Eit vågestykke av eit farsportrett

ROMAN: Det er forfattarens eigen far som er den namnlause «han» i «Drøm om de levende». Det krev vågemot å skriva seg innpå ein far slik som dette.

Publisert: Publisert:

Foto: Paal Audestad

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 5 out of 6

Gaute Heivoll: Drøm om de levende. 472 sider. Tiden

Gaute Heivoll har med åra ein nokså allsidig produksjon bak seg, men den opplagde raude tråden er at han nyttar verkelege hendingar og lagnadar som komponentar i romanane sine. No er det knapt noko nytt at dagens litterære smak favoriserer det røyndomsnære og biografiske, men Heivoll har no likevel sin heilt eigne måte når han stadig skriv seg inn i og ut av tette famntak med levde liv. Årets omfattande roman har ei særmerkt presens-perspektiv på fortida, men den raude tråden er som før, og endå meir: for her er det blodsbandet som dunkar gjennom teksten; det er forfattarens eigen far som er den namnlause «han» i «Drøm om de levende». Det krev vågemot å skriva seg innpå ein far slik som dette.

Me er i det bygdelege bibelbeltet; Heivolls sørlandske heimtrakter utgjer som fleire gonger før landskapet for litteraturen hans. Likevel utgjer det på ingen måte kulissar for portrettet av farens barndom og oppvekst; i staden skaper forfattaren ein kompleks og djup koloritt, der biletet av faren og det som bidreg til å forma han stig opp av sjølve landskapet og alt som lever i det. Gaute Heivoll er ikkje ein mann for snarvegar og snikksnakk. Han fleire gonger vist seg som ein risikovillig forfattar som skriv det han må, og som lesar kan vi nokon gonger kjenna på tyngda av alt det som skal skrivast fram; strevet i å kalla fram farens barndom, og alt det smertefulle og lagnadstunge som gøymer seg mellom kratt og knattar i det agderske innland, både i faktisk og overført tyding.

Søndagsskule og popkultur

Romanen er spekka med referansar til så vel søndagskuleforteljingar som populærkulturens verd som opnar seg for den unge hovudpersonen—her er det ikkje uventa duka for spenningar. Spenningar finn vi òg mellom den handfaste og hardføre småbrukarkulturen og det filosofiske og sensitive i hovudpersonens indre. I bygda sine mange forteljingar lever både galskap og gru, alt set sitt preg på gutens vidopne sinn. Her er venskap med den sjølvsentrerte Sverre og den ulukkeleg barske Klaus. Her er lærarinna som skriv vakkert i minneboka og som «ser hvem jeg egentlig er». Her er både glitrande passasjar om effekten av lesing på eit sinn som evnar å «forsvinne i en bok» og håpet om å hoppa langt nok på ski, om å merka seg ut, slik at ein ikkje skuffar dei heime.

Det er eit nært portrett av ein svært sårbar og likevel slåande alminneleg person Heivoll teiknar. Ein som opplever tap som mange andre, men der desse tapa likevel festar seg på ein særskilt måte. Ein som her vert sett av sonen, men som i teksten ser seg sjølv på eit forunderleg klart og ofte smertefullt vis. Vi følgjer han i eit etterkrigs-Noreg, der ikkje så mange vegar var opne for ein som ville noko anna enn å ta over bruket heime. Det er den draumen han ber på, men farvatna er uklare i det gryande vaksenlivet, og som i badevatnet i heimbygda, vert det ei leiting etter «det undersjøiske fjellet der du kan reise deg opp og stå». Dit er det gjerne litt lengre enn det først såg ut til og vatnet er stundom kaldare.

Dvelande

Romanen kan skuldast for å vera for omstendeleg og dvelande. Dei over firehundreogfemti sidene tek oss trass alt berre knapt til midten av tjueåra i farens liv, og det finst definitivt passasjar, særleg i første halvdel av romanen, som med fordel kunne ha vore stramma opp. Likevel, Heivoll snur steinane i farens unge liv på ein måte som gjer inntrykk. Med stor språkleg presisjon, empati og ikkje minst mot finn han ein måte å trø faren nær, i famlinga etter ein ståstad, i «lysten og pinen», den unge mannens vaknande og lengtande seksualitet; i heimlengten og utferdstrongen, og når håpet brest. Men der håpet brest, finst også stødige venskap og nybakte bollar og piller som vert skylte i do og håpet om ei som snart ringjer.

For slik er den Heivollske måten: det er ikkje berre alvoret, det er eit nødvendig alvor, som med sinnsro og verdigheit levandegjer menneske frå farne tider, eit alvor med mange rom, med sensuelle avstikkarar, djupsindig forståing av folkedjupet og dramatikk på små flater.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Haalands langspurt overskygget alt. Det gikk et gisp over fotballverdenen.

  2. Ser du hvor dette huset har en skjult oase?

  3. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  4. Mandal:

  5. Denne økten sier noe om hvorfor Jakob Ingebrigtsen er så god

  6. Trafikken går som normalt igjen på E39

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Gaute Heivoll