Selskap på sjølvstyr

BOK: Equinor kan ennå bli eit kraftfullt verktøy i det grøne skiftet. Men då må politikarane våga å ta styringa igjen, meiner Aage Storm Borchgrevink. Eller er selskapet for stort til å bli styrt?

Publisert: Publisert:

Er Statoil/Equinor for stort til å bli styrt, spør bokmeldar Tom Hetland etter å ha lese ny bok om gigantselskapet. Her fra utskipinga av Troll frå Vats i 1995. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Eit ikonisk bilde, av utskipinga av Trollplattforma – våren 1995. Foto: Pål Christensen

Grade: 5 out of 6

Aage Storm Borchgrevink: Giganten. 466 sider. Det norske oljeeventyret. Statoil – Equinor. Kagge Forlag.

I 1972 oppretta politikarane Statoil for å ha nasjonal styring med norsk oljepolitikk. Vart det i staden slik at Statoil/Equinor gradvis kom til å styra norsk oljepolitikk etter sine eigne ønske? Er selskapet rett og slett for stort til å bli styrt?

Spørsmåla ligg heile tida i bakhovudet når ein les Aage Storm Borchgrevinks historie om dei første 47 åra til det nå delprivatiserte statsoljeselskapet. Det er ei kritisk, men på ingen måte vondsinna bok. Borchgrevink vil ikkje Statoil/Equinor til livs. Han meiner definitivt at det er mykje i norsk oljehistorie å vera stolt av. Men han prøver å visa og forstå dei endringane som har skjedd med selskapet, frå pionertida då direktør Arve Johnsen overnatta i sovepose på kontoret fram til Helge Lunds dyre internasjonale vekstambisjonar.

Les også

Les intervju med forfatteren: – Pengene Statoil brukte i utlandet, ville gitt større avkastning i Oljefondet

Aage Storm Borchgrevink.

På verdiane laus

Borchgrevink arbeider til dagleg med menneskerettsspørsmål i Helsingforskomiteen, og det er ikkje overraskande at det særleg er Statoils inntog i korrupte og diktatoriske land som uroar han. Han viser mange eksempel på korleis forretningsdrift i land som Angola og Aserbajdsjan, for nå berre å halda oss til den første bokstaven i alfabetet, reiser store etiske dilemma som selskapet ikkje alltid har handtert godt. Og det har skapt tvil om kva slags selskap Statoil/Equinor skal vera. Det har, med forfattarens ord, oppstått «en splittelse i selskapet, mellom den aggressive internasjonale satsningen og selskapets verdifundament».

Det andre store trollet i Borchgrevinks oljeeventyr er klimatrusselen.

Det andre store trollet i Borchgrevinks oljeeventyr er klimatrusselen. Den er ikkje berre eit dilemma for Statoil/Equinor, men eit tankekors for den norske staten og det norske samfunnet. Me vil vera eit føregangsland i klimapolitikken, samstundes som me har gjort oss avhengige av å produsera den fossile energien som skaper klimaproblema. 

«Hvis fasiten for selskapets voksne liv er at det er dårlig butikk som ødelegger klimaet og undergraver menneskerettighetene, er det ikke rart at selskapet er bekymret for tilliten og ettermælet,» oppsummerer Borchgrevink. Men han ser også Equinor som ein mogleg reiskap for endring, ein spydspiss i det grøne skiftet for utvikling av fornybar energi og karbonfangst.

Statoilsjef Arve Johnsen bygde opp eit gigantisk norsk oljeselskap.

Skadeleg passivitet

Det krev i så fall at staten, som framleis er hovudaksjonær, viser seg som ein meir aktiv eigar. Borchgrevink meiner at det oljepolitiske forliket mellom Arbeidarpartiet og Høgre midt på 1980-talet, og seinare børsnoteringa i 2001, kvelte debatten om kva staten eigentleg skal med oljeselskapet sitt. I ly av denne konsensusen har selskapet gjort store feil og utvikla seg strategisk i gal retning, medan dei fleste politikarane har sete passive og sett på.

Det er eit interessant synspunkt, men eg synest nok at forfattaren undervurderer den kritiske opposisjonen som faktisk har vore. Han gjer såleis eit påfallande lite nummer av gasskraftsaka i 2000, der Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering stilte kabinettspørsmål og gjekk av. Den viste rett nok fram den Statoil-lydhøyre Ap/Høgre-alliansen i praksis, men også at det var politiske krefter som var villige til å ofra regjeringsmakta for ein annan kurs.

Som skribent er Aage Storm Borchgrevink absolutt i elitedivisjonen

Borchgrevinks bok er likevel ikkje berre eit innlegg i ein energi- og miljøpolitisk debatt. Forfattaren fortel også sjølve historia om Statoil/Equinor, og det gjer han godt. Som skribent er Aage Storm Borchgrevink absolutt i elitedivisjonen. Han har eit stort tilfang av munnlege og skriftlege kjelder å ausa av, og krydrar framstillinga med anekdotar og innblikk i spelet bak kulissane. Imponerande er også evna hans til å forklara teknologiske og geologiske emne på ein lettfatteleg måte.

I ei bok med høge språklege kvalitetsambisjonar er det unekteleg litt overraskande å lesa at Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland blir kalla Sefland, og at fagforeiningskjempa Lars Anders Myhre får mellomnamnet Andreas. Men slikt rusk endrar ikkje på hovudinntrykket: «Giganten» er ei viktig og velskriven bok som fortener å bli lesen og debattert.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Elever i Stavanger og Sola har fått påvist covid-19

  2. Vil skape et robot-eventyr på Tau

  3. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  4. Frp nekter å la Knut Arild Hareide kutte en eneste krone

  5. Busstreik utvides til Rogaland fra lørdag – alle sjåførene tas ut i streik

  6. Elek­trikere i disse lokale bedriftene kan streike fra onsdag

  1. Equinor
  2. Statoil
  3. Bok
  4. Anmeldelse
  5. Bokanmeldelse