Øko-thriller går seg vill i skogen

FILM: Flott å sjå på, men mystisk og uklar historie frå urskogen i Sør-Afrika.

Gabi går seg vill i den sørafrikanske urskogen. Så begynner merkelege ting å skje i «Gaia».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Gaia

Kinopremiere: 07.01.2022. Med: Monique Rockman, Carel Nel, Alex van Dyk, Anthony Oseyemi. Sjanger: Grøssar / Skrekkfilm / Horror. Regi: Jaco Bouwer Nasjonalitet: Sør-Afrika, 2021. Aldersgrense: 15 år. Språk: afrikaans/engelsk. Lengde: 1 time, 37 minutt.

I gresk mytologi er Gaia urgudinna for alt levande, sjølvaste Moder Jord. I den sørafrikanske filmen «Gaia» er det mykje Moder Jord, mystisk natur og ein god del overtru. Men dessverre er det litt uklart nøyaktig kva denne historia eigentleg handlar om.

To skogvaktarar padlar seg innover ei elv i den sørafrikanske urskogen for å sjekka viltkamera. Dei kjem frå kvarandre. Langt inne i den stadig meir mystiske skogen, i mørkets hjarte, møter Gabi (Rockman) via dramatiske omstende ein far og ein son som lever sine høgst alternative villmannsliv i naturen, som to eremittar.

Far og son lever som to ville eremittar i skogen.

Visuelt er dette tidvis fantastisk å sjå på, med ei vakker blanding av digitale effektar og nydeleg foto. Tidvis kan det sjå ut som reine kunstfilmen, med vakre, utsøkt komponerte bilete.

Men som i kunstfilm, kan det også bli vel mykje estetikk og mangla noko på den dramatiske motoren i historia. Etter kvart som det strengt tatt ikkje skjer så mykje nytt, blir det eigentleg meir og meir uklart kva som eigentleg er greia.

Ein skikkeleg grøssar eller thriller treng til dømes ein tydeleg fiende eller skurk. Som me på eitt vis bør bli litt kjent med, fascinert av, redd for. Her virrar nokre underlege skapningar rundt i skogen, men dei blir på eit visst tidspunkt meir parodiske enn skremmande. Og kanskje er det likevel ikkje dei som er det største problemet, men noko uklart, ei eller anna kraft i naturen.

Det vesle skodespelarteamet fungerer greitt, utan å briljera i den usannsynlege og stadig tynnare historia. Sannsynlegvis er det ein slags bodskap om naturens kraft og verdi her, ein slags kritikk av moderne sivilisasjon, forbruk og øydelegging av Moder Jord frå langfilmdebutant Jaco Bouwer.

Men alternativet til det moderne livet blir for merkeleg og vagt til at du får særleg lyst til å flytta ut i naturen og livnæra deg med pil og bue heilt enno.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. «Swan Song» hyllar eit homse­ikon – men hylling på film er trøblete greier

  2. Overdådig dokkefilm

  3. Fascinerande doku­mentar om verdas vakra­ste gut

  4. Til alle utol­modige: Denne fil­men har vore verdt vente­tida

  5. Blodfattig monster-moro

  6. Dette er den typen film hvor det ikke er noen voksne hjemme

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film