Kunsten å skrive folkekjært

BOK: Anne B. Ragde si siste bok gjorde meg faktisk rørt.

Publisert: Publisert:

«Datteren» er siste bok i serien som var Anne B. Ragde sitt folkelege gjennombrot som forfattar. Foto: Forlaget Oktober

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar

Grade: 4 of 6 stars

Anne B. Ragde: Datteren. Roman. 315 sider. Forlaget Oktober.

No hugsar eg ikkje konkret på kva side. Men det hende heilt på slutten av boka. At eg måtte tørke ei tåre under lesinga av «Datteren» av Anne B. Ragde. Og då er kanskje målet nådd?

«Datteren» er den siste og sjette romanen om Neshov-slekta. Siste bok i serien som var Anne B. Ragde sitt folkelege gjennombrot som forfattar med «Berlinerpoplene» i 2004. Her les vi mest om Torunn, ei usnobbete dame, oppteken av interiør, glad i hundar. Praktisk dame utan primadonnanykker som må ut i bislaget og røyke når det er noko ho må tenkje over. Torunn syns det er vanskeleg å seie ting rett, og lever etter moralen: Handling tyder meir enn tusen ord.

Torunn har det travelt i denne boka. Ho har overteke slektsgarden og eit gravferdsbyrå. Ho skal fikse ny vimpel, må vitje farfaren sin på sjukeheimen, sørger over den staselege Margido, får storinnrykk frå Danmark, og blir overraska av beilarar og grisungar på beleilige og ubeleilige tidspunkt. Ja, ho har det travelt! Det er ikkje alt i Torunn si travelheit som interesserer meg. Konflikten som oppstår med mora engasjerer meg ikkje fordi mora blir teikna svært usympatisk og difor skjønnar eg ikkje kvifor dette plagar Torunn.

Romanen er raus på overraskingar og alle personane i boka er gode på overraske kvarandre med gåver. Det er hyggeleg å lese. På eit tidspunkt i romanen nemner Torunn den engelske serien «Hjarta på rette staden». Eg syns denne romanen liknar på ein koseleg serie frå den engelske landsbygda. Eg tenkjer på «Livet med Larkins» frå min eigen barndom. Det er den blandinga av koselege folk, problem som må løysast og at dei som fortener lukke og velstand, kjem til å få det.

Romanen er full av gjenforteljingar frå dei andre bøkene i serien. Det gjer at eg, som ikkje har lese dei andre bøkene, kan henge med, men det gjer romanen til tider litt baktung. Ragde treng alle gjenforteljingane for å fortelje alt ferdig i denne boka, og til tider syns eg forteljinga blir for kompakt.

Det eg likar best med denne boka er forteljinga om Tormod. Tagale Tormod på sjukeheimen har fått det heilt fantastisk. Kven skulle tru at å vere å bu på sjukeheim kan vere lukke i livet? Men jo, sånn er det her. Tormod kan vere i fred og drikke Solo frå eige kjøleskap og låse døra når han vil. Det er kanskje skildringane om Anna, den døde kona til Tormod, som eg sit mest igjen med etter eg har lese romanen. For eit forferdeleg menneske, denne Anna, tenkjer eg og grøsser.

Publisert: