Jærsk barnebokdebutant ut i verda?

I vår debuterte Maiken Nylund som forfattar med «Rikka på ordentlig og forever». Nå viser utlandet interesse for historia om tiåringen Rikka, som føler ho ikkje høyrer heime nokon stad.

Publisert: Publisert:

Maiken Nylund debuterer i år som barnebokforfattar. Boka hennar har både fått kritikarros og internasjonal merksemd. Foto: Cappelen Damm

– Det har vore mange manus som det ikkje blei noko av, seier Maiken Nylund frå Vigrestad. Til dagleg jobbar ho som bibliotekar på Hå folkebibliotek på Nærbø. Men på si´har ho altså putla og skrive. Nylund tok fatt på barnebokforfattarutdanninga på Norsk barnebokinstitutt for ti år sidan. I vår kom debutboka «Rikka på ordentlig og forever».

– Kva var det med dette manuset som gjorde at det blei bok av det?

– Eg trur historia er meir på plass denne gongen. Ein treng ei solid historie som kan bera boka, svarer Nylund.

Midt mellom alt

«Rikka på ordentlig og forever» handlar om ti år gamle Rikka. Foreldra er skilde, Rikka bur saman med mora og hennar nye mann, samt dei små tvillingane dei har saman. Ein time unna med buss bur faren, med si nye kone, og deira nye dotter. Rikka helgependlar til faren.

– Det finst bøker om skilsmissebarn, men ikkje særleg mange. Eg trur det er viktig å skriva bøker om temaet. Delte heimar, med mine og dine barn, er veldig vanleg. Men samtidig er det veldig komplisert for alle involverte, med mange kjensler. Det er viktig å visa at mange har det slik, seier Nylund.

I tillegg er Rikkas besteveninne Lisa forelska i naboguten Tom. Rikka blir redd for å mista Lise, og veit ikkje ein gong korleis det kjennest å vera forelska. Så flyttar det inn ein ny gut i det andre nabohuset, Jimmy, som kan sykla på eitt hjul og er oppkalt etter ein gitarist.

Midt oppi alt dette står ein tiåring som er midt mellom alt. Mellom to familiar, mellom veninner og gutar, mellom barn og ungdom.

Fulltreffar

Nylund har jobba eit par år med boka. Det heile starta med ei forelesing om barnelitteratur, der Nylund fekk høyra om Rikka Deinboll, som utvikla skulebiblioteka i Oslo. Der kom namnet Rikka frå.

– Ho skulle vera litt utanfor, føla at ho ikkje passa inn. Eigentleg rommar boka to historier, éi om vennskap og forelsking, éi om å ha skilde foreldre. Men karakteren og kva ho skulle gjennom kom først, seier Nylund.

Dag og Tids meldar Janne Karin Støylen meiner Nylund har levert ein fulltreffar i sitt første forsøk som forfattar. Ho rosar særleg Nylund for å skriva i augehøgd med barnet, på Astrid Lindgrens vis, der ho ser ting frå Rikkas perspektiv.

– Eg har ikkje tenkt så mykje over å vera i augehøgde med tiåringen. Eg trur meir eg har henta ein tiåring som stemmer overeins med meg sjølv. Kanskje har eg skrive til meg sjølv som tiåring, seier Nylund.

– Er dette ei bok barn skal lesa sjølv eller ei bok foreldre bør lesa saman med ungane?

– Eg trur ho kan fungera både for barn frå 4.-7. klasse som kan lesa sjølv, men også som høgtlesingsbok for barn heilt ned til 2. klasse. Eg har fått tilbakemelding på at det fungerer - og frå vaksne som har kjent seg att i temaet: Å kjenna seg utanfor og ikkje passa heilt inn.

Internasjonal interesse

Då norske forleggjarar i april drog på den store, internasjonale barnebokmessa i Bologna i Italia, var Nylunds debut ei av bøkene dei hadde med seg - og som dei hadde store forventningar til.

Nylund sjølv var ikkje med, det internasjonale salsarbeidet blir gjort av andre.

– Eg veit bare at det var mykje god respons på boka i Bologna, og at mange var interesserte. Men det for tidleg å seia noko meir, seier ho.

– Du er litt halvspent?

– Ja, eg skal ikkje nekta for det.

Publisert: