Vil laga film om slaget i Hafrsfjord – og om samtaler på nettet

21 filmskaparar får støtte frå filmsenteret Filmkraft til å sleppa kreativiteten laus. Filmane er alt frå dokumentar til fiksjon, frå vikingslag til virtuell verkelegheit.

Publisert: Publisert:

Kan eit filmprosjekt avsløra nøyaktig kva som skjedde under slaget i Hafrsfjord? Foto: Fredrik Refvem

  • Toralf Larsen Vallestad
    Journalist

Etter styremøte 3.juni har 21 filmskaparar har fått støtte av Filmkraft filmsenteret i Rogaland. Dette er andre tildelingsrunde i år. Støtta er til for å hjelpa dei med både utvikling og produksjon av kortfilmar og dokumentarar.

Dei gode samtalane

Ei av dei som har fått støtte, er Siri Bråtveit. Ho jobbar med utviklinga av ein film som heiter «kan noen fortelle meg at alt blir bra». Filmen tek utgangspunkt i samtalar me har på nettforum. Dei samtalane som me kanskje deler med andre på nettet, men gjerne ikkje seier direkte til kvarandre andlet til andlet. Likevel skal denne filmen handla om dei gode samtalane, og ikkje trolling.

– Eigentleg ligg forkuset meir på omtanke. Folk er veldig flotte på nett òg, seier ho.

For å skapa manuset seier Bråtveit at det har gått mange timar på kvinneguiden.no. Ho fortel at det er eit veldig ope nettforum med mykje høgde under taket.

Nina Ellen Ødegård vil laga film frå eit anna Noreg. Foto: Rune Vandvik

Det vanlege kvardagslivet

Skodespelarane Silje Østin Salomonsen og Nina Ellen Ødegård er ein duo som òg har fått støtte. Salomonsen seier at dei er i ein tidleg fase av prosjektet. Likevel kan ho meddela at utgangspunktet deira er så enkelt som det vanlege menneske.

– Fordi sjølv om det er godt å leva seg inn i eit liv ein aldri har vore i nærleiken av å leva, er ønsket vårt å forska i det livet som er sant for oss, seier Salomonsen.

Dei vil fortelja historier om kva som seier noko om kor dramatisk, eller kor udramatisk livet til folk i Noreg er i 2020. Hovudessensen ønskjer dei å finna i daglegdagse hendingar.

Frie tyglar for kreativitet

Talet på filmar som har fått innvilga tilskot er 21. Den totale summen på utdelte kroner er heile 3.845.312. Prosjekta handlar om alt frå familierelasjonar og korleis koronapandemien påverkar oss til Slaget i Hafrsfjord.

Her er ei komplett liste med alle dei 21 prosjekta som har fått støtte med ei beskriving frå Filmkraft:

  • Globus, kort fiksjon om tiåaring som finn ein planet i skogen som skal visa seg å endra livet hennar for alltid, produsent Gary Cranner, manus og regi Johan Kaos Nåden Dyrstad (500.000 kroner)
  • Beaten track, kort fiksjon om kjærleik i fjellheimen som vert sett på spel, produsent Lina Helvik, manus Emilie Hetland, regi Alexander Gudmestad (470.000 kroner)
  • Storm på Stad, dokumentar som er kritisk til utbygginga av vindkraft i distrikts-Noreg, produksjon, manus og regi av Helge Hundeide (150.000 kroner)
  • Slagene i Hafrsfjord, dokumentar om jakta på kva som faktisk skjedde under slaga i Hafrsfjorden, produsent Rune Sørensen, manus og regi Svein Molaug (150.000 kroner)

Torstein Grude i Piraya Film og regissør Andrej Nekrasov samarbeida også i 2009. No får dei 250.000 kroner til eit nytt prosjekt. Foto: Tommy Ellingsen

  • Piraya 2020–2, dokumentar av produsent Torstein Grude, manus Andrei Nekrasov/Torstein Grude, regi Andrei Nekrasov (250.000 kroner)
  • Piraya 2020–6, dokumentar med produksjon, manus og regi av Torstein Grude (200.000 kroner)
  • Kunst og natur, dokumentar om kva me blei trekte mot då koronaviruset braut ut, produsent Thorvald Nilsen, regi Stian Servoss (150.000 kroner)
  • Sakte mot vest, lang fiksjon om forteljingar frå eit anna Noreg, produsent Gary Cranner, manus Nina Ellen Ødegård, regi Silje Salomonsen (150.000 kroner)
  • Det eg elske, dokumentar om gut som har ein ting han elskar over alt, men ikkje seier til alle, produksjon, manus og regi av Odveig Klyve (50.000 kroner)
  • Stein tre brød, tre poetiske kortdokumentarar som fylgjer prosessen frå råmateriale til ferdig produkt, produksjon, manus og regi av Odveig Klyve (90.000 kroner)
  • Løs tann, kort fiksjon om seksåring som lurar tannfeen for å få det han ønskjer seg, produksjon, manus og regi av Kristian B. Walters (30.000 kroner)
  • Sameaspiranten, dokumentar om mann som får djupare innsikt i samisk kultur og historie, produksjon, manus og regi av Anders Kråkevik (90.000 kroner)
  • Nokash, lang fiksjon om tre vener som får livet snudd påhovudet grunna forveksling av sekker, produsent Bjørn Eivind Aarskog, manus Christer Aanestad/Bjørn Eivind Aarskog, regi Bjørn Eivind Aarskog (100.000 kroner)
  • Nightingale, lang fiksjon om hollywoodskodespelar som kjem heim etter å ha tent i andre verdskrig, produsent Jarle Bjørknes, manus Scott Fivelsson (100.000 kroner)
  • Nowhere, kort fiksjon om symbiosen mellom menneske og natur, produsent Siw Angell-Olsen, regi av Kjetil Alexander Gudmestad (80.000 kroner)
  • Bienes kamp, dokumentar om livslang birøktar som bekymrar seg for honninhproduksjonen, produksjon, manus og regi av Arne Gunnar Olsen (60.000 kroner)

Biene kan ta skade av at økosystemet deira blir brote ned. Bienes kamp har birøkting i hovudfokus. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Mine to gutter, kort fiksjon om ei mor som er fanga i eit hus med to gutar som viser alarmerande oppførsel med manus og regi av Mads Eriksen (25.000 kroner)
  • Kan noen fortelle meg at alt blir bra, kort fiksjon om samtalar me har på nett av produsent Turid Rogne, manus og regi Siri Bråtveit (30.000 kroner)
  • Hormonenes flukt, dokumentar om når ein er gammal og alt kjem til overflata av produsent Jarke Bjørknes, manus og regi Anne Haugsgjerd (100.000 kroner)
  • William Heimdal, dokumentar om den norske målaren William Heimdal, dokumentar av produsent Thorvald Nilsen, regi av Emily Louisa Millan Eide (75.000 kroner)
  • Piraya 2019–3, dokumentar av produsent Bjarte M. Tveit, manus og regi Ola Waagen (100.000 kroner)
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Regjeringen åpner for reiser til de fleste europeiske land

  2. Regjeringen gir nye reiseråd

  3. Vannskutere kjørte i Superspeed-bølgene nesten helt til Hirtshals

  4. Austbø ikke kampklar: Vikings keeper testes lørdag

  5. – De to naustene til kong Salomo og Jørgen hattemaker

  6. Kreftceller ble spredt under operasjon som ikke skulle vært utført

  1. Filmkraft Rogaland
  2. Hafrsfjord
  3. Nina Ellen Ødegård