Nei-landet som er innanfor

BOK: Norge har eit tvisynt forhold til Europa. Lise Rye fortel historia om korleis EØS vart svaret.

Publisert: Publisert:

Folkerøystinga i 1972 enda med nei til EF, var det Norges utgåve av det internasjonale sekstiåttaropprøret? Foto: SCANPIX

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 of 6 stars

Lise Rye: Norge i Europa. 239 sider. Fagbokforlaget.

28. november er det 25 år sidan det norske folkefleirtalet for andre gong sa nei til EU-medlemskap. Ved årsskiftet var det også 25 år sidan EØS-avtalen trådde i kraft, den som langt på veg har gjort Norge til økonomisk medlem av EU.

At store delar av det norske byråkratiet, rettsvesenet og politikarane ennå ikkje heilt har fatta kva dette inneber, viser den aktuelle trygdeskandalen, der kanskje tusentals nordmenn er blitt stempla som svindlarar for å ha motteke ytingar frå Nav som dei etter EØS-reglane har full rett på.

Det er altså behov for informasjon, både om Norges forhold til Europa generelt og om EØS spesielt. Mønsteret som har danna seg i Norge, er som kjent at me diskuterer EU intenst omkring folkerøystingar, men at interessa er ganske laber når EU-spørsmålet synest avgjort.

Pådrivar for EØS

Men det blir jo forska. Eitt av miljøa er programmet for europastudiar ved NTNU i Trondheim, som professor Lise Rye er tilknytt. Boka «Norge i Europa» handlar om Norges forhold til europeisk integrasjon frå mellomkrigstida til i dag.

Bildet Rye teiknar, er ikkje uventa av eit tvisynt land som gjennom historia har vore svært skeptisk til politiske unionar og anna overnasjonalt samarbeid, men som til gjengjeld har vore svært oppteke av økonomisk samarbeid som sikrar handelen over landegrensene.

Rye har særleg forska på forholdet mellom Det europeiske fellesskapet (EEC, EF og nå EU) og frihandelsorganisasjonen Efta, der Storbritannia og dei skandinaviske landa til å begynna med var medlemmer, men som nå er redusert til Norge, Sveits, Island og Liechtenstein. Gjennom Efta var Norge i heile etterkrigstida ein pådrivar for auka frihandel i Europa, og Rye meiner det går ei klar linje fram til EØS-avtalen, som så å seia er skapt i Gro Harlem Brundtlands bilde. Utan EØS-avtalen trur Rye heller ikkje at det hadde blitt nei i 1994, sidan EU-tilhengarane dermed mista dei økonomiske argumenta for medlemskap.

Ei anna sak er om norske politikarar tok inn over seg konsekvensane av å akseptera EUs lovverk på stadig nye område. EU-samarbeidet har vist seg svært så dynamisk, og lovane og reglane Norge – så langt utan unntak – har gjort til sine, omfattar langt meir enn det som skal sikra fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital over landegrensene. 

«Over tid har EØS-tilknytningen gitt mer enn det Norge en gang ba om, på godt og vondt,» konkluderer Rye. Avtalen er prinsipielt problematisk for mange både på ja- og nei-sida, men har så langt halde stand som nasjonalt kompromiss.

Kjerringa mot straumen?

Lise Rye er sterk på den økonomiske og handelspolitiske historia, sjølv om framstillinga kan bli i overkant detaljert og teknisk for ein lesar som ikkje er spesialist. Når det gjeld dei politiske kampane om Europa-spørsmålet i Norge, støttar ho seg meir på det andre har skrive og er forsiktig med eigne konklusjonar.

Eit interessant synspunkt er likevel at Norges første nei, i 1972, i europeisk samanheng var meir oppsiktsvekkjande enn nei-fleirtalet i 1994. På 1990-talet hadde motstanden mot djupare EU-integrasjon vakna i fleire land, og dei danske veljarane sa såleis nei til Maastricht-avtalen om ein politisk union alt i 1992. I 1972 var Norge derimot kjerringa mot straumen, medan Storbritannia, Danmark og Irland gjekk inn som medlemmer med komfortable fleirtal.

Eit alternativt syn kan vera at EF-kampen i 1972 var Norges utgåve av det internasjonale sekstiåttaropprøret, med sterkt innslag av venstreradikal ungdom, men forsterka av ein meir særnorsk utkantprotest som gjorde nei-fleirtalet mogleg.

Lise Ryes bok er stort sett sakleg og ryddig, med mykje nyttig faktastoff. Enkelte stader legg ho inn eit kvinneperspektiv som velmeint motvekt mot ei historie som lenge er svært mannsdominert.

Litt rusk til slutt: Som lesar irriterer det meg at ho ofte lar vera å oppgi namnet på den ho siterer, for eksempel i stortingsdebattar. Og det må dessverre seiast: Kollega Sven Egil Omdal er van med å få namnet sitt feilskrive. Men varianten Svein Erik Omdahl, på side 183 i boka, må vel vera ein slags rekord.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Da han nektet å jobbe gratis under koronakrisen, ble hotelldirektøren sint. Samtalen ble tatt opp på mobilen

  2. Savnede turgåere funnet i live etter 18 dager

  3. Boreal får milliontilskudd for å få elferje over Høgsfjorden

  4. Tok seriegull med RBK – nå forlater han klubben

  5. Tidligere landslags­stuper: – Blir ikke tryggere uten stupebrett

  6. Gjestfriheten overfor bobilturister varierer, men et sted skiller seg ut som klart best

  1. EØS
  2. EU
  3. Norge
  4. Storbritannia