Fin film om mormor som blir dement

FILM: Fint og varmt om komplisert tema både for store og små.

Romy hjelper mormor i frisørsalongen når mormor begynner å gløyma.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Romys salong

Originaltittel: Kapsalon Romy. Med: Vita Heijmen, Beppie Melissen, Noortje Herlaar, Guido Pollemans. Norske stemmer: Elida Skar Skuterud, Inger E. Norderhaug, Silje Storstein, Dennis Storhøi, Frank Jørstad, Christin Borge, Anya Rasmussen, Mathias Storhøi, Stella Bjørnebye Solheim. Sjanger: Drama / Familiefilm. Regi: Mischa Kamp. Nasjonalitet: Tyskland / Nederland, 2019. Aldersgrense: Tillaten for alle. Lengde: 1 time, 29 minutt.

Ein familiefilm om demens, går det an? Ja, det gjer visst det.

Nederlandske «Romys salong» handlar om Romy som eigentleg ikkje har lyst til å vera hos mormor når mora er på jobb og faren har fått seg ny kjærast Romy ikkje likar. Mormor er så streng, er mest oppteken av frisørsalongen sin, det er kjempekjedeleg for ein tiåring å vera der.

Men så begynner mormor gradvis å gjera stadig rarare ting, ho gløymer ting ho akkurat høyrde, men hugsar veldig tydeleg tilbake til oppveksten i Danmark, slår stadig oftare over på danske.

Dei vaksne som ser filmen – og gamle menneske som endrar seg på denne måten – skjønnar nok etter kvart kva dette kan vera. Men synsvinkelen i «Romys salong» er ganske konsekvent lagt hos barnet, fint spelt av Vita Hejmen. Og sidan ho er eit barn, framstår det som skjer med mormora like forvirrande og merkeleg som det gjer for mormora sjølv.

Regissør Mischa Kamp tek seg god tid i forteljinga – kanskje litt for god tid i periodar. Den dvelande forteljarstilen bidreg til gjengjeld til at dette vonde og vanskelege temaet – denne katastrofen for mormora og hennar næraste – blir fortalt på ein roleg og ikkje skremmande måte. Sånn sett er dette ein fin og varm måte å nærma seg eit komplisert tema på.

Filmen er dubba til norsk – og teksta på norsk – slik at alle aldrar skal kunna skjønna det som blir sagt. Eg skjønnar den gode intensjonen. Ein familiefilm om demens på nederlandsk ville kanskje gjort terskelen for høg for norske familiar. Men sjølv om filmen dermed blir forståeleg for alle, er eg ikkje fan av denne forma for dubbing. Halve skodespelet er korleis skodespelarane snakkar. Når dette blir erstatta av litt boksete studiostemmer frå Oslo, blir det rett og slett ikkje det same.

Men skal du sjå berre éin familiefilm om demens, er «Romys salong» absolutt eit fint alternativ.

Publisert:
  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film

Mest lest akkurat nå

  1. Helsearbeider forsøkt voldtatt på jobb

  2. – Imponerende at de klarte å ha aktiviteter som passet både treåringer og tenåringer

  3. Strenge dietter ga Helge H. Rakstang et anstrengt forhold til mat. Dette gir varig endring i kostholdet, ifølge fagfolk

  4. Ryfylke har fått sin første vingård

  5. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  6. De opplevde nylig sin største nedtur. Nå vil Viking-talentene slå tilbake med cupgull