Kunstnaren som nektar å tia stille

Natasja Askelund har fått beskjed om at det ville vera lurt av henne å halda meir kjeft. Men ho sluttar verken å snakka – eller måla bilete – av den grunn.

– Det viser seg å vera farleg å kritisera dei som styrer Stavanger nå. Eg har fått direkte beskjed om at det ikkje er lurt av meg å seia det eg seier.

Natasja Askelund sit i lokala til Galleri Opdahl. Ho er frysen, kjenner seg med eitt bakfull. Men ho drakk ingenting i går. Og sjølv om det ikkje er varmt i gallerilokala, er det ikkje nødvendigvis lufttemperaturen som får henne til å kjenna gysinga gjennom kroppen. Det er orda ho ytrar. Kan dei få konsekvensar for henne?

– Det er faktisk ganske skummelt, seier ho.

Me skal koma tilbake til dette.

Les hele saken med abonnement