Då han møtte – og myrda – henne

BOK: Lettlese, men litt ufokusert, om risikoen kvinner tar når dei er i nærleiken av menn.

Evie Wyld er aktuell med romanen «Bass Rock». Foto: Strawberry Publishing

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Evie Wyld: Bass Rock. Roman. 381 sider. Omsett av Halvor Kristiansen. Strawberry Publishing.

«Ei kvinne, eg har gløymt kven, spurte ein gong ein mannleg ven om kvifor menn følte seg truga av kvinner. Han svarte at dei var redde for at kvinner kanskje lo av dei. Så spurte ho ei gruppe kvinner om kvifor kvinner følte seg truga av menn. Dei sa: «Me er redde for at dei kan drepa oss.»»

Orda tilhøyrer drapsetterforskar Stella Gibson (Gillian Anderson) i krimserien «The Fall», men kunne like gjerne vore ein replikk eller anekdote frå Evie Wylds (f. 1980) nyaste roman, «Bass Rock.» Den kvinnelege erfaringa av (i dei fleste tilfella) å vera fysisk underlegen det andre kjønnet – og kva det kan føra med seg – verkar å vera eit berande premiss i romanen til den prislønte engelsk-australske forfattaren.

Handlinga går føre seg vekselvis på tre tidsplan ved austkysten av Skottland, der klippeøya Bass Rock blir eit slags omdreiingspunkt for hendingane. Tre kvinner speler hovudrollene: På 1700-talet må Sarah flykta for livet etter å blitt skulda for å vera heks. Like etter andre verdskrig er Ruth åleine i herskapshuset på staden og passar dei to stesonane, medan ektemannen er i London, kanskje i lag med elskarinna. I nåtida skal Viv gjera huset klart for sal, men slit med både indre og ytre demonar.

Innimellom desse tre hovudhistoriene blir me vitne til korte scenar der ukjente kvinner blir mishandla og drepne av like ukjente menn. Trugsmålet om mannleg, seksualisert vald ligg stadig og lurer, nærast som eit grunnvilkår, i dette universet. Og til alle tider, kan det verka som dei tre tidsplana er med på å understreka.

Wyld har ein skrivemåte som flyt godt, men det er sjeldan ho kjem opp med særleg originale vendingar. Forteljeteknikken kan minna om mosaikkfilmane på 90-talet, der ulike historier tangerer kvarandre. Her fungerer det sånn passeleg bra; det gir ei kjensle av breidde og samanheng, men er på same tid noko utflytande og pompøst. Ruth og Vivs historie står godt til kvarandre, Sarahs blir hengande meir i lause lufta.

Det er elles paradoksalt at ein roman med såpass feministisk tema har kvinnelege hovudpersonar som er relativt preglause og keisame. Vivs venninne Maggie er unntaket, som ein original bi-figur.

Publisert:
  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Regnet tærer hardt på snøen: - Jeg er sjeleglad for at det ikke er denne uka det er vinterferie

  2. Bekymret for de høye smittetallene

  3. Butikken har vært en del av Stavanger sentrum i 110 år. Nå legges den ned.

  4. Ja, denne plassen kan bli by, men ikke nabobygda på Jæren

  5. Økende smittetrend, men flere bedrifter åpner for å jobbe på kontoret

  6. Mutert virus skaper uro blant eksperter i California: - Djevelen er allerede her