Hektisk homsesex med tårefylte forviklingar

BOK: Forsert og frisinna parademarsj i stivbeinte, sentimentale klisjéar.

Publisert:

Aftenbladets meldar meiner det er bra at Åsmund H. Eriksen grip fatt i erotikk og samliv mellom to av same kjønn, men skulle ønskt seg ein heilt annan litterær kvalitet på romanen «Håkon». Foto: Samlaget

Steinar Sivertsen
Litteraturkritiker

Grade: 3 out of 6 stars

Åsmund H. Eikenes: Håkon. Roman. 206 sider. Samlaget.

Verdslitteraturen er full av bøker som skildrar kjærleiken mellom mann og kvinne. Slik sett er det bra at ein norsk romandebutant grip fatt i erotikk og samliv knytt til personar av same kjønn.

Men når det er sagt - eg skulle gjerne ha sett at den tabuoverskridande, flate homseforteljinga til Åsmund H. Eikenes (f. 1986) hadde vore av ein heilt annan litterær kvalitet.

Eg-stemma i den tredelte teksten tilhøyrer den 30-årige grafiske designaren Håkon som fortløpande, opent og ofte røft tar for seg sine tre viktigaste seksualpartnarar, sine ambivalente emosjonar og tallause sidesprang.

Først får vi høyre om korleis brotet med den valdelege macho-sambuaren Arve tvingar seg fram. Håkon får – særs overraskande, vil eg meina - den sjalu, muskelkraftige partnaren gjennom fleire år til å godta at han går på byen aleine, for så å kunna hoppa til køys med stadig nye, framande menn etter mønsteret «Ingen spørsmål, alltid kondom, ingen kjensler.»

Like fullt forlèt Håkon den dominerande, angrande, tryglande, trugande Arve og flyttar inn hos den trygge, stabile Stig som drøymer om rekkehus og eit A4-liv saman med Håkon som han møtte fyrste gong i eit tradisjonelt danse- og sjekkelokale i (Oslo) sentrum.

Men deira samliv blir kortvarig. Den upålitelege Håkon er utru saman med Thomas, ein flørtande, pen storsjarmør med svarte krøller, og fortener ikkje Stigs tillit.

I sum illustrerer denne soga om den løgnaktige eg-forteljaren og hans tre sengepartnarar først og fremst at Stig har rett når han frustrert slår fast: «Det handlar alltid om sex. Meir sex, betre sex, meir spennande sex, og sex med nye folk. Heile tida. Med alle. Jævla kåte homoar.»

For her klarer ikkje aktørane å «halda pikken i buksa», her florerer tungekyssa og «Eg elskar deg»-frasen til overmål, igjen og igjen og igjen, gjerne medan smaken av sæd på tunga spreier seg etter all pikksuginga, her pustar ein tungt, bit i brystvorter, knar på rumper, skjelv av lyst, stønnar av smerte, føler seg fri, føler seg sliten, føler seg tom, og da helst i skuggen av stadig nye orgasmar.

Kan henda er denne pornografiliknande sjongleringa med mannlege draumar, drifter, kjønnsorgan både dristig, illusjonslaus og sjokkerande. Men spesielt sanseleg eller utfordrande er ikkje teksten. Med alle sine masete referansar til sexladde mobilmeldingar, med sine mange tårer som pressar seg fram og obligatoriske spyscener fra bakrusland er dette dessverre først og fremst ein gnålete, flat homseroman som leflar med det tabuaktig grove og dyrkar sentimentale klisjéar av typen: «To skadeskotne fuglar, klare for nye eventyr.»

Publisert: