Varmt om livet før døden

FILM: Alvoret fungerer betre enn humoren i franske «På kanten av livet».

Arthur (t.h.) og César er bestevenner. Etter at den eine av dei får kreft, møter dei leiaren for ei støttegruppe for kreftramma, Randa.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

På kanten av livet

Originaltittel: Le meilleur reste à venir. Med: Fabrice Luchini, Patrick Bruel, Zineb Triki. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Alexandre de La Patellière, Matthieu Delaporte. Nasjonalitet: Frankrike / Belgia, 2020. Aldersgrense: 6 år. Språk: fransk. Lengde: 1 time, 57 minutt.

Eg har eit enkelt prinsipp når det kjem til komediar. Etter at det er over, spør eg meg sjølv: «Lo du?» Er svaret «Nei», fungerte ikkje komedien. Lo eg, fungerte det.

I tilfellet «På kanten av livet», lo eg ikkje. Eg drog på smilebandet nokre gonger, men blei framfor alt sitjande og tenkja på at eitt av problema med humor, er når folk prøver for hardt. Her prøver ein veldig hardt, med klassiske humoristiske verkemiddel som misforståingar, forveksling og forviklingar. Men det blir for openbart, for tydeleg, for lite underforstått, for lite elegant.

Men di lenger filmen varte, di meir kom eg i stuss om dette faktisk er ein komedie. Om hovudpoenget eigentleg er at me skal le. Til slutt var eg strengt tatt nærmare gråten – den gode – enn latteren.

«På kanten av livet» handlar om dei to middelaldrande mennene Arthur og César. Dei er eigentleg to usannsynlege kompisar, sidan dei er heilt ulike typar. Arthur er ein tilknappa, rasjonell og snusfornuftig lege og forskar. César er ein impulsiv levemann som lever kvar dag som om det skulle vera den siste.

Og akkurat denne problemstillinga skal bli meir aktuell enn nokosinne når det viser seg at den eine av dei to har terminal kreft og den andre prøver å stilla opp for vennen sin.

Dermed handlar «På kanten av livet» framfor alt om livet, vennskap, korleis ein skal leva, om prioriteringar og perspektiv, ikkje minst når ein veit at døden er like rundt hjørnet. Her er sjølvsagt ganske mange klisjear og livsvisdom du har høyrt før, men det er varmt og sympatisk gjort – trass dei berre delvis vellukka forsøka på å vera morosam på vegen. Kanskje kunne filmen blitt betre om han var ein halvtime kortare og dermed strammare fortalt.

Den norske tittelen «På kanten av livet» høyrest jo litt dramatisk ut. Den franske originaltittelen signaliserer nok meir av den vemodige optimismen i filmen, for den betyr, direkte omsett: «Det beste er framleis i vente».

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ser og høyrest ut som ein inter­nasjonal thriller

  2. Sårt og ærlig om ungdom som sliter

  3. Disse babyene burde gitt seg mens leken var god

  4. Mannen som nektar å flytta

  5. Kva vil du ofra for ei Michelin-stjerne?

  6. Ikkje heilt konge

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film