Debuten blir litt for skuleflink og veloppdratt

BOK: Truverdig og samanhengande, men så subtilt og kvardagsleg at ein sit igjen med lite etter ferdig lesing.

Publisert: Publisert:

Anna Albrigtsen debuterer med romanen «Solen treffer andre ting enn oss». Foto: Cappelen Damm

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 3 out of 6

Anna Albrigtsen: Solen treffer andre ting enn oss. Roman. 113 sider. Cappelen Damm.

Ei tobarnsmor reiser frå ein søppelsekk med ubetalte rekningar i Noreg og drar over svenskegrensa med dotter og son i bilen for å feriera hjå mormor. Dottera registrerer at «vi skal kjøre dit for å få penger», at turen langs landevegen til tider går i Petter Northug-fart, at den urolege veslebroren blir fôra med bilsjuketablettar for å bli meir medgjerleg og at familien overnattar i bilen i ei grøft. Framme i Sverige er velkomsthelsinga frå mormora replikken «Jeg trodde ikke dere skulle komme i år».

Dermed er tonen sett for inte riktigt kramgoda familiestemningar i nabolandet. Anna Albrigtsen (f. 1995) debuterer med ein roman forlaget karakteriserer som «et intenst kammerspill,» der me ser hendingane gjennom auga til den halvvaksne storesøstera. Skjønt, hendingar og hendingar, det er strengt tatt smått av den slags. Den vidare handlingsgangen i sommarhuset er sakte og omstendeleg, og denne lesaren kjende etter kvart på kjensla av å vera litt utolmodig.

Ein skal ikkje leggja for mykje i den slags kjensler; god litteratur kan gjerne vera hendingsfattig, men bør då helst by på ei eller annan form for stemningsformidling. Forfattaren gjer sitt til det ved å vera ein nøktern og presis person- og miljøskildrar, men blir vel detaljert og inngåande. Det blir mange scenar med smørjing av brødskiver, tenning av sigarettar, trilling av klinkekuler, filing av død hud frå hælen og liknande. Godt sett og skildra, men passasjane blir meir refererande enn fylte av eventuell metaforisk kraft. Ein lurer litt på kor forfattaren vil hen.

Albrigtsen har bakgrunn frå Forfatterstudiet og studium i teatervitskap, og kanskje er sistnemnde medverkande til at romanen har eit visst scenisk preg. Og førstnemnde til at verket står fram som teknisk bra, men litt for veloppdratt og skolert. Handlinga blir dermed losa trygt i hamn, med ei viss forløysing på slutten. Idealet om antyding og subtilitet blir derimot trekt for langt – kammerspelet endar opp med å bli underspelt. Hovudpersonen er slik sett typisk: ho fungerer som forteljar og samanbindande element, men er elles ein noko anonym figur. Samla er inntrykket at dette er ein greitt komponert, men litt for sjølvbeherska, debut. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: - Livet sier «stopp litt nå» til meg

  2. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  3. 13 fikk bot på E39

  4. Streikende bussjåfører: - Vi står her til vi får et skikkelig tilbud på bordet

  5. Lærere med hovedfag klarer ikke løse nye eksamensoppgaver for matematikk i videregående: - Vi føler oss maktesløse

  6. Seks smittetilfeller langs ruten til bussen med koronasmittede pensjonister

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bøker
  5. Roman