Kvinnekamp i Saudi-Arabia
FILM: Interessant innblikk i absurd kjønnsdelt Saudi-Arabia.
Maryam (i midten) får hjelp av søstrene til å driva valkamp til kommunestyret.
- Jan ZahlKulturjournalist
Maryam
Originaltittel: The Perfect Candidate. Med: Nora Al Awadh, Dae Al Hilali, Mila Al Zahrani. Sjanger: Drama. Regi: Haifaa Al-Mansour. Nasjonalitet: Saudi-Arabia, 2019. Aldersgrense: Tillaten for alle. Språk: arabisk. Lengde: 1 t. 44 min.
Det er ikkje ofte me ser film frå Saudi-Arabia – som visstnok ikkje opna for kinodrift før i 2018. Haifaa Al-Mansour er landets første kvinnelege filmregissør og står bak filmar som «Den grønne sykkelen» og «Mary Shelley».
«Maryam» handlar om ei anna kvinne som utfordrar konservative kulturelle og religiøse konvensjonar. Maryam – fint spelt av Mila Al Zahrani – jobbar som lege på eit medisinsk senter der vegen utanfor berre er gjørme. Enkelte mannlege pasientar nektar å la seg behandla av ei kvinne.
Men Maryam irriterer seg også på at vegen til legesenteret ikkje er asfaltert, og bestemmer seg, litt tilfeldig, for å stilla som kandidat til kommunestyret.
Det er ikkje enkelt. Éin ting er at Maryam ikkje veit noko om korleis ein driv valkamp, men minst like komplisert er det å bli teken på alvor som kvinneleg kandidat.
«Maryam» viser eit samfunn som er så kjønnsdelt og så begrensande, særleg for kvinnene, at det frå eit liberalt, vestleg perspektiv nesten er absurd. Kvinnene får ikkje reisa nokon stad utan godkjenning frå ein mannleg verje, kan ikkje vera i same rom som mennene for å snakka til dei på valmøte, må vera svært forsiktige med kva dei seier og korleis dei fører seg.
Det er kanskje her «Maryam» sin viktigaste kvalitet ligg, i at me får eit sjeldan innblikk i eit samfunn som ligg så langt unna og som me sjeldan høyrer frå. Både i avgrensingane, men også i arenaene der kvinnene er friare og seg sjølv, som bak husets fire vegger eller i bryllaup. Me får på eitt vis også eit innblikk i at det nok ligg visse føringar på korleis saudiske menn skal føra seg.
Filmen rullar og går i eit ganske roleg tempo, utan den store dramatikken eller dei store faktene. Det er interessant å få eit innblikk i saudisk kvardagsliv. Men samtidig kan jo kvardagsliv bli litt vel kvardagsleg på film.
Mest lest akkurat nå
Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium
Folkehelseinstituttet bommet kraftig på smittetall i julen
Ber folk slutte med «smitte-shaming»: - Gapestokken ble faktisk avskaffet for mange år siden i Norge
Fine skiforhold i Sirdal, men ekstremkulde ødelegger idyllen
Ti sjåfører fikk bot på E39
Mann døde etter å ha fått tre over seg i Flekkefjord
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Går inn for å forlenge smitteverntiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig
Vi har ikke tid til å vente på at folk bytter ovner og lærer seg å fyre på rett måte
– Klimaplanen er et historisk taktskifte
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren