Ein triumf av skaparvilje og livskraft

LYRIKK: Kva gjer ein i den lange koronatida? Konstaterer at «Snart er den korte syrinsesongen her».

Publisert: Publisert:

«Eg kan telja kalenderdagar / slik andre tel store setlar» skriv Helge Torvund i si ny diktsamling som får toppkarakter av vår meldar. Foto: Fredrik Refvem

  • Eirik Lodén

Grade: 6 of 6 stars

Helge Torvund: Liljevilje. 96 sider. Aschehoug.

Jær-sjamanen Helge Torvund (f. 1951, deb. 1977) har stort sett berre gått frå godt til betre i dei seinare åra, ofte ved å opna opp, sleppa inn, dela ut – i sine stadig rausare skrivestrategiar. Det er ei finstemming av eit i beste meining velbrukt instrument me er så heldige å vera publikum til, og no får me ord til trøyst og inspirasjon frå ei stødig røyst som ber langt og lenge: ”Eg kan telja kalenderdagar / slik andre tel store setlar.”

Og om røysta ikkje er heilt rustfri:

Hjarta er som eit rustraudt frimerke

nokon ein gong klistra på eit kjærleiksbrev.

Ein samlar dampa det laus frå konvolutten

og sette det sirleg inn i eit album.

Snart er syrinsesongen over.

Innramma av sorgdikt

To trøystande sorgdikt er innramminga kring dette kunstverket: Det første er skrive til ei offentleg markering, det siste til gravferda til hans eigen bror, kunstnaren Gunnar Torvund. Her finn Torvund dei eksakt rette orda, som elles: ”Av og til ser eg ein katt bevega seg gjennom hagen vår, / utan at den ser meg, og me er saman i ein veldig avstand.”

Les også

Den positive poeten

Tidlaus trøyst finst alltid: ”Det som er grønt er grønt så lenge frosken, / våren og det heilt uerfarne vender tilbake // Så lenge hausten / held pusten. Den store kjølige vindstilla før // Den mektige avmektige / Kongen av Alt Som Fell”.

Han skriv om ”hudlyse liljenetter” (heldigvis ikkje hudlause) og om ”Å verta sett på av eit blikk som / opnar ein stor blå koffert av minne”.

Berre ved å vri litt på ordlyden opnar denne skrifta nye tankerom. Som i dikta ”Tinglys”, ”Bloddropeengelen”, ”Nå er det tida”, ”Store tre” – men eksempla er for mange til å nemnast særskilt. Det er ein ofte perfekt taima musikalitet av fornying og gjentaking, der ”form” og ”innhald” smeltar saman til reint uttrykk, arge abstraksjonar som dei elles er når dette ikkje skjer. Dette metaperspektivet blir også tematisert – tverrkunstnarleg, men svevande lett, utan pretensiøst press: ”Stien er ei diktlinje / folk sine føter har skrive /…/ Stien har ei erotisk mjukne / og gjev målerisk djupne / til landskapet”.

Stillferdig triumf

På sitt mest suverene vandrar desse verselinene svevngangarstøtt, med ein hypnotisk verknad. Aller best er det ofte når det lett absurdistiske kjem fram, særleg mot slutten, der diktaren tek oss med på ”Fantasiens absurde berg-og-dalbane”. Det er berre å ta av seg alpelua: Dette er ein stillferdig triumf av tålmodig skaparvilje og livskraft.

Ein elegant, sein og selektiv ironi svever ofte over dette lett naivistiske landskapet – og landar gjerne som ein brei og human humor, som i det sjarmfulle ”Påskeliljevilje”, som fortener å bli ein folkeleg hit, med eller utan tonefylgje:

Klangen av gule kronblad

er utan visjon og vilje,

men faldar seg likevel ut

i det me kallar lilje.

Det presser seg opp av jorda

og liknar på instrument.

Dei spelar ein vårfanfare

når alt anna står på vent.

Lastebilar og lyntog

kan dra lenger med større lass,

men liljene skapar glede

og tek så liten plass.

Alt skal ha målark og delmål

som om barn må lærast å nysa.

Liljene kjem frå mørkret

for at augo dine skal lysa.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Skiper ståltenner til Australia for millioner

  2. Lover at Norges råeste motorsports­anlegg skal står klart i juni 2021

  3. Det som skjer med pressefriheten i USA nå er skremmende, også her i Norge

  4. – Lett å jukse i norske bomstasjoner

  5. Tollerne tok 2500 tabletter på Gardermoen som var på vei til Stavanger

  6. Orrestranda er igjen kåret til en av verdens beste strender

  1. Helge Torvund
  2. Poesi
  3. 3D-skanning
  4. Bokanmelder
  5. Jæren