Humor som liknar Pernille Sørensens

BOK: Mareike Krügel har skrive ein frustrert husmor-roman der det er mykje humor som liknar på humoren til Pernille Sørensen.

Publisert: Publisert:

Aftenbladets meldar er ikkje så begeistra over Mareike Krügels «En nesten perfekt dag». Foto: Gyldendal

Kristin Auestad Danielsen
Forfattar og dramatikar

Grade: 3 out of 6 stars

Mareike Krügel: En nesten perfekt dag. Roman. 242 sider. Omsett av Elisabeth Beanca Holversen. Gyldendal.

Etter å ha lese denne romanen lurer eg på om filmtriks kan forringe kvaliteten til ei bok. I “En nesten perfekt dag” finn vi følgande filmtriks:  1. Hovudpersonens plutselege trong i slutten av boka til å setje alle klutar til for å rekke noko veldig viktig, for å kunne fortelje ein løyndom som ho skulle fortald for lenge sidan. 2:  Å ha transepar som side kick for å setje lys på heteronormative parforholdproblem. 3: Å setje hovudpersonen under så mykje press som mogleg. Men kanskje handlar det meir om du likar humoren til Pernille Sørensen eller ei. For viss du syns Pernille Sørensen er morosam så likar du kanskje denne boka.

Vi følger Katha ein alminneleg fredag som viser seg å bli særs uvanleg. Ho har blitt pressa ut av arbeidsmarknaden på grunn av morskap, humanistisk yrkesval og finanskrisa. Ho er svært pressa på heimebane med ei dotter med ADHD og ein mann som jobbar borte i vekedagane og berre er heime i helgene. Katha går heile tida rundt og spekulerer på om mannen er utru. Ho har også fått ein urovekkande diagnose som ho ikkje har fortald ektemannen.

Her er mange skildringar av mikrosituasjonane i kvardagen som ein omsorgsperson må takle for å det heile til å henge saman. Situasjonane blir gjerne absurde. Tempoet er heseblesande. Katha er ei kvinne som gjer så godt ho kan. Ho er fornuftig, varm og vil det beste for familien. Samtidig fluktar ho i listene sine, ein stad ho kan puste. Katha er på mange måtar ein arketype. Mor som tar størsteparten av omsorgsoppgåva, hustru som ikkje lenger kjenner støtte frå ektemannen og med ein begredeleg karriere med ei forsømt doktorgradsoppgåve som er bytta ut med å jobbe som musikklærar i barnehagen eit par gonger i veka. Litt sånn Pernille Sørensen-person. Tar det meste med eit skeivt smil, men må sluke mange kamelar.

Sjølv om her er nok av absurde situasjonar og ei handling som driv boka fram mot eit klimaks, opplever eg ikkje at boka engasjerer. Mykje press på hovudpersonen skaper ein kjedeleg heseblesande martyr-kvinne som er ein klisje og som ikkje engasjerer meg. Her skjer så mykje; som rotteleiting, tommel-leiting, hestejakt, og utruskap. Samtidig så skal plutseleg fortida også kome fram. Syster-konfliktar, parforholdet i starten, mora som døydde og den døde babyen. Kombinasjonen med ein form som liknar ein situasjons-komedie og karakter-teikningar som har djupare meiningar skapar sjangerforvirring og gjer at denne boka korkje framstår som fugl eller fisk.

Publisert: