11,2 millionar til Museum Stavanger

Full jubel i gangane på Museum Stavanger då budsjettlekkasjen kom: Regjeringa vil gi museet 11,2 millionar kroner til nye basisutstillingar.

Publisert: Publisert:

I november 2016 destruerte Stavanger museum fleire av dyra i utstillinga si, som var opptil 100 år gamle. Nå får MUST pengar til å byggja opp nye basisutstillingar på Stavanger museum og Stavanger maritime museum. Foto: Aasland, Jarle

Jan Zahl
Kulturjournalist

– For oss i museet er dette stort. Det er ekstremt sjeldan det kjem pengar til utstillingar. Så me er kjempenøgde med at me endeleg nådde gjennom, seier administrerande direktør Siri Aavitsland i Museum Stavanger (MUST).

År etter år har dei søkt om pengar til å fornya dei 30–40 år gamle, ganske så utdaterte, nesten møllspiste faste utstillingane på Stavanger museum og Stavanger maritime museum.

– Museet har store behov for fornying. Utstillingane er oppgraderte på enkelte punkt opp gjennom åra. Men me har ikkje hatt pengar til å byggja opp nye, oppdaterte utstillingar. Men med denne løyvinga er me på god veg, seier Aavitsland.

Den totale prisen på prosjektet er på 31 millionar kroner. Med 11,2 nye, blanke millionar kroner frå staten over dei neste åra, er Aavitsland overtydd om at dei kjem i mål.

MUST har har fått støtte til tre konsept som tek for seg miljø- og klimautfordringane verda står overfor. Aavitslands ambisjon er at museet skal vera samfunnsaktuelt og debattskapande.

– Det er hard kamp om slike midlar, og MUST har søkt i mange år. Dei får pengane fordi dei tek på seg ei rolle som samfunnsaktør og vil ta opp brennheite tema som klima, miljø og naturendringar i dei nye utstillingane, seier Venstres ordførarkandidat i Stavanger, Jan Erik Søndeland.

– Det er tre dagar til valet. Her kjem ein budsjettlekkasje. Får du og Venstre fleire stemmer på mandag fordi denne lekkasje kjem fredag?

– Eg aner ikkje - og trur neppe eg kan rekna med det. Men dette kjem jo frå Kulturdepartementet, slike drypp frå budsjettet kjem heile tida, spreidd utover i tid.

– Men det er neppe tilfeldig at det kjem tre dagar før og ikkje tre dagar etter valet?

– Eg styrer ikkje dette. Men Venstre har tatt på seg å styra kulturdepartementet fordi kultur er eit viktig felt for oss. Og det hjelper jo Stavanger og Venstre lokalt at me har kort veg inn til toppleiinga i Kulturdepartementet, seier Søndeland.

Når står så dei nye basisutstillingane ferdige? Ifølgje Aavitsland kan første fase av den nye utstillinga på Maritimt museum vera klar vinteren 2021, mens jobbinga med den naturhistoriske utstillinga på Stavanger museum startar neste år. Og så går det nok eit par år på det arbeidet.

Publisert: