Djevelsk dokkedemon

«Annabelle 2» byr på alle skrekktriksa i boka. Det er både litt skremmande og litt kjedeleg.

Hadde eg vore ein livredd unge, hadde eg neppe slept rundt på den skumle, livsfarlege dokka i mørkret. Men i «Annabelle 2» gjer dei det.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Annabelle 2

Sjanger: Skrekkfilm. Med: Miranda Otto, Alicia Vela-Bailey, Stephanie Sigman. Regi: David F. Sandberg. Nasjonalitet: USA, 2017. Lengde 1 t. 48 min. Aldersgrense 15 år

Barn som blir besette av djevelen er ein klassikar innanfor skrekkfilmsjangeren. Sjølv hugsar eg med skrekk og gru tilbake til då eg, altfor ung, såg (delar av) «The Omen»- og Eksorsisten-filmane frå 1970-talet. Det var forferdeleg.

«Annabelle 2"er fjerde film frå «The Conjuring»-universet - og vil etter alt å dømma halda fram med å bringa millionar til filmselskapet. Men tidsmessig er filmen plassert tilbake i tid. Her får me vita kor den skumle dokka frå «The Conjuring» og «Annabelle» i si tid kom frå.

Me møter ein dokkemakar og kona, som 12 år etter at dei mista dottera inviterer seks foreldrelause jenter og ei nonne til å bu i det enorme, einsame huset deira. Men i staden for å bli ein idyll, blir den nye heimen eit skrekkabinett. Den svenske regissøren David F. Sandberg bruker skuggane og den slørete bakgrunnen effektivt for å byggja opp uhygga, og så kjem dei fleste triksa i skrekkfilmboka omtrent som du kan forventa. Men eg blei skremt fleire gonger, så då funkar det jo, på sitt vis.

Ein må jo passa seg for å bruka sin logiske sans når ein ser skrekkfilm. Historia er jo både tynn og tullete, om du tenkjer over det. Besette tredokker og redde/skumle barn er i seg sjølv bare middels skremmande. Og tidvis går det litt treigt mellom støkka, barneprat på film er jo - som alltid - ganske kjedelege greier.

Og så må du for all del ikkje tenkja for mykje over at den logiske reaksjonen når du møbler beveger seg sjølv, når Satan bur på naborommet eller du møter ei dokke som er både skremmande og ond, er å stikka av, ikkje gå inn i rommet. Eller, du bør ikkje reflektera for mykje over at den mektige demonen med sine superkrefter ganske greitt kan stengast ute om du bare låser den gamle tredøra.

Men kjøper du opplegget og universet, skal det nok gå nokre grøss gjennom kroppen om du ser «Annebelle 2».

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. 128 nye smittetilfeller på Nord-Jæren siste døgnet

  2. Sykepleiere på akutten på SUS: – Pasienter må vente i mange timer på hjelp

  3. Isoler huset ditt - få støtte fra staten

  4. Vaksine-sjef advarer om svakere effekt mot omikron

  5. Ingrid Fiskaa (SV) får skryt fra uventet hold

  6. Familien på Tasta sparer tusenvis på å gjøre små grep – her er deres – og ekspertens – strømtips