Bittersøtt frå Belfast

FILM: Kenneth Branagh skildrar sitt barndoms Belfast med latter, gråt, nostalgi og sentimentalitet.

Sånn ser det ut i gata i Belfast før The Troubles.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

BELFAST

Kinopremiere: 25.03.2022. Med: Jude Hill, Lewis McAskie, Caitriona Balfe, Jamie Dornan, Judi Dench, Ciarán Hinds. Sjanger: Drama / Biografi. Regi: Kenneth Branagh. Nasjonalitet: Storbritannia, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 38 minutt.

«Belfast» har allereie gjort det skarpt på prisdryssfronten. Britisk «Oscar» (Bafta) for beste film, publikumsprisen frå filmfestivalane i Toronto og Stockholm, sju Oscar-nominasjonar, for å nemna nokon.

Det er ikkje vanskeleg å forstå. «Belfast» er på mange måtar eit sukkersøtt publikumsfrieri, ein hjartevarm film som spelar på alle kjenslemessige strenger. Det blir ikkje mindre verknadsfullt av at historia tek utgangspunkt i verkeleg historie, frå dramatiske hendingar i Nord-Irlands hovudstad i 1969.

Her bur gutungen Buddy saman med familien i ei gate der katolikkar og protestantar bur side om side, der ungane er ute i gata og leikar, der alle kjenner alle. Men så kjem the Troubles – starten på tre tiår med konfliktar – til nabolaget. Katolikkar og protestantar barkar saman, nabolaget byggar borgarvern, britiske soldatar patruljerer gatene.

… og sånn ser det ut etter at konflikten har starta.

Men du får vite fint lite om the Troubles. Fokus er heile tida på filmglade Buddy og hans familie. Korleis skal dei manøvrera i ein konflikt der kamphanane krev at du vel side? Korleis skal familien brødføs når den skrale økonomien veltar, når Nord-Irland set nye rekordar i arbeidsløyse og tømrarfaren må dra til England for å få jobb? Skal familien flytta? Skal dei bli? Skal dei velja side?

Starten av «Belfast» ser ut som ein reklamefilm laga av Belfasts turistkontor. Men bortsett frå dette, og eit par korte sekvensar inni, er filmen i svart-kvitt. Nesten jålete svart-kvitt. Bileta er uhyre kresent komponert. Her er mangt eit bilete du kunne hengt opp på veggen.

Også Buddy blir dregen inn i konflikten i nabolaget.

Eit glitrande skodespelarensemble leverer varene, ikkje minst med legendariske Judy Dench i birolla som bestemor. Ein heil del scenar er, pussig nok, nesten som sketsjar å rekna, med tydelege, rappkjefta punchlines. Dramatikken og trøbbelet ligg heile tida i bakgrunnen, men regissør og manusforfattar Branagh legg samtidig mykje vekt på humoren, den kjappe replikken, livsgleda og samhaldet. Litt sånn som aldrande menn kan gjera når dei ser tilbake på barndommen.

Sjølv blei Branagh fødd i Belfast i 1960. Då han var ni, flytta familien til England.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Belfast
  3. Film
  4. Nord-Irland
  5. Anmeldelse