Regelen om 200 personar har inga betyding for kinoen

Publikum bruker kinoen når det er dårleg vêr, men avstandsregelen set kinoane i ein vanskeleg situasjon.

Publisert: Publisert:

Trass ein annleis vår ser kinodirektør Håvard Erga positivt på tida framover. Men han håper nok på ein kaldare sommar enn dei fleste. Foto: Jarle Aasland

  • Marie Håland
    Journalist

– Det har ikkje vore veldig sprekt.

Det seier kinodirektør Håvard Erga i Odeon Stavanger/Sandnes til spørsmålet om korleis det har vore på kinoen etter dei opna att i mai.

Stor avstand i salane

Talet på publikum i vår er berre på 10–15 % samanlikna med våren i fjor, seier Erga. Færre besøkjande skyldas, naturleg nok, koronarestriksjonane som store delar av kulturlivet har.

I dag er det lov å vere 200 personar samla på ein stad, men reglane tilseier at det må vere ein meter frå skulder til skulder. Mellom dei fleste stolane er det 95 cm frå kant til kant. Dei manglande 5 cm gjer at det må vere to tomme sete mellom kvar person.

– At det er lov med 200 personar hjelp jo ingenting då. Det er ingen kinosalar her som har den kapasiteten når du tek vekk to og to sete. Framsyningane blir utselde sjølv om dei nesten er tomme.

Les også

Konserthuset avhengig av å få opp aktiviteten

Bransjeorganisasjonen Film & Kino har sendt inn førespurnader til kulturdepartementet rundt denne problematikken. Erga håper det snart blir ei endring.

– Regelen om ein meter frå skulder til skulder gjeld jo ikkje på buss, tog og fly. Og den einaste butikken som regulerer inngangen og talet på kundar er Vinmonopolet. Folk klarer seg stort sett godt ute, og det vil dei òg gjere på kino viss me berre har eit sete mellom.

Avhengig av USA

Kinosommaren kjem òg til å by på færre filmar enn vanleg.

– Me har ikkje fått dei store, nye filmane på grunn av utsetjing. Me er veldig avhengige av USA, og så lenge kinoane er stengde der så kjem ikkje filmane her.

Store «blockbuster»-filmar som «Tenet» og «Mulan» skulle eigentleg hatt premiere i juli, men kjem på grunn av dette ikkje før i august. Det er likevel noko positivt med det, synest Erga.

– Det er jo litt gledeleg at dei meir smale filmane ikkje druknar i dei store, og at dei får eit godt liv på lerretet.

Les også

Premiere på trailer for heilrogalandsk film

I tillegg kjem kinoane til å køyre ønskereprisar av både større og eldre filmar. Tidlegare har dei til dømes vist store filmar frå Christopher Nolan, og fleire «Star Wars»-filmar.

– Me nyttar oss av det me har, og det går fint å gjere når alt er digitalt. Viss me ser det blir stor etterspurnad så kjem me òg til å starte med dagopen kino igjen.

Dårleg vêr er kinovêr

Men det er ikkje berre meterrestriksjon og USA som har noko å seie på korleis det går med kinoen. Den siste syndaren er ein dei aller fleste liker godt, sett bort frå Erga.

– Det er ingen som går på kino når det er 28 gradar og sol! Kvar gong dei melder regn, vind og 13 gradar blir eg kjempeglad, seier han og legg til at den regnfulle søndagen var den beste dagen dei har hatt sidan 12. mars.

Og det verker som at publikum er glade for at kinoen er ope, og at dei kan nytte seg av han.

– Det var mange som var glade då me opna, og dei som hadde sakna kinoen kom då. No har det auka med publikum veke for veke. Det er berre vêret som har stoppa folk.

Les også

Teater, quiz, taco og kjente kulturfjes. Herfrå vil ingen dra

Trass meterregel, kinostopp i USA og sola klarer kinoen seg greitt økonomisk, seier Erga. Dei kjem til å ta igjen mykje til hausten.

– Eg lever etter ordtaket «sjå aldri bakover», så det skal gå bra dette. Og alle er hjarteleg velkomne til kinoen. Her er det trygt og godt!

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Privat leteaksjon ved Månafossen: Familien søker desperat etter livstegn

  2. Hjemmelaget har tatt tilbake ledelsen: - Vanvittig sterkt!

  3. 382 milliarder kroner. Det er den nye prislappen på ferjefri E39

  4. SAS erstatter Boeing med fly som dette mellom Sola og Gardermoen

  5. National Oilwell Varco sier opp i Stavanger

  6. Brann i Kampensgata i Stavanger - en beboer uskadet

  1. Odeon
  2. Kino
  3. Film
  4. Koronaviruset
  5. Sandnes