Knausgård og Renberg dannar band

Tore Renberg og Karl Ove Knausgård reetablerer sitt gamle band Lemen. Til hausten blir det miniturné med musikk, minner og ny bok.

Publisert: Publisert:

Tore Renberg og Karl Ove Knausgård kan bare begynna å finpussa på rockeposeringa, for i oktober går dei på scenen som rockemusikarar i bandet Lemen.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
  1. Tore Renberg Foto: Anders Minge

  2. Karl Ove Knausgård Foto: Ntb Scanpix

— Eg veit ikkje korleis dette bandet høyrest ut i dag. Men eg nynnar framleis på songane. Eg har lyst til å høyra dei igjen, seier Tore Renberg.

Bandet han snakkar om, heiter Lemen – og hadde si siste øving ein gong i 1995. Men til sommaren skal dei møtast igjen, øva inn dei gamle låtane, gjera nokre spelejobbar. Blant anna i Stavanger konserthus 3. oktober, og på Sentrum Scene 14. oktober. Datoane i Bergen og Trondheim er ennå ikkje sette.

På vokal: Tore Renberg. På trommer: Karl Ove Knausgård.

Fugl Føniks

— Lemen var eit band som oppsto i ruinane etter det legendariske bergensbandet Kafkatrakterne. Det var eit The Aller Værste-inspirert, nynorsk vestlandsband med Knausgård-brørne, Hans Kristian Mjelva på bass og Knut Olav Homlong på gitar. Så kom eg til byen og sette litt fart på ting, seier Renberg.

Renberg var litt yngre enn dei andre. Det var 1994. Britpopen hadde si glanstid, nypunken slo gjennom med Green Day. Alt dette hadde unge Renberg med seg i kroppen.

— Lemen tok ei melodisk popdreiing. Framleis nyveiv, framleis norskspråkleg. Me var flinke. Me var smarte. Me var eit kortlevd band. Men me visste å kle oss i fin dress.

— Trass i dårleg budsjett?

— Trass i ekstremt dårleg studentbudsjett. Men det blei nokre spelejobbar.

Så drog Renberg til Oslo. For å søka lukka langs Karl Johan, som han seier. Som intellektuell. Som forfattar.

— Eg etterlet desse mindre talentfulle Knausgård-brørne i Bergen – før hemnen skulle koma nokre år seinare, flirer han, 19 år seinare.

Sidan har han og kompis Karl Ove minst ein gong i året snakka saman om at dei burde ha samla bandet igjen. Sånn som folk gjer. At det hadde vore kjekt, liksom.

Bringin´ the band back

Når det nå skjer, er det fordi Renberg nok ein gong har lyst til å sprenga formatet for kva ein forfattar skal gjera og ikkje. I fjor hadde han med seg Tønes på turné for å snakka om boka si, "Vi ses i morgen". Til hausten kjem neste bind, "Angrep fra alle kanter". Og igjen blir Tønes med.

— Men så tenkte eg: "Ekspandér eller dø!"

Spørsmålet var bare korleis han skulle ekspandera, kva retning han skulle gå?

— Skulle eg ha med Bjørn Eidsvåg? Kari Bremnes? Men så steig gamle minner til overflata, og eg ringte rundt til desse familiefedrene. Som alle ønskte å bli rockestjerner.

Karl Oves bror Yngve var ikkje med i det originale Lemen, men blir med nå, på gitar.

— Eg veit ikkje kvifor han ikkje var med. Kanskje det var ein beef mellom Knausgård-brørne? fabulerer Renberg.

Topptungt

Det intellektuelle nivået i Lemen må kunna seiast å vera skyhøgt, med fire forfattarar (Homlong har også gitt ut roman, grafisk designar, forleggjar og storebror Yngve også har skrive bok) og ein journalist med doktorgrad i historie (Mjelva).

— Dette er flinke folk. Eg ser at det blir eit visst forventningspress, særleg til det tekstlege. Men me får sjå korleis det går, seier Renberg.

Han ser for seg ein heilt spesiell kveld.

— Det blir litt Tønes. Karl Ove skal intervjua meg om den nye boka mi. Me skal snakka om gamle minner. Det blir musikk frå eit band ingen har høyrt om. Tore med vener, liksom. Me satsar på at alle har det kjekt.

Renberg har også tidlegare prøvd seg som vokalist i band, som Stavanger Energi og Modan Garu – utan at rockekarrieren har løfta seg så veldig av den grunn.

— Nå er me så halvgamle og avslappa til det meste at ingenting skremmer oss. Me skal ikkje bli det neste U2. Me skal bare spela og ha det kjekt.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  2. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  3. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  4. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  5. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  6. Janoves datter synger duett med bestefar