Sabla bra prat

TEATER: Ikkje så godt å seia nøyaktig kva «Grønlandsutraen» på Rogaland teater er. Men bra er det.

Publisert: Publisert:

Få med deg Fredrik Høyer i «Grønlandsutraen» på Rogaland teater før 26. november! Foto: Nationaltheatret

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Grønlandsutraen

Rogaland teater, Teaterhallen. Av og med: Fredrik Høyer. Regi: Mattis Herman Nyquist. Lysdesign: Ida Klevstul Burdal. Komponist/lyddesign: Gaute Tønder. 1 time, 5 minutt. Gjestespel frå Nationaltheatret.

November er reine Høyer-Nyquist-festivalen i Teaterhallen på Rogaland teater. Månaden starta med det flotte gjestespelet «Uten navn», skrive og regissert av Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist. Og fram til og med 26. november er det nå Høyer sjølv som står på scenen med sin eigen tekst «Grønlandsutraen» - i Nyquists regi.

«Uten navn» var veldig bra. Det same gjeld absolutt for «Grønlandsutraen». Minus tittelen, då. Den er like dårlig, hemmelig og lite interessevekkande for begge stykka. Så bra teater som dette fortener meir inviterande, forklarande og betre namn.

Komikk? Lyrikk? Musikk?

Det er ikkje heilt enkelt å seia nøyaktig kva «Grønlandsutraen» er slags framsyning. Eigentleg er det ei diktsamling, gitt ut på det vesle forlaget Fanfare i 2016, både som bok, men også som plate, med musikk. Nyquist har så tilrettelagt teksten for teaterscenen. Det starta som eit lite prosjekt på Torshovteatret i Oslo, men endte med fulle hus på Nationaltheatrets Amfiscene, gode kritikkar, lovprisingar av alt frå Liv Ullmann via Atle Antonsen og Anders Baasmo Christiansen til Chirag i Karpe - og Komiprisen i 2017 i kategorien «Årets nykommer».

Så kva er dette? Lyrikk? Teater? Stand up? Musikk? Monolog?

Svaret er ja. Og nei. For Høyer driv med slam poesi og spoken word, altså poesi der framføringa er heilt sentral. Det er forskjell på dikt skrivne for lesa inni deg, og poesi skriven for framføring på ein scene.

Minimal scene, maksimale ord

Scenen i Teaterhallen ser knapt ut som det skal spelast teater der. Det står fire mikrofonstativ i fronten, midt på scenen ligg to høgtalarar, og så tek musikar Gaute Tønder plass inne langs den eine veggen.

Inn kjem Høyer, ein ung mann i kvit skjorte og grå frakk. Han ser utilpass ut. Som ein vanleg, ung mann. Så begynner han å snakka. Ganske kvardagsleg, eigentleg. Om alt han er redd for, kloden som går til helvete, leamus under auget, om small talk og kjærleik, Tottenham-tap og folk som bare pratar. Det er stort og smått om kvarandre, ein imponerande talestraum som både inneheld fiffige rim og one-liners, visdom og interessante tankesprang, men samtidig er akkurat passe sjølvironisk og paradoksal. Mannen på scenen seier han er så lei av folk som bare pratar. Og så er han så lei av folk som er lei av folk som bare pratar. Og så lei av ironi, av at det liksom skal vera så mange lag i alt.

Ordleik

Det går i eit forrykande tempo. Du sit heile tida og har lyst til å hugsa formuleringar du skulle ønskt du hadde kome på sjølv, men her er så mange ordleikar at eg redd eg må kjøpa boka for å kunna memorera halvparten av dette sjølv. Skulle du få lyst til å kjøpa boka og lesa henne høgt for deg sjølv, bør du først gå og sjå Høyer framføra teksten sin, for det trur eg ingen gjer etter han.

Kva alt dette har med Grønland å gjera? Vel, det handlar bitte litt om verdas største øy, om isen som smeltar. Det handlar meir om Grønland i Oslo.

Og så handlar det litt om India, meditasjon og hinduistiske gudar. Som kanskje kan vera med å forklara andre del av den ubegripelege tittelen på boka og stykket. Ifølgje Store norske leksikon er sutra «sterkt komprimerte, formelaktige lærebøker til utenatlæring i den brahmanske sanskritlitteraturen

Så lærte me noko i dag også.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Savnet jente i Sandnes er kommet til rette

  2. Dobling av ledige kontorlokaler på ett år

  3. Frp på randen av oljebrudd

  4. Politiet gjorde undersøkelser ved snekke på Sunde - etterpå ble båten tauet bort

  5. – Grønn vei ut av krisen

  6. Strømmen tilbake i Sandnes - feilen lokalisert i Sidal

  1. Teater
  2. Poesi
  3. Rogaland Teater
  4. Anmeldelse
  5. Teateranmeldelse