Dikting på sparebluss

BOK: Lågmælt, lesbisk kvinne mellom plantar, yoga og sædbank.

Publisert: Publisert:

Aftenbladets meldar saknar originalitet og dramatisk snert i Helga Songøygard Battins roman «Rosehagtornen». Foto: Oda Berby

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker

Grade: 4 of 6 stars

Helga Songøygard Battin: Rosehagtornen. Roman. 237 sider. Samlaget.

Jan Kjærstad sa for ei tid tilbake at norske forfattarar flest er såpass skriveføre at dei vanskeleg kan avfeiast som snublande amatørskribentar som ikkje burde bli publiserte. Problemet med norske samtidsromanar er at litt for mange av dei manglar ei original, overrumplande historie. Då hjelper eit stødig språk lite.

Denne kjærstadske innvendinga kan lett reisast mot debutboka til Helga Songøygard Battin, fødd 1989, busett i Vest-Telemark og med bakgrunn frå Forfattarstudiet i Bø. «Rosehagtornen» er ei kvardagsrealistisk samlivshistorie fortald i eg-form, aldri forsert i tonen eller klønet, men dei fleste forviklingane og symbola som dukkar opp undervegs, blir formidla på sparebluss og verkar velkjende. Dette er ein tekst som blir for lågmælt, langsam, omstendeleg i sitt språklege uttrykk. Eg saknar originalitet og dramatisk snert i den historia som her utspeler seg på litt over 200 romansider.

Eg-forteljaren heiter Tilia, etter det latinske ordet for lindetre, har bikka tretti år, bur saman med den jamgamle, yogafikserte, vegetaropphengde, slanke triminstruktøren Adrienne i ei fjellbygd austpå. Ho har frustrerande deltidsjobb på eit offentleg kontor, reagerer sterkt på vonde luktar og synest meir opptatt av blomar og tre enn alt anna i livet. Ho gir plantene ho skaffar seg eigne namn, som Oluf, Syri, Karl eller Rose, og vil helst ikkje høyra på mora si og Adrienne når dei kjem inn på spørsmålet om ho ikkje snart skal skaffa seg barn, t.d. ved å besøka ein sædbank i København.

Tilia summerer opp sjølvbildet sitt gjennom orda: «Feil haldning, feil kropp, feil jobb, feil hobby». I motsetnad til den gifte storesøstera Hilde som har tre barn, mora som brått avlegg henne eit besøk, og Adrienne, verkar eg-forteljaren sosialt usikker og sårbar. Det demonstrerer ho både overfor sambuaren, mora, naboen Gjermund, Karin på gartneriet og diverse vennepar, enten dei no er lesbiske eller heterofile.

Forteljinga kretsar oftast rundt den vaksne Tilias ambivalente forhold til eigen kvardag. Forfattaren etablerer nok visse vekst- og smertesymbol, skapar ein undertekst av usagt og opererer med ein open slutt. Det meste i romanen blir likevel for trivielt og puslete i anslaget, utan spenningsskapande, overraskande effekt.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann i 60-årene kjørte gjennom bomringen med tildekkede skilt

  2. Tysk fange i politiets søkelys i Madeleine McCann-saken

  3. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  4. Toppene i Stavanger-politikken kan selv tallfeste hvor mye de vil ha i kompensasjon

  5. Her rygger leddbussen ned på Diagonalen

  6. Helsetilsynet mener Sirdal kan ha begått flere lovbrudd i behandlingen av gravid kvinne

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Bøker