Kine­sisk krigs­patrio­tisme

FILM: Actionfylt, blodig og nesten komisk patriotisk om kinesisk krigshistorie.

Dei kinesiske soldatane i lagerbygget kjempar ein håplaus kamp mot japanarane. Men dei er villige til å ofra livet.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

The Eight Hundred

Originaltittel: Ba Bai. Med: OU Hao, JIANG Wu, ZHANG Yi, WANG Qianyuan, DU Chun, LI Chen. Sjanger: Action / Krigsfilm. Regi: Hu Guan. Nasjonalitet: Kina, 2020. Aldersgrense: 15 år. Språk: kinesisk. Lengde: 2 timar, 29 minutt.

Det er ikkje rart at det er laga mange filmar om krig opp gjennom tidene. Krigen rommar det aller mest ekstreme ved den menneskelege tilstand. Det står – bokstaveleg talt – om liv og død, mot og ære, patriotisme, plikt, offer, tvil og smerte.

Men om ein ser på filmane som er laga om krigen, har det – heldigvis – skjedd eit skifte, til dømes frå amerikanske krigsfilmar frå 2. verdskrigen produsert på 1950 – 1960-talet og fram til dagens krigsfilmar. I gode, moderne krigsfilmar, enten dei handlar om 1. verdskrig, 2. verdskrig eller Vietnam, er alt meir komplisert, meir realistisk, meir truverdig.

Sånn er det ikkje i kinesiske «The Eight Hundred», som tek for seg eit håplaus slag i krigen mellom Japan og Kina i 1937. Japan har gått til åtak på Kina, driv kinesarane på flukt, har øydelagt det meste av Shanghai. Men i eit varelager av betong langs elva, held nokre hundre kinesiske soldatar stand – ei stund – mot alle odds. Og med den internasjonale frisonen med sine blinkande neonlys på den andre sida av elva.

Regissør Hu Guan slår på stortromma både visuelt og lydmessig. Det dundrar på med lyd, slag, blod og krigsscener. Tidvis har det heile preg av ein actionheltfilm. Problemet er at all actionen gjer at me eigentleg aldri blir heilt kjent med nokon av karakterane. Der spelar mindre rolle kven som lever og kven som døyr.

Og så er dette nesten teikneserieaktig svart-kvitt, og ender opp i ein form for kinesisk patriotisme/propaganda som kjennest corny sett med vestlege auge i 2020. Her er ei prising av Kina, av flagget, av kinesisk vågemot og offervilje på vegner av nasjonen som får meg til å tenkja på det sensurapparatet ein film som dette må gjennom. Det kommunistiske diktaturet Kina vil blant anna diktera nasjonens historieskriving. To gonger blei regissøren sendt tilbake til klippebordet før sensorane gav grønt lys. Ifølgje bransjerykta blei visstnok den konkurrerande delen av det kinesiske kommunistpartiet, under Chang Kai-chek, framstilt for positivt.

Men: Med amerikanske og vestlege kinoar stengt, gjer populariteten på den kinesiske marknaden at dette blir den mest sette filmen på kino i år på verdsbasis.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. filmer

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger