Vil du bli biletkunstnar, må du flytta frå Stavanger. Mens Bergen tiltrekker seg kunstnarspirane og professorane
HELGEINTERVJUET: Etter 13 år i Bergens kunstliv, skal Jane Sverdrupsen leia Rogaland kunstsenter. Kva kan kunstbyen Stavanger læra av kunstbyen Bergen?
Jane Sverdrupsen flytta til Bergen for å utdanna seg til biletkunstnar. Nå har ho flytta til Sandnes for å ta over som dagleg leiar for Rogaland kunstsenter i Stavanger. Jarle Aasland
– Bergen har eit sterkt vitskapleg miljø for biletkunst ved universitetet som påverkar kunstscenen i byen. Eit slikt fagleg universitetsmiljø har ikkje Stavanger, seier Jane Sverdrupsen.
Etter å ha starta så smått allereie i sommar, tok ho 1. oktober over på fulltid som ny dagleg leiar for Rogaland kunstsenter. Senteret ligg – enn så lenge – på Nytorget i Stavanger, men har heile fylket som ansvarsområde i sitt arbeid med visuell kunst.
Sverdrupsen, opphavleg frå Karmøy, har ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen, i dag Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) under Universitetet i Bergen. I Bergen har ho både jobba som frilans kurator, som kunstnar og som kommunikasjonskonsulent på kunstfakultetet.
– Det var fantastisk å vera kunststudent i Bergen, og også i tida etterpå.
– Så kvifor kom du hit, då?
Les hele saken med abonnement