Desperat etter å få barn

Pia Tjelta drivande god som fertilitetslegen som desperat ønsker sitt eige barn.

Elin (Pia Tjelta) er proff på jobb som fertilitetslege, men irrasjonell privat i kampen for å få sitt eige barn.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

MADE IN OSLO

Premiere Viaplay 24. april. Norsk serie i åtte episodar. Serieskapar: Kathrine Valen Zeiner. Regi: Marit Moum Aune. Med: Pia Tjelta, Jakob Cedergren, Ola G. Furuseth, Mariann Hole, Sara Khorami, Ane Skumsvoll, Tobias Menzies, Per Kjerstad, Jakob Oftebro og Erle Østraat. Musikk: Kåre Vestrheim.

Det er ikkje alltid lett å seia kvifor ein TV-serie treff eller ikkje. Men i «Made in Oslo» stemmer mykje: Historia er – lenge – god, spennande og nær. Det er mogleg å kjenna seg att i dei moralske dilemma og krisane som dukkar opp. Karakterane er truverdige, ikkje minst fordi skodespelarane er drivande dyktige. Det heile er flott filma og produsert, eit visuelt fint portrett av Oslo. Ja, og så er musikken veldig fin.

Proff på jobb

«Made in Oslo» handlar om legen Elin (Tjelta), som saman med ekskjærasten CC (Furuseth) driv fertilitetsklinikken Bien. På jobb er Elin særs profesjonell og hjelper ufrivillig barnlause med prøverøyrsbehandling.

Privat er ho ikkje like rasjonell. Elin vil så inderleg gjerne få sitt eige barn. Ho har vore gjennom 17 prøverørsforsøk utan å lukkast, har øydelagt mykje på heimefronten, der ho nå bur saman med tømmermannen Bjørn (Cedergren) og 50 prosent med hans dotter Stella (Østraat). Men Elin nektar likevel å gi seg. Når serien startar, går ho i gang med eit nytt forsøk på å bli gravid, der ho (igjen) risikerer både forhold, jobb, familie og vener.

Pia Tjelta er fantastisk i den komplekse rolla som Elin. Som profesjonell fagperson. Som irrasjonell privatperson. Som sårbar – men også infam. Som morosam – men også kjip. Som eit heilt menneske – med alle sine feil, manglar og styrkar.

Jul med mine og dine barn, og ein eks, i «Made in Oslo».

Bra skodespel

Men så er Tjelta også omgitt av eit knakande godt skodespelarlag – opptil fleire med Rogalandsk tilknyting. Ane Skumsvoll frå Haugesund teater imponerer igjen – slik ho også gjorde i NRK-serien «22. juli». Mariann Hole er god, det same er Sara Khorami, Jakob Cedergren i rolla som Elins mann, Furuseth som CC, Jakob Oftebro i birolla som drosjesjåføren som prøver å bli far. Det kjennest eigentleg urettferdig å nemna folk med namn, for her har den erfarne teaterregissøren Marit Moum Aune plukka skodespelarar frå øvste hylle. Ho har instruert dei, frå små til store roller, til å framstilla truverdige, levande menneske.

Tematikken er noko alle som har ønska seg barn – og alle som har fått barn – vil kunna kjenna seg att i. Kan ein få barn på naturleg vis? Viss ikkje, kva etiske grenser skal det vera for medisinsk assistanse? Kva med adopsjon? Og, om du har fått barn: Kva vil du gjera for å behalda det?

Midt oppi alt dette, kjem alle dei kompliserte relasjonane som oppstår med mine og dine barn, mine og dine eksar, den moderne måten å leva i familie på. Korleis skal ein få til alt dette med barn, manglande barn, familie, krav, jobb, moral og etikk – saman?

Litt for mykje

Og her kjem strengt tatt mi einaste innvending, når fokus etter nokre episodar endrar seg. Etter kvar blir det litt i overkant mange intrigar og komplikasjonar til å bera heilt til mål på truverdefronten.

Serieskapar Kathrine Valen Zeiner har skrive eit smart drama – basert på eigne erfaringar – som tek opp viktige dilemma og problemstillingar som ligg nært oss. Det blir gjort både med alvor og humør.

Men sjølv om dette er store spørsmål, er det kvardagsdramaet og relasjonane som er det sentrale. Du kjenner att dei du ser på skjermen. Du trur på dei. Du kjenner med dei.

Då treff TV-dramaet.

Publisert: