Stavangeren lagar Stavangerensemblet-musikal

Hausten 2020 planlegg Stavangeren å setja opp den nyskrivne musikalen «Blyge Harry», basert på Stavangerensemblets musikk og tekstar.

Publisert: Publisert:

Legendariske Stavangerensemblet blir musikalmateriale når Stavangeren set opp den nyskrivne musikalen «Blyge Harry» til hausten. Foto: Knut S. Vindfallet

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Prosjektansvarleg Pål Mangor Kvammen vil ikkje kommentera musikalplanane før han og Stavangeren lanserer prosjektet 16. januar.

Men i papira til Stavangers nye kulturstyre «Utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog» onsdag, ligg ein søknad om støtte til eit kurs for unge talent i samband med musikalplanane på Stavangeren.

Her står det:

«Blyge Harry er en nyskrevet musikal basert på Stavangerensemblets tekster. Handlingen er lagt til Gamle Stavanger i 2088. Forurensingen i Stavanger har blitt så høy at ingen vil bo i byen lenger. Husene står til forfall, okkupert av ungdommer som vil rehabilitere de gamle husene, men eiendoms-spekulatører står klare til å overta. Det oppstår en klassisk kamp mellom fattig og rik, ungdom og etablert, ispedd en klassisk kjærlighetshistorie.»

Premiere til hausten

Planen er at musikalen «Blyge Harry» skal ha premiere på Stavangeren hausten 2020. Både profesjonelle utøvarar og 20 unge talent mellom 18 og 25 år skal etter planen vera med.

Sånn sett liknar planane tilsynelatande på det Kvammen og makker Jon Arne Sægrov gjorde med Mods-musikalen «Revansj» i 2012. Den gongen fekk dei avslag på det som var deira første søknad om støtte frå kommunen. «Revansj» gjekk for fulle hus fem veker i Stavanger konserthus, blei sett av 21.375 publikummarar - og hadde 20 ungdommar i rollene. Fleire av desse ungdommane har sidan utvikla si kunstnariske karriere, står det i sakspapira.

I 2017 fekk Sægrov og Kvammen 350.000 kroner i kommunal støtte til utviklinga av ein oljemusikal med arbeidstittelen «Oljeeventyret». Planen var musikalen skulle ha premiere i samband med oljejubileet i år, men dei økonomiske tidene gjorde det umulig å få musikalen på beina. Då planane blei kansellerte, betalte Kvammen og Sægrov støttepengane tilbake til kommunen.

Les også

Kulturprisen til Pål Mangor Kvammen

Talentutvikling

Stavangeren har levd av å selja sine eigne billettar, og har ikkje vore blant dei som har søkt eller fått mest økonomisk støtte frå kommunen - noko Kvammen var tydeleg på då han fekk kommunens kulturpris i 2013. Når han nå søkjer, og kommunedirektøren innstiller på at prosjektet bør få offentleg støtte, går dette til talentutvikling innan song, dans og drama:

«Gjennom deltakelse i musikalen Blyge Harry får ungdommer mellom 18 og 25 år muligheten til å utvikle sin kunstneriske karriere, men også lære mer om hva det vil vi si å gjøre et karrierevalg innen kunst og kultur, og være sin egen manager for å kunne leve av kultur som næring,» som det står.

Etter tre auditionrundar hausten 2019, er planen å kursa dei utvalde talenta fram mot premieren på «Blyge Harry» neste haust.

Kvammen søker om 200.000 kroner til å gjennomføra talentkurset. Kommunedirektøren innstiller på å løyva 100.000 kroner, og viser til at eitt av seks definerte perspektiv i Stavangers gjeldande kulturplan er «utvikling av framtidens talenter». Om det blir kommunal støtte og kor stor ho til slutt blir, er opp til politikarane i Stavangers nye kulturstyre, der Arbeidarpartiets Arnt-Heikki Steinbakk er leiar.

Foggel i dag?

Uansett: Kven dei 20 utvalde unge talenta er, kven dei profesjonelle utøvarane blir, kva songar av Stavangerensemblet som er med eller om Ensemblet på nokon måte er involvert i musikalen må me altså venta til nyåret før me får svar på.

Les også

Inga skam å snu. Men kor går vegen nå?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Helsetilsynet mener Sirdal har begått flere lovbrudd i behandlingen av gravid kvinne

  2. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  3. Treningssentrene må fortsatt vente med gjenåpning

  4. Brann i søppeldunk på Arkaden

  5. Her rygger leddbussen ned på Diagonalen

  6. Bodil suste rundt på fester og fløy privatfly i studietiden, men kjente større lykke da sønnen så et fint tre i Røldal

  1. Stavangeren
  2. Pål Mangor Kvammen
  3. Musikk
  4. Musikal
  5. Stavanger