Norsk friluftsglede sett frå New York

BOK: Peder Anker er ein naturromantikar som fryktar friluftslivets død. Det kunne blitt ei svulstrig og moraliserande bok om det ikkje var for glimtet i auga.

Både naturen og den norske friluftslivskulturen står på raudlista fordi utbyggerkåte politikere og halvkorrupte byråkrater gjer den norske fjellheimen om til eit høgfjellets tivoli», meiner forfattaren.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Peder Anker: Livet er best ute. Friluftslivets historie og filosofi. 256 sider. Kagge Forlag.

Peder Anker er professor ved New York University. Der underviser han i miljøfilosofi, design- og vitskapshistorie. Og når heimlengselen blir for sterk, fortel han «storøyde amerikanske studenter om noe så eksotisk som norsk friluftsliv».

Det er sikkert moro for både Anker og studentane, akkurat som den nye boka hans, «Livet er best ute», utstrålar humor og formidlingsglede frå første til siste side. Det er ikkje alltid at bøker som forfattaren sjølv har hatt det gøy med å skriva, er like morosame for lesaren. Men slik er det her. Så får ein bera over med at metaforbruken somme stader blir litt overveldande.

Peder Anker er ingen distansert forfattar som ser norsk friluftsliv på kjølig avstand frå sitt urbane New York. Han har heile sitt liv vore ein ihuga friluftsmann, og i yngre år ein engasjert og radikal miljøaktivist. Ikkje alt han var med på den gongen, er han like stolt av i dag, men han heiar på Extinction Rebellion og vil ha nasjonal byggestopp i all urørt natur. For både naturen og den norske friluftslivskulturen står på raudlista. «Utbyggerkåte politikere og halvkorrupte byråkrater» gjer den norske fjellheimen om til eit «høyfjellets tivoli», og den smålåtne norske hytta blir til det Anker vil kalla ein «lodge» med fasilitetar fullt på høgde med bustadhus.

Miljøhistorie i kortversjon

Som ein forstår, er Anker litt av ein romantikar. Og når han insisterer på at «friluftsliv» på norsk er noko heilt anna enn «outdoor life» på amerikansk, er det nettopp fordi friluftslivet rommar ein «romantisk lengsel» som er noko meir enn «fysisk fostring og sosial adspredelse ute». Eg må innrømma at eg slit med denne forskjellen. For dei fleste av oss som dyrkar friluftsliv i kvardagen, blir dette skiljet nokså kunstig. Ein fjelltur kan romma både styrkjande trening, gode samtalar og svulmande naturkjensler.

Til forsvar for sitt syn mobiliserer Anker ein brokete armé av norske forfattarar, filosofar, kunstnarar, politikarar, polarheltar og miljøaktivistar, frå Peter Christen Asbjørnsen, Aasmund Olavsson Vinje og Henrik Ibsen via Fridtjof Nansen og Martin Tranmæl til Arne Næss, Peter Wessel Zapffe, Erik Dammann, Jørgen Randers og Dagny Kaul. Boka kan lesast som ei norsk frilufts- og miljøhistorie i kortversjon, der ulike ideologiske retningar og kampar blir presenterte. 

Håp i det små

Ankers romantiske blikk kunne blitt i overkant svulstig og moraliserande om det ikkje var for den slentrande, ironiske og sjølvironiske stilen hans. Han skildrar sin eigen barndom som «Framtiden i våre henders ungpioner», medlem av «Norges moralske beredskapsgruppe – nasjonens «Stay Behind», som seinare får eit handfast og brutalt møte med det idealiserte «livsnødvendighetssamfunnet» på den norske landsbygda når han prøver å by ei lokal jente opp til dans. Han problematiserer det han meiner er ukritisk dyrking av urbefolkningane. Og sjølve økofilosofi-guruen, Arne Næss, som bygde seg ei utilgjengeleg hytte oppe i Hallingskarvet, blir tatt kontant ned på jorda: «Det var ikke mulig å leve i Skarveredet. Det egnet seg best for kosmiske tanker.»

Peder Anker er pessimist på det norske friluftslivets vegner. Den moderne fritidskapitalismen erobrar stadig nye skansar. Han klamrar seg likevel til eit framtidshåp om kampen for natur og miljø som eit slags Sisyfos-arbeid, der dei mange små ting er viktige. Som å rydda plast langs strendene. Eller plukka opp blyslukar frå botnen av Saltstraumen. For å parafrasera Brecht: Dette forandrar ikkje verda, men ein sjøfugl får kanskje leva eit år til.

Nokre vil meina at det blir for smått. Men uansett er ikkje «Livet er best ute» eit programskrift som ein skal gi si tilslutning til eller ikkje. Lesinga gav mange spørjeteikn og kommentarar i margen, og det er som det skal vera frå ein sprelsk, uhøgtidleg forfattar som byr på seg sjølv, men som har ein alvorleg bodskap i botnen.

Publisert: