Iduns Julekomedie: Tankevekkande om krigen

TEATER: «Forfedre» er eit interessant og relevant stykke om å vera ung soldat.

Publisert:

Putekrig er det leikne barnets krig. Men rekruttane i «Forfedre» risikerer også å måtta dra ut i den verkelege krigen. Foto: Jan Inge Haga

Jan Zahl
Kulturjournalist

FORFEDRE

Iduns Julekomedie, Stavanger katedralskole. Basert på «The Grandfathers» av Rory Mullarkey. Med: Maria Jørgensen Erdal, Marthe Wesche, Henriette Løge Norberg, Margrete Reinsnos Hildonen, Cathinka Guldberg-Nessler, Martin Salthe, Sebastian Munkvik, Sander Paulsen, Lars Magnus Eltervaag Kristensen, Tobias Klæboe. Instruktørar: Marianne Holter og Ragnhild Tysse. Lengde: 1 time, 10 minuttar.

Britiske Rory Mullarkey (f. 1987) vaks opp i ein militærfamilie. Då han for vel ti år sidan fekk i oppdrag av National Theatre å skriva eit teaterstykke for unge utøvarar, bestemte han seg for å skriva om verneplikt - sjølv om det var avskaffa 50 år tidlegare i Storbritannia.

Mullarkey drog til Russland for å gjera research blant unge, russiske vernepliktige. Men sidan han blei sett på som ein spion, ville ingen fortelja han noko. Dermed er samtalane han baserte «The Grandfathers» på - og som «Forfedrene» i sin tur er basert på - historier frå britiske militærbrakker.

Frå ungdom til soldat

Og det er altså eit militært område Sangsalen på Kongsgård er gjort om til, med enkle scenografiske verkemiddel. Heilt frå starten er det ein ung mann i uniform der, ein soldat som ikkje seier noko, bare ryddar ryggsekkar på golvet. Inn kjem ei gruppe vanlege norske ungdommar som snakkar og ler. Heilt til dei plutseleg blir stille, finn kvar sin ryggsekk, kler seg om, blir soldatar.

På slagmarka er ikkje livet nokon leik. Foto: Jan Inge Haga

Sidan skal me følgja dei gjennom verneplikta, gjennom hard trening, eigne tankar rundt soldatlivet, fram til dei skal ut på oppdrag. Kvar av dei åtte, unge rekruttane leverer i løpet av stykket sine eigne tankar, slik at me til slutt føler me kjenner dei ulike typane. Ho som reflekterer over at det alltid er verst akkurat nå, han som snakkar om krig i romersk tid, han som er oppteken av troppens effektivitet, ho som ser for seg kroppen sin dekka i blod.

Men så blir alvoret brote av. Av ein fis, av at nokon fnisar, av at dei leikar putekrig. Sjølv om dei har på seg uniform og lærer å drepa, sjølv om dei tenkjer ganske mogne tankar, er dei samtidig umogne barn. Med gevær.

Godt drilla

Instruktørane Holter og Tysse har drilla troppen sin godt. Det er tydeleg at rekruttane har jobba hardt for å kunna spela lett. Her er godt driv, masse energi, det er ein samspelt gjeng som ser ut til å trivast saman på scenen. Og så imponerer dei i det fysiske spelet, i det som må vera litt av ei treningsøkt.

Samtidig er jo dette unge amatørar, og ikkje skulerte skodespelarar. Dermed er det ikkje å venta at alt av diksjon og stemmebruk er heilt på profesjonelt nivå - som når stemmane skal konkurrera med tung rock over anlegget. Musikken er forresten eit viktig og verknadsfullt element gjennom heile framsyninga.

Samtidig er eg i tvil om Den evige soldaten som er skriven inn tilfører stykket noko. Han er der heile tida, usynleg for rekruttane på scenen. Men han seier aldri noko, tilfører ikkje nokon moral eller innsikt eller forløysing, slik eg ser det. Kva er funksjonen hans?

I fjor kritiserte eg Idunittane for å ha valt feil stykke - nok ein amerikansk ungdomsfilm frå mi ungdomstid. Denne gongen har dei valt rett stykke. Dette er ein smart, moderne og relevant tekst skriven for unge utøvarar, i eit relativt kort og handterbart format. Det får ekstra truverde når det blir framført på denne måten: Av unge menneske som om få år sjølv kan måtta ta på seg den grønne uniformen, bli ein del av det militære maskineriet dei gamle som styrer verda kan finna på å senda ut på slagmarka. Idunittane kan sjølv bli rekruttane som må trena hardt for å kunna slåst lett. Det er i seg sjølv tankevekkande.

Aftenbladet gir ikkje terningkast på framsyningar med barn eller ungdom.

Publisert: