Venstre om i kulturbudsjettet

KOMMENTAR: Har det noko å seia om kulturministeren kjem frå Høgre eller Venstre? Det kan sjå slik ut.

Trine Skei Grande (V) la måndag fram sitt første kulturbudsjett. Her frå landsmøtetalen i vår. Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Denne kommentaren er skriven med eit lite atterhald: Dei første 20 minutta av Trine Skei Grandes (V) presentasjon av sitt første kulturbudsjett blei overført frå Dramatikkens hus i Oslo utan lyd. Så akkurat kva ho sa der, veit ikkje me som bur i provinsen.

Men etter å ha høyrt resten, etter å ha lese Kulturdepartementets prioriteringar i budsjettforslaget for 2019 - og så søkt på nokre utvalde ord - meiner eg å sjå ein viss forskjell på blå-blå kulturpolitikk og blågrøn kulturpolitikk. For i Skei Grandes kulturbudsjett er fleire av dei viktigaste babyane til forgjengarane Thorhild Widvey (H) og Linda Hofstad Helleland (H) borte.

Private kulturpengar?

Då Widvey inntok kulturministerstolen etter år med raudgrøn kulturløfting - ei dobling av det statlege kulturbudsjettet på åtte år - blei hennar viktigaste mål å få meir privat kapital inn i kulturlivet. Ho innførte ei gåveforsterkingsordning der private gåver skulle matchast av staten, ho etablerte elitesatsinga Talent Norge AS, der privat og offentleg kapital skulle jobba saman.

Då Hofstad Helleland tok over, vidareførte ho tanken, blant anna gjennom etableringa av Kreativt Norge. Næringstanken skulle bli sterkare i kulturlivet.

I Skei Grandes første kulturbudsjett er ikkje Kreativt Norge nemnt med eitt ord, alt som står om gåveforsterkingsordninga handlar om fortid, og løyvinga til Talent Norge blir foreslått redusert med 2,1 millionar kroner.

Liberal kulturpolitikk

Skei Grande bringer likevel med seg noko av retorikken og verkemidla frå forgjengarane. Framleis skal kulturinstitusjonane «effektivisera». Som betyr at dei reelt sett får kutta ein halv prosent i året - og slik opplever ei sakte struping. Skei Grande snakkar også om å spreia makt og pengar. Men mindre om privat kapital, og meir om ei sterk, statleg grunnfinansiering av kulturlivet. Og så er ho oppteken av frivillig sektor, breidde og mangfald, ytringsrom, språk, kunstnariske uttrykk og fellesskap.

Mens Hofstad Helleland i fjor skreiv på side 1 i kulturbudsjettet at «Regjeringen vil stimulere til vekst nedenfra, framfor å styre ovenfra», opnar Skei Grande med «Kunst og kultur er ytringer med samfunnsbyggende kraft, og kulturpolitikken skal være fundert på ytringsfrihet og toleranse.»

Det har rett og slett kome ein sosialliberalar i kulturministerstolen. Ein sosialliberalar som held Tou Scene i Stavanger som eitt av sine yndlingsbygg - som nå får meir statlege pengar.

– Tou scene er eit dynamisk kulturhus som utviklar seg saman med kunsten i huset, og der kunsten og kunstnarane er drivkrafta bak, sa Skei Grande i den delen av pressekonferansen som hadde lyd.

Eigentleg er dette eit slags mellombudsjett for kultursektoren. Skei Grandes plan var nok - heilt fram til Knut Arild Hareide (KrF) begynte å truga med å kasta regjeringa - å leggja fram både ei kulturmelding og ei ny mediemelding før ho tok dei heilt store grepa i kulturpolitikken. Men ho aukar i det minste kulturbudsjettet med 640 millionar kroner, snakkar om kultur på ein annan måte, distanserer seg litt frå forgjengarane, og frir på sitt vis til KrF og Hareide. For på enkelte felt kan ein kanskje påverka politikken, sjølv om ein er liten.

Les også

  1. Glede, håp og nøkterne forventningar til kulturbudsjettet

  2. Tou scene får penger over statsbudsjettet

  3. Kulturministeren vil vedta medielov i kampen mot falske nyheter

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Kulturlivet står i ein umogleg situasjon»

  2. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  3. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  4. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  5. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  6. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Trine Skei Grande
  4. Thorhild Widvey
  5. Linda Hofstad Helleland