Aftenbladets kulturpris 2015 til Sølvberget

Sølvberget får Aftenbladets kulturpris 2015 for å vera ein raus møteplass og det frie ords våpendragar.

Publisert: Publisert:

Dei tilsette er Sølvberget. Dei får Aftenbladets kulturpris for 2015. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
  1. Gunnhild Nordbø, leiar barne- og ungdomsbiblioteket. Foto: Jonas Haarr Friestad

  2. Susanne Borg er teamleiar for Sølvbergets 1. etasje. Foto: Jonas Haarr Friestad

  1. Tone Larssen Rogne leier prosjektet "Ung i sentrum". Foto: Jonas Haarr Friestad

  2. Egil Henriksen er bibliotekar på fakta og digital. Foto: Jonas Haarr Friestad

— Eg tippa at me skulle få Aftenbladets kulturpris. Det er den tida på året, seier Egil Henriksen, veteran og levande leksikon på Stavanger bibliotek. Då han fekk høyra at dei tilsette måtte ta på seg den grøne t-skjorta med "Biblå" på, og samla seg på det grøne teppet i den nye førsteetasjen fordi Aftenbladet skulle laga sak om noko hemmeleg, tenkte han sitt.

— Det er jo ein gammal heiderspris, seier Henriksen, som kan sin stavangerhistorie.

"Raus møteplass"

Og han har rett. Aftenbladets kulturpris har gått til mange og tunge kulturnamn opp gjennom åra. Når me i år har valt å gi prisen til Sølvberget, trekkjer juryen fram nettopp det som har vore poenget med ombygginga på Sølvberget: "Sølvberget, med biblioteket som spydspiss, er det nærmaste Stavanger kjem ein raus møteplass for alle og kven som helst. Det er gratis, det er ujålete og klokt lite prangande," skriv juryen blant anna i si grunngjeving.

— Me er svært glade for prisen – og for grunngjevinga, seier sjefen sjølv, Marit Egaas, og presiserer at dette er alle som jobbar på Sølvberget sin pris.

Det er me heilt einige i, og derfor snakkar me heller med fire av dei tilsete enn med sjefen denne gongen. For dei meir enn 1,2 millionar besøkande Sølvberget hadde i fjor møter nettopp desse. Eit vennleg fjes i skranken i førsteetasjen. Ekspertar på film og musikk i musikkbiblioteket. Folk som har oversikt over alt frå Torbjørn Egner til Lene Ask på barnebiblå. Eller dei som arrangerer møter og debattar, er ekspertar på skjønnlitteratur, sakprosa eller kan hjelpa deg med å finna stoff til særemnet ditt på skulen.

— Me var nok tidleg ute med å snakka om biblioteket som ein møteplass. Me snakkar ikkje så mykje om utlån, men om biblioteket som ein stad det skal vera lov å vera, seier Susanne Borg, som er teamkoordinator for den nye førsteetasjen på Sølvberget.

Sentralt plassert

Og nettopp denne nye, opne, litt annleis etasjen i eit bibliotek har gjort at Sølvberget har fått stor merksemd rundt om i landet. Både bibliotekfolk og politikarar har valfarta til Sølvberget for å sjå og læra, og i regjeringas nylig framlagde bibliotekstrategi, er halvparten av bileta tekne på Sølvberget – som også er nominert til fleire prisar, sist som ein av finalistane til tittelen "Årets bibliotek".

— Noko av det spesielle med Sølvberget, er plasseringa midt i sentrum. Det gjer oss veldig tilgjengelege, seier Tone Larssen Rogne, som er prosjektleiar for "Ung i sentrum" på Sølvberget. Hennar jobb er å gripa fatt i ungdommane.

— Unge mellom 16 og 20 år fell gjerne litt frå, men dei heng her hos oss. Då er det om å gjera å snakka med dei, finna ut kva dei er opptekne av og få dei med på å laga arrangement som passar for dei, seier Larssen Rogne.

— Me held idealet om at me skal vera for alle veldig høgt. Det finst nok høgare terskel på ein del andre kulturinstitusjonar enn det er på Sølvberget, seier Gunnhild Nordbø, som leiar barne- og ungdomsbiblioteket.

Med eit årleg besøk på 1,2 millionar, er Sølvberget Stavangers suverent best besøkte kulturinstitusjon.

Levande kunnskap

— Det som skil Sølvberget frå andre møteplassar, er at me forvaltar og gjer tilgjengeleg kunnskap på ein annan måte enn kva internettet gjer. Me byr på kjeldekritikk og kunnskap i møte med informasjon, og får utallige tilbakemeldingar frå folk som set pris på nettopp det, seier Henriksen.

For det er nettopp dette som skil eit levande bibliotek med levande menneske frå eit Google-søk: Her får du kompetent og levande hjelp til å manøvrera i havet av informasjon. Ikkje tilfeldig, derfor, at så mange skuleelevar jobbar med fordjupingsemna sine her. Eller at det kom over 800 elevar på nyskapinga eksamensforelesingar før sommaren.

— Du kan koma til Sølvberget og bli klokare – heilt gratis, seier Larssen Rogne.

— Og kan ikkje den første personen du møter det du spør om, veit vedkomande kven du kan spørja i staden, sidan dei som jobbar her er ulike folk, i ulik alder, med ulike utdanningar, ulike spesialitetar og ulike bakgrunnar, seier Henriksen.

Mange eldsjeler

Nordbø har alltid følt at det er litt spesielt å jobba på Sølvberget – utan at ho klarer heilt å setja fingeren på kva det er. Men kvar gong det er medarbeidarundersøkingar, viser det seg at folk er stolte av å jobba der. Det trur Larssen Rogne publikum merkar.

— Det finst mange eldsjeler her, mange som brenn for jobben sin, seier Nordbø.

Det same mangfaldet som hos dei tilsette finn du i brukarane av Sølvberget. Alle barn som veks opp i Stavanger, er innom både gjennom barnehage og grunnskule.

— Det er ein måte å byggja ein relasjon mellom brukar og bibliotek heilt frå barnsbein av, seier Nordbø.

I andre enden av aldersskalaen arrangerte biblioteket nyleg iPad-kurs for eldre. Og mellom dei aldersmessige ytterpunkta, finst altså alle slags folk, av alle etnisitetar og bakgrunnar.

Debattarena

Noko av det relativt nye i bibliotekspolitikken, er eit auka krav om at folkebiblioteka skal vera debattarenaer og – i praksis – noko som liknar litteraturhus. Men også her er Sølvberget godt i gang, med ein haug arrangement både på dag- og kveldstid.

Henriksen meiner torsdagspraten er representativ: Her møter over 100 menneske opp kvar torsdags formiddag klokka 12 for å høyra presentasjonar av både sakprosa og skjønnlitteratur. Somme av arrangementa står Sølvberget sjølv bak, andre står eksterne arrangørar bak – som også er veldig velkomne inn. Og om eit par veker er det altså Kapittel-festival: Fem dagar stappfulle av arrangement om og rundt litteratur og ytringsfridom.

Andre del av grunngjevinga for Aftenbladets kulturpris, handlar om Sølvbergets rolle som det frie ords våpendragar. Ikkje bare fordi Sølvberget husar hovudkvarteret for den internasjonale fribyordninga for forfulgte forfattarar – ICORN – men også fordi dei torer å ta debattar og arrangement som kan vera kontroversielle og vekka debatt.

Karikaturar

Den dagen i januar då terroristane gjekk til åtak på det franske satiremagasinet Charlie Hebdo, som ein reaksjon på deira karikaturar, dreiv dei tilsette på Sølvberget og monterte ei utstilling av karikaturteikningar.

— Eg meiner den dagen viser Sølvberget i eit nøtteskal: Åtaket kom som eit sjokk på oss, men samtidig klarte me å mobilisera masse folk på jobb. Me visste ikkje om me kunne opna utstillinga vår dagen etter, men jobba som om me skulle det – i tillegg til at me fekk på plass eit undervisningsopplegg i rekordfart, seier Borg.

Og dagen etter åtaket i Paris, opna dermed utstillinga i Stavanger, etter at PST og politiet hadde vurdert det som trygt nok. Utanfor stod rett nok ein politimann, men åtaket skremte ikkje Sølvberget til å avlysa eller flytta utstillinga ned i eit låsbart rom, slik Høgskolen i Oslo og Akershus gjorde då teikningane skulle visast der. Fasiten blei at 9000 var innom utstillinga, ingen protesterte – og Sølvberget stod igjen som ein tydeleg forsvarar for ytringsfridomen. Ikkje bare i festtalar, men i praksis.

Meir i vente

Sølvberget opna sin nye førsteetasje, Stavangers nye møteplass, i januar 2014. Eitt år seinare viste statistikken ein publikumsvekst på heile 62 prosent, til 1.202.980 besøk. Suksessen er altså udiskutabel. Men den nye førsteetasjen er ifølgje gjengen i sofaen bare første etappe i omskapinga av biblioteket og bygget ved Arneageren. For i tida som kjem skal også det som finst i 2. og 3. etasje flyttast på og fornyast.

— 1. etasje var bare starten. Det er mykje kjekt i vente, avsluttar Nordbø.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Sjekk denne perlen fra Viking-spilleren: – Jeg bare la den i hjørnet

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  4. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  5. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret

  6. Område i Spania stenges ned