i Putins Russland. Der sparer ein feiringa til neste år og feiringa av tsaren og Romanov-dynastiet. Som vel er logisk nok, sa Tariq Ali, då han skulle snakka om dei globale konsekvensane av den russiske revolusjonen. Også han sende altså eit stikk til mannen som nå leiar landet der revolusjonen fann stad, Vladimir Putin, som liknar stadig meir på ein tsar.

Ali er fødd i Pakistan, men flytta til England på 1960-talet. Han er heile tida vore ei tydeleg stemme på venstresida i politikken.

Ifølgje marxistisk teori, skulle revolusjonen først koma der konflikten mellom arbeid og kapital, mellom arbeidarar og eigarar, var sterkast. I praksis skulle det, ifølgje teorien, dermed skjedd i dei mest utvikla industrinasjonane England eller Tyskland. I staden skjedde det i den relativt tilbakeliggjande bondenasjonen Russland.

– Ytre omstende og aktørar som Lenin var heilt avgjerande for at det blei revolusjon i Russland, meiner Ali. I 1917 hadde 1. verdskrig pågått i tre år, befolkninga var krigstrøytt, det var svolt og naud etter ein hard vinter, moralen både i hæren og folket var på eit lågpunkt.

– Lenin og bolsjevikane ville ha slutt på krigen, og det som skjedde i oktober var ein direkte konsekvens av Lenins strategiske evner, sa Ali.

Ifølgje teorien, og Lenins ideologi, skulle dei globale konsekvensane av revolusjonen nå bli tilsvarande revolusjonar over heile verda. Det skjedde ikkje.

– Men tankane fekk globalt omfang, og blei til dømes avgjerande i Kina, i Vietnam, i Latin Amerika, som på Cuba, eller i Nord Korea. Det 20. århundret blei dermed tungt påverka av den russiske revolusjonen, og blir det framleis, sa Ali.

Seksuell revolusjon

Det er ikkje bare Den russiske revolusjonen som er blitt diskutert på årets kapittelfestival. Me har til dømes også fått meir personlege historier om revolusjonære erfaringar, som Wenche Mühleisen om den seksuelle revolusjonen. Mühleisen flytta som ung kvinne inn i eit kollektiv i Tyskland som ville endra samfunnet ikkje bare gjennom å skriva kronikkar, men gjennom å leva nytt og annleis. Til dømes gjennom fri sex. I starten kjendest det frigjerande og flott.

– Eg forelska meg i alle, var 22 år og konstant kåt, sa ho. Men forelskingar tek slutt, og etter ni år braut Mühleisen ut av det ho då opplevde som ei lukka sekt, eit tankefengsel som hadde hjernevaska henne.

– Eg reiste tilbake til Norge, og måtte hjernevaskast tilbake til eit vanleg liv, sa Mühleisen.

Også Thorvald Steen og Toril Brekke fortalde som sine erfaringar med revolusjonen, som medlemmer av den revolusjonære rørsla AKP(m-l). Også her starta det idealistisk og frigjerande, men enda sekterisk, autoritært og trongt.

Det har vore masse folk, og fleire utselde arrangement på årets Kapittel. Her er Toril Brekke (t.v.), som snakka om sine revolusjonar, sjølv publikum.

Feministikon

Rockestjerneaugneblinken på årets revolusjonsfestival kom då eit kvinnesterkt panel framfor eit utselt publikum av 140 kvinner og rundt 10 menn skulle diskutera den feministiske revolusjonen. Suzanne Brøgger og dei andre damene i panelet fekk entusiastisk trampeklapp og hoiing før dei hadde sagt eit ord; faktisk bare for å gå opp på scenen.

– Feminismen er den mest vellukka revolusjonen me har hatt dei siste 100 åra. For 100 år sidan hadde kvinner knapt rettar, over seg sjølv og kroppen sin, til å jobba, til å skilja seg, til å stemma ved val, innleia Marta Breen.

– Feminismen blei min sjanse til å leva livet mitt oppreist, og ikkje på kne, sa den svenske forfattaren og litteraturprofessoren Ebba Witt-Brattström.

Og heilt sentral i den nordiske feminismen, altså: Danske Suzanne Brøgger, som i 1973 debuterte med essaysamlinga «Fri os fra kærligheden», der ho reiste nokre grunnleggjande spørsmål: Kvifor skal ein vera gift? Kvifor skal ein leva i ein familie? Kvifor skal ein få barn? Kvifor skal ein vera eit kjønn?

Revolusjonerande spørsmål, ifølgje Witt-Brattström. Spørsmål som ikkje hadde blitt stilt i det offentlege rommet før, ifølgje Breen, som meiner Brøgger gjennom media blei framstilt som sjølvaste personifiseringa av den seksuelle revolusjonen for ein heil generasjon.

– Det var ei glede, men eg måtte vidare. Ein forfattar må alltid vidare, sa Brøgger, som lurer på kvifor det ikkje kjem nye generasjonar som stiller desse grunnleggjande spørsmåla, om enn på nye premiss.

– Syns du ikkje det skjer, spurde Breen, som meiner me er inne i feminismens fjerde bølgje, og hadde selskap av svenske Nina Björk i panelet. Björk har stilt mange spørsmål og selde 100.000 eksemplar av si feministiske debattbok «Under det rosa täcket» frå 1996.

Tilbake til familien

Både Brøgger og Björk har seinare fått kjeft for å ha svikta sine tidlegare feministiske ideal. Men også feminismen har endra seg med tida.

– Idealet på 1970-talet var å engasjera seg i samfunnet, riva ned veggene i huset og koma seg ut. Vår generasjon dyrkar kjernefamilien, har bygd opp veggene igjen - og malt dei i eggekvit farge, sa Breen.

– Som de legg bilete av på Instagram, skaut Witt-Brattström inn.

– Problemet er at me ikkje har tid til å vera der. Me er ikkje meir heime enn på 70-talet, sa Björk, mens Brøgger altså framleis vil ha folk ut og opp og engasjera seg mot krig og urettvise.

– Neste skritt handlar om den globale feminismen. Den nordiske feminismen har blitt ein idé på globalt nivå. Det har blitt verdsmål i FN at jenter skal få utdanning, helsestell og vaksine. Trumps tilbaketrekking av støtte til organisasjonar som støttar abort, viser at dette er ein kamp som pågår akkurat nå, sa Brøgger.

Etter så mykje snakk om revolusjonar som ligg bak oss i tid, kunne laurdagens diskusjon om kva som er den neste revolusjonen som trengst vore interessant. Med tanke på korleis det har gått i dei fleste revolusjonar, at dei aldri går etter planen, at dei ofte ender blodig og autoritært - treng me nye revolusjonar? Kva slag revolusjonar?

Men med ein ordstyrar som ikkje styrte ordet og eit panel som ikkje svarte på spørsmålet, og i staden bare snakka om flyktningekrisa og var einige i alt, gjekk me strengt tatt ut av festivalen like kloke på kva som må gjerast nå.

Publisert:
  1. Kapittelfestivalen

Mest lest akkurat nå

  1. Flere naboer var vitne til hendelsen

  2. Kristian utlover dusør til den som kan hjelpe ham

  3. Mandag morgen var strømmen rekorddyr

  4. Fikk du med deg nordlyset over Stavanger?

  5. Da PST varslet helse­vesenet på Kongs­berg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest be­kymring

  6. Slik spredte smitten seg fra tv-kanalen til Sødal bede­hus