Intenst lys

Sabotørane på Vestlandet har fått den sterke historia dei fortener.

Publisert: Publisert:

Damefrisørsalongen "Charme" på Madlaveien vart driven av Mary Antonsen og var ein av samlingsplassane for sabotørane i Stavanger. Her passerer kong Olav og prinsesse Astrid salongen i open Cadillac under eit besøk i juni 1958. Foto: Stavanger byarkiv/ Prosjekt sab.org.

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
Grade: 5 out of 6

Den kommunistisk-dominerte Sabotasjeorganisasjonen – Saborg – dreiv ein vesentleg del av sabotasjeaktiviteten under krigen, ikkje minst på Vestlandet. Cirka 100 personar stod bak eit trettitals aksjonar i Bergen— og Stavanger- området, fleire av dei med merkbare konsekvensar for okkupasjonsmakta. Mot slutten av krigen vart store delar av organisasjonen rulla opp av tyskarane og NS, med tortur og død som resultat.

Likevel har Saborg fram til nå fått relativt liten plass i norsk okkupasjonshistorie. På same måte som partisanane i Finnmark vart Saborg- sabotørane offer for den kalde krigen. At enkelte av dei, som Asbjørn Sunde ("Osvald"), både under og etter krigen tok sine ordrar frå Stalins Moskva og dermed underordna seg eit politisk system som hadde mykje til felles med nazismen, har kasta mørke skuggar over heltegjerningane.

Handlingane i sentrum

Med boka "Sabotører i vest" har Lars Borgersrud og Inge Bjørnar Eriksen gjort eit formidabelt arbeid for å løfta fram Saborgs innsats. Ved hjelp av eit omfattande skriftleg og munnleg kjeldemateriale frå fleire land er organisasjonen og aktiviteten dokumentert i detalj. Dei ulike aksjonane er grundig rekonstruerte. Det gjeld for eksempel den mykje omtalte likvideringa av statspolitimannen Leonard Wickstrøm på Lagårdsveien i Stavanger 5. desember 1944, der den segnomspunne, unge sabotøren Helge Hansen fyrte av dei dødelege skota.

Framstillinga kan av og til bli så grundig og detaljert at det blir vanskeleg for lesaren å halda tråden, medan boka andre stader har driv som ein spenningsroman. Likevel kunne ein ønskt at forfattarane i større grad hadde vist oss menneska bak sabotørane. Her står handlingane i sentrum.

Borgersrud og Eriksen stadfester at det var sterke motsetningar mellom det kommunistiske, aksjonsorienterte miljøet og det meir forsiktige Milorg, som med støtte frå London- regjeringa ville unngå sabotasje som gjekk ut over liv og eigedom og kunne framprovosera tyske represaliar. Forfattarane tek klart parti for Saborgs linje, men dei nyanserer også bildet. Dei viser til at det fanst svært handlingsvillige element også i den "borgarlege" delen av motstandsrørsla, som til dels samarbeidde med Saborg. Britane pressa dessutan på for ei tøffare linje i Norge. Mot slutten av krigen kom også Milorg over på ein meir aktivistisk kurs.

Motsetnader

Samstundes var det kommunistiske motstandsmiljøet sjølvforsynt med konfliktar. Der var motsetnader mellom sentrale figurar som Asbjørn Sunde og den mektigegeneralsekretæren Peder Furubotn, som med sin sjølvrådige leiarstil ikkje kjem spesielt godt ut av framstillinga.

Mot dette bakteppet er det imponerande at Saborg kunne utretta så mykje som dei faktisk gjorde. Rundt ein kjerne av gamle spaniakjemparar og partiveteranar vart organisasjonen fylt opp av ungdom, som kompenserte for manglande trening, utstyr og erfaring med mot, kampvilje og offervilje.

"Svakhetene var nødt til å være tallrike," slår forfattarane fast, og svært mange måtte til slutt betala ein høg pris. Med boka «Sabotører i vest» er dei i alle fall ikkje gløymde.

Les mer om krigen på Aftenbladets samlesider om markeringene for 1940 og 1945

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Disse ferielandene kan du reise til uten karantene

  2. Vannskutere kjørte i Superspeed-bølgene nesten helt til Hirtshals

  3. Vogntog har kjørt seg fast ved Viking stadion

  4. – De to naustene til kong Salomo og Jørgen hattemaker

  5. Trafikkdirigering på E39 ved Hanaleite fra 14.30

  6. Haaland og tysk fotball har fått startdato

  1. Bokanmeldelse
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse