Rabinowitz til folket

KAPITTEL: Denne hausten skal heile Rogaland lesa boka om mannen som ein gong var Norges mest kjende rogalending, men som etter krigen nærmast blei gløymd: Moritz Rabinowitz.

Arne Vestbøs bok om Moritz Rabinowitz blir delt ut gratis i 25.000 eksemplar. Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Å ha blitt valt ut til å bli delt ut gratis i 25.000 eksemplar handlar fint lite om meg. Det handlar om den fascinerande historia om Moritz Rabinowitz, sa Arne Vestbø då han torsdag presenterte boka «Øverst på nazistenes liste» på Kapittel-festivalen.

Vestbøs bok er den tiande i rekkja av bøker som blir delt ut gratis til heile fylket. Prosjektet «Hele Rogaland leser» starta som eit prosjekt i det europeiske kulturhovudstadsåret 2008, då Arild Reins «Kaninbyen» blei delt ut gratis. Sidan har heile Rogaland lese ein klassikar, barnebøker, dikt, sakprosa og romanar, før me i år altså får Vestbøs biografi om Rabinowitz. Vestbø, som til dagleg jobbar som kulturbyråkrat i Oslo, har tidlegare skrive ein vaksenbiografi om Rabinowitz, mens årets lesebok opphavleg kom ut i 2014 og ei «all-alderbok» som også kan lesast av barn og unge.

Arne Vestbø er frå Haugesund. Der levde også Moritz Rabinowitz. Som ikkje er den vesle guten på biletet. Foto: Jan Zahl

Spennande historie

Vestbø hadde høyrt om Rabinowitz heilt frå barndommen i Haugesund, men etter å ha sett dokumentarfilmen «Mannen som elsket Haugesund» frå 2004 skjøna han at her var det ei veldig spennande og fascinerande historie.

– Arbeidet mitt med Rabinowitz blei nesten som ei detektivhistorie. Det fanst ingen slektningar, ikkje nok hus å gå til, bare nokre få øskjer på eit museum i Haugesund. Men så begynte eg å grava, og fann etter kvart ein heil del, sa Vestbø.

Moritz Rabinowitz blei fødd i ein liten, jødisk landsby i Polen i 1887. Som 14-åring kom han til Bergen for å hjelpa onkelen i butikken. Men det som skulle gjera Rabinowitz kjend, var som forretningsmannen som etablerte klesbutikkar i Haugesund, i Sauda, i Kirkegata i Stavanger og i Egersund.

– Han var ein pågåande, ukonvensjonell type som blei den første i Haugesund til å bruka moderne marknadsføringsmetodar som å annonsera eller arrangera moteframvisingar, sa Vestbø.

Rabinowitz var den første jøden som busette seg i Haugesund. Men også i sildabyen kunne ein tidvis ana haldningar til jødar som likna fordommane ein kunne finna på kontinentet.

Samfunnsengasjert forretningsmann

Men i tillegg til å vera glødande oppteken av sine eigne forretningar, engasjerte Rabinowitz seg i samfunnsdebatten, som ein hyppig lesarbrevskrivar både til lokale, regionale og nasjonale aviser. Det skulle bli hundrevis av lesarbrev.

– Rabinowitz bekymra seg for utviklinga i Aust-Europa og Tyskland allereie frå 1920-talet, og hadde skrive om Hitler lenge før Hitler kom til makta i 1933, sa Vestbø. Rabinowitz sende også telegram til president Roosevelt i USA, til statsminister Chamberlain i Storbritannia, til president Hindenburg i Tyskland, der han ba dei innstendig om å følgja med på det som skjedde, og bidra til å redda jødane i Tyskland. Alltid underteikna med «M. Rabinowitz, Haugesund».

– Som ein historiens ironi, hadde han sitt siste lesarbrev på trykk 9. april 1940, den dagen krigen kom til Norge, sa Vestbø.

Same dag flykta Rabinowitz frå Haugesund, fordi han visste at han stod øvst på nazistanes liste. Ikkje bare fordi han var jøde, men framfor alt på grunn av det han hadde skrive.

Han klarte å halda seg i skjul fram til desember 1940, då han blei arrestert. Den engasjerte forretningsmannen blei deportert til Tyskland. Moritz Rabinowitz døydde i tysk fangeskap 27. februar 1942.

Publisert:
  1. Kapittelfestivalen
  2. Haugesund
  3. Rogaland
  4. Biografi
  5. Samfunnsdebatt

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen ber deg om én ting når du møter vaksinering

  2. 14-åring frastjålet klesplagg på togstasjon - fire mindreårige er mistenkt

  3. Ett år etter stupeulykken skal Konrad (17) opereres i Thailand. Drømmen er å gå igjen

  4. Hva hvis vaksinen din kommer midt i sommerferien? Dette bør du tenke på.

  5. «Exit» flyttet inn i ekteparets hjem. Her er deres ti tips for å bygge drømmehuset

  6. Nå vil mange dyrke sin egen mat. Dette er de fem mest populære plantene