Kva skal me finna på i vinterferien, tru?

Okei. Ungane har vinterferie. Det er snøstorm i fjellet og sandstorm på Kanariøyane. Kva gjer du? Sølvberget og musea i Stavanger har ein del gratis forslag til alle barn med bibliotekkort.

Publisert: Publisert:

Embla og Tage rasar det som kan ha vore eit tårn, eller ein robot, på Stavanger kunstmuseum første helga i vinterferien. Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Nå må me rasa det! seier Tage.

– Nå!? seier Embla.

– Ja. Nå!

Tage tek sats og dyttar. Embla hjelper til. Det som akkurat var ein høgreist figur – Embla meiner det var eit tårn, Tage syns det likna ein robot – blir til ein haug treklossar.

Det er søndag formiddag på Stavanger kunstmuseum, nærmare bestemt i den nye avdelinga for barn, Nona. Det er også første helg i vinterferien, og dermed første helg i Sølvberget og stavangermuseas vinterferieprogram. For i vinterferien kjem alle barn som har bibliotekkort gratis inn på musea, og både der og på Sølvberget er det eit variert program både for små og større barn som ikkje skal på fjellet eller til Syden i vinterferieveka.

Milla Gudjunsson Fotland lagar papirkunst på Nona på Stavanger kunstmuseum. Far Bjørn Harald Fotland, mor Ida Gudjonsson og søster Olivia er også med. Foto: Kristian Jacobsen

Stripete papirkunst

– Eg lagar kunst. Papirkunst, forklarer Milla Gudjunsson Fotland over eit verk i raude, lilla og blå striper. Søstera Olivia har limt striper i ulike blåfargar på eit ark. Far Bjørn Harald Fotland hadde håpa at me ikkje skulle spørja kva han har laga, men han har altså laga ein ganske kreativ kreasjon i gule og oransje striper.

Familien skal ha halve vinterferien i Stavanger, siste halvdel på hytta på Sørlandet. Dei er ein del på museum, alltid på Museumsnatt, men har ikkje vore på Nona før, seier mor Ida Gudjonsson.

I Stavanger kunstmuseums nye Nona-fløy, kan barn både laga eigen kunst og leika seg i Jacob Dahlgrens kunst. Foto: Kristian Jacobsen

– Interessert i bytilbod

Far til Embla, Benedikt Römer, er også her for første gong.

– Me vurderte å dra til Sirdal, men vêrmeldinga var ikkje så hyggeleg. Så me er interesserte i dei tilboda som finst i byen i vinterferien, ja, seier Römer.

Ute i foajeen jobbar Rita Moen. Ho har ikkje merka ekstra pågang akkurat denne vinterferiehelga.

– Men søndagar pleier å vera kjempetravle hos oss, særleg etter klokka 13. Og Nona har vist seg å vera veldig populært, seier Moen.

Det går i striper på Nona på Stavanger kunstmuseum. Foto: Kristian Jacobsen

Søndag baud også på to utselde teaterframsyningar på Møteplassen på Sølvberget. Her skal det i løpet av vinterferieveka vera ei rekke ulike aktivitetar. Kursa i pizzabaking hos Renaa Xpress er allereie utselde, men du kan også delta på FIFA-turnering, 3 D-design, vinylverkstad og forteljarstunder på biblioteket i Stavanger sentrum. Også i bibliotekfilialane på Madla, Rennesøy og Finnøy blir det eigne aktivitetar nå i vinterferien.

Fugleutstilling

Men me tek vegen vidare til Stavanger museum, som fredag opna ein nyoppussa versjon av fugleutstillinga som var her i 2014.

– Den første varianten var litt for spesielt interesserte – i fuglemerking. Nå har me laga ein variant som er meir retta mot barn, seier Camilla Bjerk Olsen på Stavanger museum.

– Korleis lagar ein fugleutstilling meir retta mot barn?

– Me bruker meir fargar, lagar fleire ting dei kan ta på. Og så har me ein eigen fuglekasse som ungane liker veldig godt å klatra inn i, svarer Bjerk Olsen.

På museet merkar dei godt når det er vinterferie. Då kjem både familiane og SFO-ane, og besøket har ein tendens til å ta seg opp utover i veka.

– Onsdag og torsdag i vinterferien er toppdagane. Så er der mange som drar på hytta mot helga igjen, seier Bjerk Olsen.

Kristin Vatsvåg har med seg sonen Lukas (3) på fugleutstilling på Stavanger museum. Her i nærkontakt med ei ørn. Foto: Kristian Jacobsen

Vaffellukt

Akkurat som på kunstmuseet, luktar det tungt av vaflar på Stavanger museum. Og oppe i andre etasje har rundt 20 sjeler, halvparten av dei ungar, møtt opp for å få med seg Bjerk Olsens omvising gjennom fugleutstillinga.

– Har de lagt merke til at enkelte fuglar blir borte om vinteren? spør Bjerk Olsen med høg og pedagogisk stemme.

Det er litt uklart om nokon har lagt merke til det.

– Kvifor er det slik? undrar Bjerk Olsen.

– Fordi det er kaldt, foreslår ei jente.

Og dermed er dialogen i gang, mellom montrane med perleugle, kattugle, snøugle, fiskeørn, løvsongar, fjæreplytt, krykkje, flugesnappar, låvesvale, dverggås og måke. Og svanene i taket.

– De lurer kanskje på om me ha tatt livet av alle desse fuglane for å ha dei på utstilling. Men det har me ikkje. Dei har døydd, og så har nokon levert dei til oss, forklarer Bjerk Olsen, før turen går vidare til kofferten med nebbtenger som skal illustrera korleis ulike fuglar får tak i ulike typar mat.

Nebb av denne typen er gode på å knusa frø, forklarer Camilla Bjerk Olsen. Foto: Kristian Jacobsen

Ein rakett?

Tilbake på kunstmuseet bestemmer Tage og Embla seg for å gå laus på haugen av treklossar på nytt. Dei begynner å stabla igjen.

– Eg veit ikkje heilt kva det skal bli, seier Embla.

– Kanskje ein rakett? seier Tage.

Kva skal dette bli? Ein rakett? Foto: Kristian Jacobsen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Ingbrigtsen-gutta har mye av æren

  2. Vi følger pinsehjemfarten

  3. Høiland-perle da Viking slo Viking

  4. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  5. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  6. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  1. Museum
  2. Stavanger kunstmuseum
  3. Stavanger
  4. Bibliotek