Vanskeleg å få tak på

FILM: «Dianas bryllup» prøver å vera både komisk og tragisk – men blir dermed ingen av delane.

Terje og Liv giftar seg same dag som Charles og Diana, i kantina til Borregaard Industrier i Sarpsborg. Foto: Andrej Vasilenko

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Dianas bryllup

Med: Marie Blokhus, Pål Sverre Hagen, Olav Waastad, Jannike Kruse, Ine Willman, Nader Khademi. Sjanger: Komedie. Regi: Charlotte Blom. Nasjonalitet: Norge, 2020. Lengde: 1 time, 27 minutt. Aldersgrense: 12 år.

Går det an å laga komedie om omsorgssvikt og ulukkelege ekteskap? Ja, sannsynlegvis. Går det an å laga vonde drama om tematikken? Absolutt. Men går det an å laga film som både skal vera komisk, og samtidig alvorleg? Nja. Det høyrest nesten umogleg ut, men regissør Charlotte Blom prøver, i «Dianas bryllup».

Filmen startar 29. juli 1981. Dagen Charles og Diana giftar seg i St. Paul's Cathedral i London – og dagen Liv (Marie Blokhus) og Terje (Pål Sverre Hagen) feirar bryllup i kantina til Borregaard industrier i Sarpsborg. Og nesten gløymer vogna der deira nyfødde dotter Diana ligg.

Det er mindre pomp og prakt hos Liv og Terje enn hos Charles og Diana. Nettopp klasseperspektivet går som ein raud tråd gjennom heile filmen, om enn litt vel klisjéfylt: Terje jobbar på golvet hos Borregaard, har bart, bannar, liker å ta seg ein fest, verkar som ein ganske enkel kar som har lett for å le. Naboen Jan (Olav Waastad) er sivilingeniør, familien reiser til Mallorca på sommarferie, ikkje på camping til Sverige. Kona (Jannike Kruse) gnir stadig inn at dei har betre råd enn Liv og Terje.

Og så følgjer me desse to para, med flott tidskoloritt, frå 1981 til 2020, der dei kranglar, drikk, forsømmer barna sine, ikkje har sex, har sex, går i sinne og blir forsonte.

Alt dette blir for ein stor del sett frå barnas perspektiv, nærmare bestemt Dianas. Og barna har det ikkje veldig bra i alt det vaksne dramaet.

«Dianas bryllup» blir marknadsført som ein komedie. Men same kor mykje Terje og Liv ler, i sitt fine samspel av konflikt og kjærleik, er det ikkje veldig morosamt. Naboen Jan er kanskje tenkt å vera komisk slapp, men blir kjedeleg og trist. Det blir litt low energy.

Dilemmaet er at forsøket på å laga komedie av ein ganske alvorleg tematikk samtidig fjernar noko av det emosjonelle avtrykket filmen kunne gitt.

Eit stort pluss: Det er veldig bra at det blir laga filmar frå andre stader enn Oslo sentrum og om «vanlege folk» – kva nå enn det er. Om arbeidarklassefolk i Sarpsborg, om det som kunne blitt ein Bruce Springsteen-låt, slik «Hungry Heart» akkompagnerer dei nygifte inn i det som skal bli eit turbulent samliv.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Film
  3. filmer
  4. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Ny studie på demens: – Funnene er oppsiktsvekkende

  2. Torvik beklager e-post: – Ikke rasistisk ment. – Kan oppleves rasistisk, sier professor ved VID

  3. «Dette går ikke, Viking. Berntsen kan ikke få en slik avskjed»

  4. Fjell­bygda nektet å dø. Nå har de store planer

  5. Hver kveld klemmer hun hode­puten til Maria og sier god natt til en datter som ikke lenger lever

  6. Hun ble brukt i reklame for Wizz Air. I dag kjemper hun mot selskapet i retten