Gammalmodig Astrup-biografi

FILM: Fortent biografisk film om Nikolai Astrup. Men kvifor snakkar jølstringen dansk, og kvifor så gammalmodig i forma?

Publisert: Publisert:

«Astrup - Flammen over Jølster» handlar om ein av Norges største biletkunstnarar gjennom tidene.

Grade: 3 out of 6 stars

Astrup - Flammen over Jølster

Sjanger: Drama, Biografi. Med: Thure Lindhardt, Dennis Storhøi, Henriette Marø. Regi: Pål Øie. Manus: Karl Johan Paulsen og Pål Øie. Nasjonalitet: Norge, 2019. Lengde 1 t. 19 min. Aldersgrense 12 år.

Nikolai Astrup (1880–1928) er blitt karakterisert som Vestlandets målar par excellence. Mange, som den britiske storavisa The Guardian, meiner det ekstreme talentet frå Jølster burde vore like kjent som Edvard Munch.

Nå kjem «Astrup - Flammen over Jølster», om ein av Norges største biletkunstnarar gjennom tidene. Filmen er laga av Pål Øie og Karl Johan Paulsen, som i 2013 laga dokumentarfilm om ein annan vestlandsk kunstmålar, nemleg Lars Hertervig. Ellers er nok Øie mest kjent for Villmark-filmane sine.

Men Astrup-filmen er altså innanfor ein heilt annan sjanger. Øie sjølv har kalla det eit biografisk drama. Me møter Astrup i barndom og oppvekst heime i Jølster, astmatikaren som heller ville teikna enn bli prest, som sin strenge far. Det ekstreme talentet som kom seg både til Oslo og Paris på kunstskule, som flytta heim igjen til Jølster, men også reiste ut i verda for å få inspirasjon. Me får sjå sentrale scener både frå barndommen og frå den storslåtte norske naturen som me finn igjen i Astrups måleri. Det er flott filma, og det er eit godt grep at me får sjå Astrups kunst i stort format på filmlerretet.

Men. «Astrup» lir under ei litt gammal, uforløyst form. Filmen blir vekselvis fortalt gjennom forteljarstemma til Astrup sjølv, spelt av danske Thure Lindhardt, kjent frå «Broen» og Astrups mentor Anton Fond, spelt av Dennis Storhøi. Voice-overen blir kombinert med det som ofte framstår som litt stive dramatiserte scener og - pussig nok - flimrete, tilsynelatande autentiske «gamle» filmopptak. Det er vanskeleg å skjøna kva desse «gamle» snuttane skal vera godt for.

Og så blei eg gjennom heile filmen sitjande og undra meg over at Astrup sjølv snakkar dansk, eller, rettare sagt: knotete dansk. Astrup-familien innvandra rett nok til Norge, men det var på 1700-talet. Nikolai Astrup var jølstring, snakka dialekt til daglig, men kunne slå over på riksmål i møte med austlendingar. Burde ikkje vestlandets målar par excellence, kunstnaren frå Jølster, snakka vestlandsk på film?

Publisert: