Landet som trur på nasjonen og paven

BOK: Få folk har opplevd så mykje vondt som polakkane. Den som ikkje skjønar det, kan ikkje forstå dagens Polen.

Jomfru Maria og Jesusbarnet med regnbogefarge glorier – i protest mot den katolske kyrkja sin motstand mot homofile sine rettar.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ingrid Brekke: Polen – aske og diamanter. 325 sider. Humanist Forlag.

Det ligg ein historisk ironi i at Polen og Ungarn, dei to landa som gjekk i spissen for å knekka sovjetkommunismen på 1980-talet, nå tilsynelatande er på full fart tilbake til eit nytt autoritært styresett. I begge land har nasjonalkonservative parti eit fast grep om makta, rettsvesenet og andre uavhengige institusjonar er under press, og tonen overfor politiske motstandarar er brutal og hatsk. 

Korleis skal ein forstå dette?

Ingrid Brekke har skrive godt om Polen, meiner vår bokmeldar.

Ingrid Brekke, journalist i Aftenposten, har tatt pulsen på det polske samfunnet, med enkelte sideblikk til Ungarn. Ho har gått til verket med typisk liberal uro over utviklinga, men samtidig med eit ønske om å forstå kvifor så mange polakkar sluttar opp om den eksentriske partileiaren Jaroslaw Kaczynski og hans sterkt katolske og nasjonale Lov- og rettferdsparti (PiS).

Tragisk fortid

Over halvparten av boka handlar om polsk historie.  Det er ikkje utan grunn. Få land har ei meir dramatisk og tragisk fortid enn Polen, der det ligg i klem mellom dei to stormaktene Tyskland og Russland. På 1700-talet delte dei Polen mellom seg tre gonger. I 1939 skjedde det igjen, og i verdskrigen som følgde miste nær seks millionar polakkar livet, halvparten av dei jødar. 

Les også

80 år siden 2. verdens­krig startet i Polen

Nær seks millionar polakkar mista livet i andre verdskrigen, halvparten av dei jødar. Her frå Warszawa 1945.

Historia har skapt ein offermentalitet som er høgst levande i dagens Polen. «Alt vondt som skjer, skyldes krefter utenfra,» seier ein sosiolog til forfattaren når han skal karakterisera historiesynet til dagens makthavarar. Men det er også ein tankegang som finn gjenklang i store delar av det polske folket, og som forklarer dei sterke motreaksjonane når det for eksempel blir påpeika at også polakkar hadde antisemittiske haldningar og deltok i jødeutryddinga. For oss verkar ei slik fornekting både urimeleg og hysterisk, men for Polen handlar det om eit nasjonalt sjølvbilde forma av traumatiske opplevingar som langt overgår det som har skjedd på norsk jord.

Polsk historie har også gitt den katolske kyrkja stor makt. I kommunisttida var kyrkja den einaste institusjonen som til ein viss grad kunne stå opp mot kommuniststyret, og den polske paven Johannes Paul II spela ei viktig rolle som inspirator for det polske opprøret på 1980-talet. Det var ein kamp vestlege liberale heia på, men dei fleste valde å oversjå den djupe sosiale konservatismen som den katolske kyrkja byggjer opp under i det polske samfunnet. Motstanden mot abort, likestilling og aksept av homofile og transpersonar er sterk, sjølv om Brekke påpeikar at det skjer ei liberalisering av haldningane også i Polen, spesielt i storbyane.

Dei fleste polakkar er framleis skeptiske til homofile sine rettar, men ting endrar seg også der. Her frå ein Prida-markering i haust.

Eit nytt Polen?

Forfattaren minner om at det også finst konkrete, økonomiske grunnar til at mange støttar PiS. Økonomien har gått framover trass i at to millionar av dei dyktigaste fagfolka arbeider i utlandet. Den konservative regjeringa har auka pensjonar og barnetrygd og gitt skattefritak til unge arbeidstakarar. Dette er populære tiltak som står i kontrast til den meir liberalistiske politikken som dagens opposisjonsparti, Borgarplattforma under Donald Tusk, førte då dei var i regjering. Mellom anna vart det vanleg med såkalla «søppelkontraktar» i arbeidslivet, der arbeidstakarane stod utan elementære rettar som sjukeforsikring og pensjon. Som det heiter i ein russisk vits frå 1990-talet som Brekke siterer: Kommunistane laug til oss om kommunismen, men dei snakka sant om kapitalismen. 

Les også

Draumen om det liberale islam

Sjølvkritikken på vegner av det liberale polske alternativet går likevel ikkje særleg langt. Ingrid Brekke konkluderer med at dagens styre i Polen ikkje har plass «for min og mine venners måte å leve på, våre holdninger og vår frihet. De snakker ofte og mye om frihet, men det er en kollektiv frihet som forutsetter likhet. Deres demokrati er flertallets diktatur.» Trøysta hennar er at ingenting varer evig, og at bak dagens politikarar lever det idear om eit anna Polen, «tolerant, sekulært, transparent, sosialt, grønt».  

Den som lever, får sjå. Men medan me ventar på at polakkar flest skal bli som Oslos urbane middelklasse, er det mykje kunnskap å henta i Ingrid Brekkes velskrivne bok. Polakkar er den største innvandrargruppa i Norge, og me veit så lite om dei og landet deira at det er ei skam. Den kan Ingrid Brekke hjelpa til med å kurera.

Publisert: