Gode folk i Brexit-land

BOK: I «Bruddet» får begge sider av Brexit-fronten eit menneskeleg ansikt. 

Gylne øyeblikk i Gliderdome når Take That har konsert.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Yohan Shanmugaratnam og Line Ørnes Søndergaard: Bruddet. Byen som ville ha Brexit. 336 sider. Forlaget Press.

Ingen by i Storbritannia hadde større fleirtal for Brexit enn Boston. I den fattige og forfalne hamnebyen i Lincolnshire, på austkysten av England, stemte heile 76 prosent for å gå ut av EU i folkerøystinga i 2016.

Tilfeldigvis var Klassekampen-journalisten Yohan Shanmugaratnam og fotografen Lene Ørnes Søndergaard på reportasjereise i Boston tre månader før britane gjekk til urnene. Dei kom på innsida av ulike miljø og møtte menneske som dei seinare har følgt. Det har resultert i fleire artiklar i Klassekampen, og nå i boka «Bruddet». Det er historia om Brexit sett nedanfrå, fortalt med varme, ærleg interesse og vilje til å forstå, meir enn å forkynna kva som var rett og gale. 

Gjestearbeidaren og den gamle fiskaren

Hovudpersonane i boka er Aleksandra, fabrikkarbeidar og tobarnsmor frå Litauen, og Albert, enkjemann og gammal fiskar. 

Saman med kjærasten Vitalij prøver Aleksandra å leva ut draumen om fridom og velstand i det grenselause Europa. Ho fryktar konsekvensane av Brexit, i ein by der dei mange arbeidsinnvandrarane er uglesett frå før. Albert har fått meir enn sin del av slag og skrammer i livet, både han og byen hans har sett betre dagar, men han er stolt av å vera engelsk og har ingenting imot å gi politikarane ein på trynet.

Med ope sinn og utan påtrengjande moralisering kjem forfattar og fotograf menneska tett inn på livet. Begge har sans for dei forteljande detaljane. Dei politiske analysane er der nok, men det er hendingar frå det konkrete dagleglivet som fortel historia. For Aleksandra er det lange skift og simpel trakassering, men også små gleder, som at sonen Dovydas får ein engelsk venn. For Albert er det møte med gamle kompisar, med politiske diskusjonar og minne frå eit hardt arbeidsliv, og hobbyen hans: grønsakdyrking på eit jordstykke utanfor byen.

Albert Horrey, enkjemann og fiskar, er ein av hovudpersonane i boka.

Inniblant dukkar også andre figurar opp: Forretningsmannen som har tent seg rik på arbeidskraftimport, Labour-politikaren som prøver å overtyda folk om at landet bør bli verande i EU, eller familien i Litauen, med sine forventningar om at Aleksandra skal ha suksess i utlandet.

Lokalsamfunn i forvitring

Slik lagar Shanmugaratnam og Søndergaard ikkje berre portrett av enkeltmenneske, men også av lokalsamfunn i forvitring. Den ein gong så blomstrande Boston er blitt ein delt by, der importen av billeg arbeidskraft har skapt eit kappløp mot botnen, og der innbyggjarane føler seg forsømde og spytta på. Avstanden mellom Boston og London er ikkje 100 miles, men 100 millionar miles, seier ein lokal lastebilsjåfør. Men avmakta rår. Den gamle og den nye arbeidarklassen ser skeivt til kvarandre, og mellommenn og spekulantar haustar fruktene av den frie flyten.

I Litauen er det ikkje stort betre. Folketalet gått ned frå 3,7 til 2,7 millionar sidan EU-utvidinga. Dei unge og initiativrike har emigrert. Aleksandra lurer likevel på om det var så lurt. Medan mange av dei jamaldrande som blei verande har skaffa seg utdanning, sit ho att med «spesialkompetanse i salatpakking». Og slike jobbar er det ukrainarar og kviterussarar som gjer i dagens Litauen, til endå dårlegare betaling.

«Bruddet» er altså ikkje ei optimistisk bok. Den dystre tonen blir forsterka av Søndergaards foto, som skaper ei kjensle av evig skumring. Men boka viser oss i glimt også eit samhald som var, og som framleis kan finnast. Då sønene til Aleksandra går på dørene og samlar snop under Halloween, kjem dei til ei kvinne som trist forklarer at ho ikkje har meir godteri igjen. Aleksandra pressar gutane til å gå tilbake og dela litt av snopet sitt med kvinna, sidan dei har så mykje. Kvinna takkar dei med ein god klem. Seinare på kvelden oppdagar den eine sonen at han har mista mobiltelefonen sin. Dei ringer og ringer, og får til slutt svar. Det var kvinna som fekk snop som hadde funne han.

Slik er også Boston.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  2. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  3. Gammal nazist blir som ny

  4. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  5. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  6. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Brexit
  5. Litauen