Kvifor er dei så sinte på Peterson?

BOK: Når kulturkrigen rasar, kan sjølv banale sjølvhjelpsråd bli sprengstoff.

Kvifor vert folk så sinte på, eller glade i, denne mannen? Ei forklaring kan vera at Jordan Peterson legg vekt på det personlege ansvaret som eit tydeleg alternativ til ein moderne offerkultur.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Jordan B. Peterson: Mer enn bare orden. 12 nye regler for livet. Omsett av Ann Høydalsnes. 381 sider. Gyldendal.

Då leiinga i forlaget Penguin Random House Canada i fjor haust kunngjorde på eit allmøte at dei skulle gi ut ei ny bok av psykologiprofessoren Jordan B. Peterson, protesterte mange av dei tilsette. Fleire gret, andre var skamfulle. Peterson er eit «ikon for hatprat, transfobi (…) og kvitt herredømme», vart det sagt.

Eg hadde sant å seia forstått det betre om dei reagerte mot å gi ut ei dårleg bok. Ein lesar som vende tilbake etter nokre år på Mars og var ukjend med alle kontroversane omkring Peterson, ville lett konkludert med at «Mer enn bare orden» er ei nokså gjennomsnittleg sjølvhjelpsbok av ujamn kvalitet.

Petersons vektlegging av det personlege ansvaret representerer eit tydeleg alternativ til ein moderne offerkultur som banar vegen for det autoritære.

Delar av boka er pompøst jabb, der banale sanningar blir jazza opp med eksempel mellom anna frå egyptisk gudelære, gresk filosofi, Bibelen, Harry Potter, Peter Pan og Pinocchio. Andre stader gir forfattaren oss nyttig innsikt, illustrert med interessante og konkrete eksempel frå sin eigen praksis som psykolog.

Ta ansvar!

Bodskapen hans er langt på veg den same som i den første boka, «12 regler for livet», som vart ein stor suksess då ho kom i 2018: Ta ansvar! Møt utfordringar! Få orden på livet! Rydd rommet ditt! Peterson åtvarar mot enkle forklaringar og altomfattande ideologiar. Den som vil forandra verda, må begynna med seg sjølv. Desse enkle levereglane har funne grobotn, spesielt hos unge menn på jakt etter mål og retning i livet.

Medan Peterson kalla sine første reglar for «motgift mot kaos», legg han denne gongen inn eit godt ord for at kaoskreftene også er ein nødvendig del av menneskelivet. Forfattaren er heller ikkje fri for sære interesser. Han fortel at han gjennom fire år dagleg bladde gjennom eit tusentals sovjetiske landskapsmaleri på nettet – til saman over ein million - for å finna eitt eller to av «genuin kvalitet». Ein av dei nye levereglane hans er nemleg at du skal prøva å gjera eitt rom i heimen din så vakkert som mogleg. Det kan tydelegvis vera krevjande nok.

Men elles er Peterson ganske konsistent: Det kreative kaos må balanserast av ein konservativ orden. Om dette er ekstremisme, må det i så fall vera eit sentrumsekstremistisk forsvar av den gylne mellomvegen og verdien av nedarva tradisjonar og moral.

Alternativ til offerkultur

Ut frå det Jordan Peterson faktisk skriv, er det ikkje lett å forstå alt oppstyret omkring hans person. Ein relativt temperert, snusfornuftig bodskap har tydelegvis landa midt i den pågåande identitetspolitiske kulturkrigen og gjort han til både idol og demon. Det har heller ikkje hjelpt Peterson at  forsvaret hans for tradisjonelle «maskuline» dygder er blitt omfamna av enkelte ytterleggåande grupper på høgresida, heller ikkje at han har nekta å bruka konstruerte pronomen som «ze» og «zir» i staden for «he» og «she» for å avspegla eit mangfald av kjønnsidentitetar.

Likevel, djupast sett er kanskje den viktigaste forklaringa denne: Petersons vektlegging av det personlege ansvaret representerer eit tydeleg alternativ til ein moderne offerkultur som banar vegen for det autoritære. Den viser seg både på høgre- og venstresida, i Donald Trumps patetiske klynking for å halda på makta, og i woke-aktivistane sine stadige forsøk på å veksla sjølv den minste krenking inn i moralsk fripass til å mobba motstandaren av banen.

Slik blir Jordan Peterson ein temperaturmålar på ubehaget i kulturen, og ei ordinær sjølvhjelpsbok blir større enn seg sjølv.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Den nye krimdronningen

  2. Dommedag, orgie og livet etterpå

  3. Heidi Furre maser på leseren, og det er vellykket

  4. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  5. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  6. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  1. Bokanmeldelser
  2. Sakprosa
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Filosofi