Ondskapens banalitet

FILM: Snakkefilm om nazistanes Endelege løysing.

Vaksne menn diskuterer dei logistiske utfordringane rundt folkemord i «Wannsee-konferansen».
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

WANNSEE-KONFERANSEN

Kinopremiere: 25.11.2022. Originaltittel: Wannsee-konferenz. Med: Philipp Hochmair, Johannes Allmayer, Maximilian Brückner, Fabian Busch, Matthias Bundschuh, Jakob Diehl, Lilli Fichtner, Godehard Giese, Peter Jordan, Arnd Klawitter, Frederic Linkemann, Thomas Loibl, Sascha Nathan, Markus Schleinzer, Frederik Schmid, Simon Schwarz, Rafael Stachowiak. Sjanger: Drama / Krigsfilm. Regi: Matti Geschonneck. Nasjonalitet: Tyskland, 2022. Språk: tysk. Lengde: 1 time, 48 minutt.

Okei. La oss starta med eit aldri så lite historisk-filosofisk tilbakeblikk. Etter å ha følgd rettssaka mot nazisten Adolf Eichmann etter 2. verdskrig, kom den amerikansk-jødiske filosofen Hannah Arendt opp med det som skulle bli eit kjent omgrep, nemleg «Ondskapens banalitet». I staden for «onde monster», stod mange av dei som sat på tiltalebenken i Nürnberg fram som grå byråkratar, vanlege folk som hevda at dei ganske enkelt gjorde jobben sin. Mens dei altså organiserte det verste folkemordet i historia.

Tyske «Wannsee-konferansen» bygger opp under dette inntrykket. Filmen er basert på eit referat etter møtet – Eichmanns eige referat, som skulle bli eit viktig dokument i rettssaka mot han. Men faktum er altså at ei gruppe leiande representantar for det tyske naziregimet møttest til eit frukostmøte i ein villa ved Wannsee 20. januar 1942. Einaste tema på agendaen: Ei «endeleg løysing på jødespørsmålet».

Me veit jo kva «løysinga» blei, altså eit industrialisert folkemord på millionar av menneske. Men filmen om møtet viser fram diskusjonen som låg bak. Som jo ikkje er veldig filmatisk av seg, men like gjerne kunne vore teater. Det trekker ned.

Men det er i diskusjonen at ondskapens banalitet viser seg fram, i all si tekniske gru. For i staden for å diskutera det moralsk forkastelege i desse tankane, nærmar møtedeltakarane seg temaet som ei byråkratisk, logistisk og rekneskapsmessig utfordring. Det store spørsmålet er korleis ein «løyser» problemet mest mogleg effektivt?

I den grad det dukkar opp moralske kvalar, handlar det om påkjenninga for dei tyske soldatane som må drepa alle desse menneska. Men også dette problemet blir løyst om ein lagar eit effektivt nok system.

Adolf Eichmann fekk på plass systemet sitt. Han flykta til Argentina etter krigen, men blei funnen og bortført av israelske Mossad i 1960. Han blei dømt til døden for folkemord og avretta i 1962.

Publisert: